Ny kraftlinje opnar i dag – fryktar at straumprisen i Midt-Noreg skyt i vêret

5 days ago 3


Mange nordmenn er opptekne av straumprisen, ikkje minst når det går mot haust og vinter. Dei siste åra har det vore store prisforskjellar mellom dei ulike landsdelane.

Torsdag klokka 15 opnar den nye «motorvegen» i straummarknaden, som knyter straumkundar i Midt-Noreg til Sør-Noreg.

Då må truleg også vestlendingar og trønderar betale meir.

– Det er heilt horribelt, straumen skal bli billigare når vi lagar nye linjer, dei må no ikkje lage det dyrare for folk, seier Leif Hurlen i Ålesund.

Han får støtte av kompisen, Dagfinn Røvik.

et par menn som sitter på en benk

Dagfinn Røvik og Leif Hurlen i Ålesund er ikkje glad for at straumprisen no stig.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Eg synest ikkje noko som blir dyrare er positivt, og eg synest også at vi som er pensjonistar burde få ein rabatt, slik som vi gjer på bussar og fly.

Opnar ny «motorveg» i straummarknaden

Straumanalytikar Katinka Bogaard i selskapet Volt Power Analytics i Arendal stadfestar at straumen truleg blir dyrare i prisområdet NO3. Området dekkjer Møre og Romsdal og deler av Vestland og Trøndelag.

– Ein vil jo få ei tettare tilknyting til Sør-Noreg, der prisane er markant høgare enn dei er i NO3 i dag, så det vil føre til periodevis høgre prisar, kanskje spesielt på vinteren, seier ho.

– Forstår du at folk gjerne vil ha billig straum?

– Absolutt. Det slår direkte inn på lommebøkene til private hushaldningar og industrien, så det er heilt klart noko ein forstår, seier ho.

Tor Reier Lilleholt

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue.

Foto: Leif Dalen / NRK

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue trur straumprisen i NO3 kan auke med rundt 20 øre for kilowattimen og meiner den nye noregsprisen kan bli eit godt alternativ for å halde kontroll med straumrekninga.

– Dersom prisen skulle begynt å stige over 40–50 øre, ville eg vurdert å teikna noregspris også i Midt-Noreg, seier han.

Det norske kraftnettet

Det er fem ulike prisområde på straumen. NO3 dekkjer Møre og Romsdal og deler av Trøndelag og Vestland. Ekspertane trur prisen no aukar også i NO3.

Grafikk: Oljedirektoratet

Ei ønskt utvikling hos Statnett

Straumkundane i Noreg er delt inn i fem område, og mellom desse kan det vere store prisforskjellar.

Statnett har ansvaret for det norske kraftsystemet og har lenge ønskt å dempe desse forskjellane.

– Vi har mange prosjekt for at dette skal bli utjamna, det er mange flaskehalsar vi jobbar med. Dei kjem på plass, ein etter ein, og då skal det bli betre kapasitet overalt, seier prosjektleiar Karianne Prytz.

Stor pågang på sentralbordet

Mange straumkundar er spente på kva opninga av den nye straumkabalen får å seie. Straumøkonom Elin Hessen hos kraftselskapet Wattn seier dei har hatt stor pågang på sentralbordet dei siste dagane.

– Straumutgiftene er ein del av kvardagsøkonomien til folk, så klart at ein er opptatt av kor stort innhogg dette har på lommeboka, det er naturleg, seier Hessen.

Elin Hessen, leder for bærekraft og strømøkonom i Wattn

Straumøkonom Elin Hessen i Wattn seier dei har hatt stor pågang av folk som lurer på korleis straumprisane no vil bli.

Foto: Wattn

– Har hatt meir enn tredobbelt

På gata i Ålesund er venninnene Gunhild Hagerup og Anne Sølvi Fjørtoft på bytur. Hagerup bur på Sunnmøre, Fjørtoft i Oslo. Dei har ofte svært ulike straumpris.

– Eg bor jo her, så når eg diskuterte med henne, har eg ikkje sett problemet. Men vi samanlikna faktisk straumprisane for eit par dagar sidan, og då har jo ho hatt meir enn tredobbelt av det vi har hatt, seier Gunhild Hagerup.

No trur ho at engasjementet hennar kan bli like stort som Anne Sølvi Fjørtoft, som bur på Austlandet.

– Ho er mykje meir aktiv i straumsparing, men kanskje det endrar seg dersom straumprisen blir høgare, seier ho.

en mann og kvinne som poserer for et bilde foran bygninger

Gunhild Hagerup og Anne Sølvi Fjørtoft bur på kvar sin kant av landet. Dei har dei merka på straumrekninga.

Foto: Emilie Mannsåker / NRK

Publisert 02.10.2025, kl. 12.05 Oppdatert 02.10.2025, kl. 12.54

Read Entire Article