Førre veke lava snøen ned i Midt-Noreg og oppover. Då blei politiet kontakta av folk som tipsa om rådyr og hjort som sleit med å ta seg fram i den djupe snøen.
– Det er viktig at folk held seg unna og ikkje stressar dyra, sa politiet.
No er det Sør-Noreg som badar i snø. Og hjortedyra kavar i det kvite gullet i vinter.
Forventar fleire drepne
Norsk institutt for naturforsking (Nina) er bekymra på vegner av elg, hjort og rådyr. Det er krevjande for dyra å bevege seg i jakta på mat.
Seniorforskar Erling Johan Solberg.
Foto: Norsk institutt for naturforskning / NINA– Kraftig snøfall gjer at elg og rådyr trekker ned frå høgda og ned i dalane. Det gjer dei for å finne mat, samtidig som det er mykje enklare å bevege seg på brøyta vegar og jernbanespor enn å bakse i djup snø, seier seniorforskar Erling Johan Solberg.
Instituttet forventar derfor fleire påkøyrslar no som skogen er full av snø.
Dei siste dagane har det snødd kraftig. Det vil minke noko utover kvelden tysdag, og nettopp det er ein farleg kombinasjon:
Lite snø i lufta, men mykje på bakken.
– Hjortevilt held seg helst i ro kraftig snøvêr, men når snøen har lagt seg, begynner dei å leite etter mat, seier Solberg.
Endrar åtferd
Vanlegvis skyr elg og rådyr menneske, men vanskelege forhold og svolt kan påverke åtferda deira.
– Maten er der, men det kostar meir å bevege seg for å finne han. Det gjer at dei blir mindre villige til å trekke unna folk og trafikk, seier Solberg.
No som vêret blir betre, vil fleire folk trekke ut i naturen igjen. Solberg ber turgåarar som møter hjortevilt om å halde avstand, for å ikkje stresse dyret. Då vil det bruke unødvendig mykje energi.
– Særleg rådyra slit. Når dei søkk ned til buken i snø blir dei i tillegg sårbare for laushundar, så det er best å halde bikkja i band. Elgen taklar det betre, men når snødjupna passerer 90 cm blir det vanskeleg også for den, seier forskaren.
Instituttet understrekar at det er forbode å mate dyra, på grunn av faren for å spreie skrantesjuke.
Publisert 07.01.2025, kl. 18.11 Oppdatert 07.01.2025, kl. 18.38