Ny måling: Venstresida held på leiinga

5 hours ago 6


Men det er mange parti på raudgrøn side som vil ha eit ord med i laget dersom venstresida skal forme politikken etter stortingsvalet. Dei fleste målingar tyder no på at det kan bli krevjande å stable saman politiske fleirtal etter valet i haust.

Om dagens måling blir valresultatet, må statsminister Støre diskutere med Raudt for å få fleirtal for sakene i Stortinget. I tillegg til Sp og SV då.

Meningsmåling mai 2025 Hvordan ville Norge stemt?

Vis i tillegg

Forrige måling Valget i 2021 Feilmargin

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

28,4 %

+0,5

20,3 %

−0,7

19,1 %

+0,2

7,1 %

+0,8

5,5 %

+1,8

5,3 %

−1,9

4,0 %

+0,2

3,1 %

−0,3

2,3 %

−0,8

Partimåling fra Norstat for mai 2025 med 996 spurte. Viser endring fra meningsmåling i april.

– Inga dørmatte

– Alle veljarar som trengst for å skape fleirtal på Stortinget må jo få noko igjen for det. Slik fungerer demokratiet, seier Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen når ho treff NRK på Arbeidarpartiets heimebane Youngstorget i Oslo. Ho er gjest på LO-kongressen.

Rødt-leder Marie Sneve Martinussen intervjues utenfor Folkets hus, Oslo. Har LO-nøkkelbånd rundt halsen.

ALLE SKAL MED: Marie Sneve Martinussen er inga dørmatte.

Foto: Henriette E Fjeld Hoel / NRK

På ei måling der dei store partia ligg ganske stabilt, er det størst rørsler internt på venstresida. Raudt går tydeleg fram igjen til 5,5 prosent etter å ha falle på NRKs målingar i vinter. Senterpartiet svekker seg og skårar lågare enn både SV og Raudt på denne målinga.

I dagens måling ville Raudt vore det avgjerande partiet som må til for å sikre fleirtal for politikk på venstresida.

Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?

Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden

Venstresiden

Portrettbilde av Jonas Gahr Støre

Antall politikere: 88

Ned 12 politikere sammenlignet med valget 2021

Høyresiden

Portrettbilde av Erna Solberg

Antall politikere: 81

Opp 13 politikere sammenlignet med valget 2021

Viser politikere på Stortinget ifølge maimålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har hatt støtte fra 100 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG siden valget 2021. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg.

Martinussen seier Raudts saker, dersom dei får ei hand på rattet, vil vere kontroll over krafta, få ned forskjellane, meir tryggleik i arbeidslivet og styrke folkestyret.

– Raudt kjem ikkje til å vere ei dørmatte. Viss ein ikkje kjem utanom Raudt for å få fleirtal, må ein gje gjennomslag til dei veljarane som har stemt på oss, seier Raudt-leiaren.

Lite synleg

I åtte av NRKs målingar på rad har Miljøpartiet Dei Grøne vore under sperregrensa på 4 prosent, oppslutninga som utløyser fleire stortingsplassar.

Men det er så jamt at partiet likevel kan få ein avgjerande posisjon. Viss dei har flaks med resten av stortingssamansetninga. I NRKs aprilmåling sat MDG med nøkkelposisjonen som gav raudgrøn side fleirtal - dersom dei skrapa saman alle dei fem partia.

Partiet, som skal lande sitt stortingsprogram på landsmøte komande helg, slit tydelegvis med å få det store gjennomslaget i folket for tida.

MDG-leder Arild Hermstad i hvit skjorte

FIRE: MDG-leiar Arild Hermstad siktar på 4 prosent i stortingsvalet.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Kor mykje har det å seie at det no er tryggingspolitikk og ikkje klima som er i fokus?

– Eg er bekymra for at ein set tryggingspolitikk opp mot klimapolitikk. Då står ein i fare for å forsterke ei krise for å løyse ei anna. Det meiner vi er uaktuelt, men MDG står fast på at vi skal ha god beredskap for Noreg. Vi skal ta vare på landet, både når det gjeld tryggingspolitikken, klimaet og naturen, seier MDG-leiar Arild Hermstad som slår fast at meir enn 4 prosent oppslutning er målet.

– Så tek vi ein diskusjon etter valet om korleis vi skaffar oss makt, seier han.

Minst fire parti

Partia på høgresida har 81 representantar ifølgje denne målinga. Så få representantar har dei berre hatt i NRKs målingar eit par gonger i denne stortingsperioden. Det trengst 85 for å få fleirtal.

Høgre har vore under 20 prosent på alle NRKs målingar i 2025. Frp har svekka seg meir enn 7 prosentpoeng sidan desember.

Jonas Stein

JAMT: Statsvitar Jonas Stein, UiT.

Foto: Jakob Bjørvig Henriksen

Men valet vil handle om marginar.

Og fire parti er det som skal til, påpeikar Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT, Noregs arktiske universitet.

– Målinga viser jo at det framleis er veldig jamt mellom blokkene, sjølv om den vesle tendensen med at den raude blokka styrker seg ser ut til å halde fram. Det vil uansett mest sannsynleg krevje fire parti for å danne fleirtal etter valet både på raud og blå side, seier Stein.

Lite å flagge for hos KrF

– Målinga viser også at kven som kjem over og under sperregrensa på 4 prosent kan avgjere valet. Her er MDG og KrF under og Venstre klarar det så vidt. Dersom KrF hadde klart sperregrensa ville det fort ha vore borgarleg fleirtal på denne målinga, seier Stein.

Men trass mediemerksemd med landsmøte i slutten av april er det ingen KrF-boost. Snarare det motsette.

Demonstranter med regnbueflagg utenfor KrF landsmøte

FLAGGPROTEST: KrF fekk besøk av demonstrantar på landsmøtehotellet på Flesland.

Foto: Nina Kausland / NRK

Av saker på KrF-landsmøtet var det vedtaket om å forby Pride-flagging på skular som fekk mest nasjonal merksemd.

Veljarane viser ikkje begeistring for KrF i målinga som vart teke opp i veka rett etter landsmøtet. KrF får tilbakegang og 2,3 prosent oppslutnad, og berre éin stortingsplass etter Norstats berekningar. Kristenkonkurrenten Konservativt er det denne månaden klart størst av partia utanfor Stortinget med 1,5 prosent oppslutnad.

Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere

Antall politikere per partiPartiAntall politikereEndringVenstresiden: 88Høyresiden: 81
102
12-1
546
10-18
2-1
1-2
7-1
33-3
4019

Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling mai 2025. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2021.

Publisert 06.05.2025, kl. 16.59

Read Entire Article