Den 95 år gamle skodespelaren hadde tilsynelatande vore død i lengre tid da han blei funnen, ifølge politiet i New Mexico.
Det same gjaldt kona hans Betsy Arakawa, som berre blei 63 år gammal.
Politiet har tidlegare sagt at det ikkje er mistanke om noko kriminelt. Åstaden var likevel merkeleg nok til at politiet reknar dødsfalla som mistenkelege, skriv The Guardian.
– Det er ingen umiddelbare teikn på noko kriminelt. Men vi har ikkje utelukka det ennå, sa Santa Fe-sheriff Adan Mendoza på eit pressetreff.
Politibetjentar på eigedommen til Hackman og Arakawa i Santa Fe, New Mexico.
Foto: Roberto E. Rosales / AP / NTBParet blei funne av to vaktmeistrar, som stundom utførte arbeid på eigedommen.
I nødsamtalen, som er publisert av BBC, seier ein av dei at han ser ein eller to døde personar inne i huset gjennom vindauget.
«Nei, dei bevegar seg ikkje. Berre send nokon ut hit med ein gong», insisterer han.
I samtalen seier vaktmeisteren at han ikkje kjem seg inn i huset. Men ifølge politiet fann dei inngangsdøra open.
Mumifiserte
Hackman blei funne i nærleiken av kjøkkenet, med solbriller og ein stokk på golvet. Ifølge politiet ser han ut til å ha falle.
Den 32 år yngre kona blei funnen på badet. På golvet ved sida av låg det ein berbar varmeomn. Politiet meiner han kan ha falle ned dersom Arakawa fall brått i bakken.
Samtidig blei ein av hundane deira funne død inni eit skap på badet.
Heimen til Hackman og kona er verd rundt ein million dollar, ifølge skatteregistra.
Foto: Roberto E. Rosales / AP / NTBTo andre hundar var framleis i live. Ein av dei blei funne inne i huset, den andre utanfor.
Ifølge ein politibetjent på staden viste kroppane til paret teikn på nedbryting og mumifisering på hender og føter.
Ukjent dødsårsak
Dødsårsakene er framleis ikkje kjente, men det er ingen mistanke om verken gasslekkasje eller karbonmonoksidforgifting.
Det var heller ingen teikn på ytre skadar.
– Det var ingen indikasjonar på kamp, sa sheriff Adan Mendoza.
Han stadfestar ikkje kor lenge dei kan ha lege døde. Vaktmeistrane skal ha hatt kontakt med paret to veker tidlegare.
– For oss var han berre pappa og bestefar
Hackman og Arakawa var gift i over 30 år. Dei møttest på 80-talet, og gifta seg i 1991.
Hackman spelte i over 100 filmar og TV-seriar, men pensjonerte seg i 2004. Han har i tillegg skrive flerre bøker og vunne to Oscar-prisar, to Bafta-prisar og fire Golden Globes.
Christopher Reeve og Gene Hackman på premieren til Superman i 1978.
Foto: REED SAXON / /Ap / NTBTre av Hackmans barn frå eit tidlegare ekteskap har bekrefta dødsfallet til BBC.
– Han var elska og beundra av millionar rundt om i verda for den strålande skodespelarkarrieren sin, men for oss var han alltid berre pappa og bestefar. Vi kjem til å sakne han sårt og er knuste av tapet.
Publisert 28.02.2025, kl. 09.20 Oppdatert 28.02.2025, kl. 09.29