Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_ebe123fbcfc5bc9f16a51bfef70029a0, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nye skjerm­råd: Barn under 2 år bør unngå skjerm heilt - NorwayToday

Nye skjerm­råd: Barn under 2 år bør unngå skjerm heilt

1 day ago 7


Vaksne bør vere bevisst eigen skjermbruk, og bruke lite skjerm når dei er saman med barn.

Det er eitt av dei nasjonale råda for skjermbruk som kom i dag.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Fire foreldre fekk dei nye råda presentert.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Råda for skjermbruk er utarbeidd på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Formålet er å vise korleis skjermbruk påverkar helsa, og fremme ein balansert bruk av digitale medium utanfor barnehage, skule, skulearbeid og jobb.

Nasjonale retningslinjer

Regjeringa har invitert NRK og eit knippe foreldre frå skular i Oslo, som tidligare har engasjert seg i skjermbruk.

– Dette er til rettleiing og inspirasjon, så må foreldra bestemme sjølv naturlegvis.

Det seier helseminister Jan Christian Vestre, medan han held opp dei nye råda.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre presenterte dei nye råda for skjermbruk for ei gruppe foreldre.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Det har ikkje tidlegare vore nokon nasjonale retningslinjer eller faglege råd knytt til skjermbruk.

I januar fekk Helsedirektoratet oppgåva med å utarbeidde dette, etter at Skjermbrukutvalget kom med ein rapport med anbefalingar for skjermbruk.

– Dette har vore eit veldig klart ønske frå norske foreldre. Mange er bekymra for at barna bruker for mykje tid på skjerm:

– Vi har vore opptatte av at råda skal vere så konkrete som mogleg, opplyser Vestre.

– Ein vanskeleg balansegang

Dei frammøtte foreldra er nøgd med at problematikken har blitt tatt på alvor av regjeringa.

– Eg set pris på at regjeringa er på denne problematikken:

– Skjermbruk har vore eit psykologisk og sosialt eksperiment som vi byrjar å sjå konsekvensane av, seier Sigrid Dehli Jensrud til NRK.

– Mykje leik og sosial kontakt har forsvunne. Det bekymrar meg.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Sigrid Dehli Jensrud er bekymra for dei negative effektane ved skjermbruk.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Fleire av foreldra saknar tydlegare og strengare retningslinjer.

– Det er ein vanskeleg balansegang med kor inngripande ein skal vere i folk sine liv, seier FAU-leiar ved Berg skole Per-Magnus Thompson.

– Eg trur råda treffer dei som allereie følger anbefalingane til ein viss grad. Eg trur ei strengare regulering ville gjort det lettare for foreldre.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

– Det er ein vanskeleg balansegang med kor inngripande ein skal vere i folk sine liv, seier Thompson.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Firebarnsfaren er ikkje aleine i ønsket om meir konkrete råd.

– Dette er veldig nyttige råd og god informasjon, som gir kunnskap også om foreldre sin skjermbruk.

– Samtidig saknar eg tydlegare føringar for når barn bør få smarttelefon, seier tobarnsfar Kjetil Bremer til NRK.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Kjetil Bremer synest dei nye retningslinjene gir god informasjon til føresette.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner at ansvaret for skjermbruk må balanserast.

– Vi må finne gode kombinasjonar mellom lov og regulering, og det ansvaret vi tar som foreldre og skular.

Ifølge Støre har tidlegare statlege anbefalingar ført til positive endringar.

– Vi får forslag om lov med aldersgrense på 15 år for sosiale medium. Mange skular har blitt mobilfrie etter råd, som skulane sjølv følger.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Statsministeren lytta til foreldra sine meiningar knytt til skjermbruk.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Vil ha vaksne førebilete

Statsministeren syner til at regjeringa jobbar for å få mobilen ut av skulen, at regjeringa har kome med forslag om aldersgrense på 15 år i sosiale medium, og at Helsedirektoratet har lagt fram nye råd for skjermbruk.

– Vi skrur til ganske kraftig, men dette har også med ytringsfridom å gjere, og å gripe inn i folk sine liv.

– Her handlar det om å få gode reguleringar og lover, samtidig som foreldre tar ansvar, seier Støre til NRK.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

– Eg meiner at vi skal vere ambisiøse på vegner av barna våre, seier Jonas Gahr Støre.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Statsministeren er oppteken av at vaksne må gå framfor som gode førebilete når det gjeld skjermbruk.

– Her må alle ta ansvar. Eg meiner at vi skal vere ambisiøse på vegner av barna våre.

Høge mål

Trebarnsmor Linnéa Jermstad trur råda vil vere vanskeleg å tilpasse familielivet.

– Det er klare og konkrete råd for dei yngste barna, men vagare for dei eldre barna.

– Det at vi skal klare å legge bort skjermen heilt med dei yngste barna, trur eg er veldig ambisiøst. Særleg i familiar med søsken og eldre barn.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Linnéa Jermstad er bekymra for at foreldre kan få dårleg samvit for å ikkje klare å etterleve råda.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Ifølge Jermstad er det lite realistisk å oppnå anbefalinga om å ikkje eksponere barn under 2 år for skjerm.

– Å ha minst mogleg skjermbruk rundt barn er det vi siktar etter. Men det må bli tilpassa eit normalt liv.

– Det er lett å få dårleg samvit når ein som foreldre veit om anbefalingane om ingen skjerm for dei minste. Dette er vanskeleg å etterleve.

Balansert forhold til skjermbruk

Helsedirektør Mariann Hornnes i Helsedirektoratet, opplyser at råda er laga på bakgrunn noverande forsking og kunnskap.

Dei har også sett på kva som har blitt gjort i Danmark og Sverige.

Støre og Vestre møter foreldre om skjermbruk

Mariann Hornnes opplyser om at god dialog og balanse i livet, er fokuset ved dei nye retningslinjene.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

God dialog er viktig for å skape eit balansert forhold mellom skjermbruk, søvn og fysisk aktivitet.

– Det viktige er at barn og unge får eit aktivt liv, og god sosial utvikling, seier helsedirektøren.

Publisert 05.06.2025, kl. 06.38

Read Entire Article