Norske hushaldningar kan få eit massivt gebyrsjokk.
Bakgrunnen er det reviderte avløpsdirektivet frå EU, som krev at nesten alle norske kommunar må oppgradere reinseanlegga sine for milliardbeløp.
I mars drog regjeringa til Brussel for å be om «snillare reglar» slik at kommunane slepp billegare unna.
No viser ein analyse frå Oslo Economics og NIVA at dei europeiske krava i liten grad treff norske behov.
Minimal nytte for friske fjordar
Forskarane har målt risikoen for overgjødsling og oksygensvikt i ein ny modell laga på oppdrag frå KS. Konklusjonen er klar:
- Marginal effekt: I mange norske vassførekomstar er tilstanden allereie god. Her vil meir reinsing ha nesten null effekt på miljøet.
- Strenge nok frå før: Noreg har allereie svært strenge krav til fjerning av fosfor. EU-krava tek ikkje høgd for arbeidet norske anlegg allereie gjer.
- Geografiske blindsoner: Modellar utvikla for grunne elvar på kontinentet fungerer dårleg for djupe fjordar med stor vassutskifting.
Sjå kvifor rapporten meiner at EU bommar på norske forhold under:
Frida Skauvik Aune
Gamle data frå Spania
Prislappen EU støttar seg på, stammar frå éi enkelt undersøking i Valencia med tal heilt tilbake frå 2004. Det er eit tynt og utdatert grunnlag for å vurdere nytten i norske kommunar i dag. Å bruke tjue år gamle tal frå ein heilt annan del av Europa for å tvinge fram milliardfest i norske kommunar, gir lite meining for norske skattebetalarar.
Snorre Tønset / NRK
Norsk natur er unik
Noreg har ein lang kyst med dype fjordar og kaldt klima. Store vassmengder i havet spreier og fortynnar utsleppa naturleg. I Spania renn vatnet ofte ut i sårbare våtmarker, men i Noreg endar det i Atlanterhavet. Miljøgevinsten ved ekstremreinsing her er minimal, og kaldt vêr gjer i tillegg at den biologiske rensinga blir både dyrare og dårlegare.
Veas
Gløymer kva vatnet blir brukt til
EU ser seg blind på tonn med utslepp i staden for å sjekke om vatnet faktisk blir brukt til bading, fiske eller friluftsliv. Kva verdi reinsinga har for folk flest, kjem heilt an på korleis lokalmiljøet brukar vatnet. Eit reknestykke som berre ser på kjemikaliar og ikkje på menneska og velferda deira, gir eit skeivt bilete av den faktiske nytten.
Hias
Noreg er allereie i mål
Vi har allereie brukt store summar på strenge krav, særleg for fjerning av fosfor. Mange norske vassdrag er i god stand, og risikoen for overgjødsling er låg. Då gir det nesten ingen ekstra gevinst å pøse inn nye milliardar. EU si metode gir lik poengpott for kvart kilo fjerna dritt, uansett om fjorden er krystallklar eller allereie heilt døyande.
Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, meiner rapporten er eit viktig verktøy i dialogen med staten.
– Rapporten dokumenterer at det ikkje finst éi løysing som passar overalt, seier ho.
– Det er ingen løyndom at reinsekravet kan koste 30–50 milliardar kroner. Spreier du det over ein tiårsperiode, så vil det vere i størrelse 3–5 milliardar kroner, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKGebyrbombe på kysten
Når eit nytt reinseanlegg til hundrevis av millionar kroner skal byggast, finst det inga statleg støtte. Rekninga blir delt på alle som er kopla til nettet.
I Fredrikstad i Østfold bygges et helt nytt renseanlegg, FARA (Fredrikstad Avløpsrenseanlegg) på 13.000 kvadratmeter.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKByggingen startet i 2023 og skal etter planen være ferdig i 2026.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKOver 100 personer jobber på den enorme byggeplassen.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKAnlegget bygges for å kunne gi rent vann til 150.000 innbyggere.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKDirektør Johnny Sundby viser stolt fram anlegget.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKProsjektet koster 2,3 milliarder kroner, og det er innbyggerne som skal betale.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRKAnlegget skal rense ut fosfor og partikler og fjerne overflødig nitrogen fra avløpsvannet.
Foto: Frode Fjerdingstad / NRK
I Øygarden kommune er tala dramatiske. Utan justeringar i reglane må innbyggjarane førebu seg på at avløpsgebyret aukar frå 7400 kroner til 14.000 kroner i året.
– Direktivet og kampen for eit reinare hav er bra, men eg er bekymra for kostnadene, seier Øygarden-ordførar Tom Georg Indrevik (H).
Han leier ein delegasjon lokalpolitikarar som kjempar for meir handlingsrom i EØS-regelverket.
– Delar av Noreg treng meir reinsing, mens andre ikkje gjer det. Det viktigaste er kva vi kan gjere med våre egne nasjonale reglar for å sikre handlingsrom innanfor dette direktivet, åtvarar ordføraren.
William Jobling / NRK
Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS
Rapporten viser at éi løysing ikkje passar overalt. Sidan norske forhold skiller seg frå dei europeiske, treng vi kunnskap tilpassa våre vannførekomstar. For å nå miljømåla effektivt må tiltaka vere treffsikre; når nye krav skal bli til konkrete investeringar lokalt, er det avgjerande å vite kvar innsatsen faktisk gir størst miljøeffekt.
Javad Parsa / NTB
Trygve Slagsvold Vedum, Sp-leiar
Det er uhaldbart når mange innbyggarar kan få ei gigantrekning gjennom auka avløpsgebyr. Derfor er det viktig at eit fleirtal på Stortinget går inn for at regjeringa må greie ut kostnadene av dette EU-direktivet. Senterpartiet vil sette makt bak krava overfor EU om å stoppe denne milliardrekninga som regjeringa heilt unødvendig vil sende til folk langs kysten.
William Jobling / NRK
Marius Dalin, stortingsrepresentant for MDG
Betre kloakkreinsing vil koste pengar, men det må til for å bevare natur og fiskeressursar. Det trur eg alle interesserte i. samtidig er det viktig å tilpasse dette til ilpasning til norske forhold og vi bør ha grundigare kostnads- og CO₂-analysar.
Tom Balgaard / NRK
Helge André Njåstad, stortingsrepresentant for Frp
Noreg har éin gong før brukt vetoretten sin overfor EU. No har vi ein ny situasjon der vi av omsynet til hushalda sine utgifter, kunne tenkt oss meir EU-tilpassing. Kvifor er det viktigare med staten sine utgifter enn hushalda?
Sju casar – sju ulike verkelegheiter
Forskarane bak studien har analysert sju spesifikke døme for å dokumentere forskjellane:
- Case 1–3: Bergsvågen, Nordfjordeid og Sørfjorden (indre del). Kystnære område der lokale forhold og tersklar i fjorden avgjer kor sårbart økosystemet er.
- Case 4–5: Trondheimsfjorden (Levanger) og Bømlafjorden. Her er vassutskiftinga massiv. Rapporten viser at nytten av strengare krav her vil vere svært avgrensa.
- Case 6–7: Mjøsa og Krøderen. Som store innsjøar er desse sårbare på ein annan måte enn saltvatn. Her er kontroll på næringssalt kritisk, men rapporten peikar på at dagens tiltak allereie sikrar ein god miljøtilstand.
– Om ikkje Noreg gjer justeringar i det nasjonale regelverket, kan dette bli veldig kostbart, seier Tom Georg Indrevik.
Foto: Nina Kausland / NRKPublisert 06.05.2026, kl. 16.00










English (US)