Kor mange gonger skal ein reinsa kloakken før den går ut i sjøen?
Ein gong til, ifølgje nye EU-krav som vil gjelda for rundt 500 tettstader i Noreg.
EU-krava skal etter planen gjelde frå sommaren 2027.
Kjernen i dei skjerpa krava er at grensa for store tettstadar som reinsa avløpsvatnet to gonger blir flytta.
I Noreg er det i dag berre i tettbygde strok med over 10.000 innbyggjarar at ein treng såkalla totrinnsreinsing.
EU set nå grensa ved 1000 personar.
Det får store konsekvensar for norske kommunar, og deretter bedriftene og innbyggarane sine lommebøker – i form av kraftig auka kommunale avgifter.
Nye EU-krav om avløpsreinsing i mindre tettstadar blir eit kostnadssluk for norske kommunar.
Foto: VeasGigantkostnad for 142 kommunar
Nå har Miljødirektoratet fått laga ein rapport som anslår kva investeringskostnadar dei nye EU-krava truleg vil krevja samla sett i Noreg:
Rundt 33 milliardar kroner.
Men beløpet er usikkert: anslaga varierer frå 18 milliardar til 64 milliardar kroner.
Ifølge rapporten må til saman 142 kommunar investera i oppgradering eller nybygging. Det handlar om rundt tusen reinseanlegg fordelt på om lag 500 tettstader.
Nye EU-krav om avløpsreinsing kan gi 22.000 kroner i auka årsgebyr i ein ikkje namngjeven Agder-kommune, ifølge ny rapport. (Illustrasjonsfoto frå reinseanlegget i Lillesand.)
Foto: Line Victoria Sverdrup / NRKDu får rekninga
Utgiftene må kommunane dekka inn ved å auka den kommunale avløpsavgifta.
Heile rekninga må altså sendast vidare til innbyggjarane.
I alle kystfylka frå Agder til Finnmark – bortsett frå Trøndelag – vil årsavgifta i gjennomsnitt auka med over 3000 kroner i dei berørte kommunane, anslår rapporten.
Enkelte stader kan avgifta for vatn og avløp bli opptil 22.000 kroner høgare enn i dag.
Dei verste døma – over 20.000 kroner – finst i Agder og Nordland.
Men også kommunar i Rogaland, Troms, Vestland, Finnmark og Buskerud kan måtta auka avgifta meir enn 10.000 kroner.
I sju fylke vil minst ti kommunar måtta auka avgifta på grunn av EU-direktivet, ifølge rapporten.
Verst er det på Vestlandet:
I Vestland fylke kan innbyggarane i 28 av 43 kommunar i gjennomsnitt få nesten 3800 kroner høgare avgift. I Møre og Romsdal kan auken bli nesten 3900 kroner i 19 av dei 36 kommunane.
– Knapt merkbart
Eitt eksempel er Øygarden kommune i Vestland. Kommunen må utvida frå eitt-trinns til to-trinns reinseanlegg i fleire små lokalsamfunn i øygruppa utanfor Bergen.
– Berre for Øygarden kommune vil det reviderte EU-direktivet krevja ei investering på 2 milliardar kroner som gir marginal nytteverdi, seier dagleg leiar Bjarne Ulvestad i Øyvar.
Det er Øygarden kommune sitt selskap for vatn, avløp og renovasjon.
Bjarne Ulvestad meiner ekstra reinsing i små tettstader kostar mykje og gir svært lite miljønytte. Her i eit av reinseanlegga i Øygarden.
Foto: Rune Sætre / Øygarden kommune– Kvifor lite nytte?
– Fordi havet i dag fint klarer å ta i mot avløpet som nå vil få skjerpa reinsekrav. Mindre enn éin prosent av totalutsleppet i Øygarden kjem frå avløp i spreidd busetnad. Det er knapt merkbart i eit så stort havsystem.
Publisert 08.07.2025, kl. 12.34