Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_b1dd65db1758b3c128102016d0e01b8e, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Ny forsking: – Brød er betre enn ryktet sitt - NorwayToday

Ny forsking: – Brød er betre enn ryktet sitt

3 hours ago 4


– Det er jo mange som unngår brød når dei skal gå ned i vekt. Men vi har funne at brød har eit ufortent dårleg rykte.

Konklusjonen kjem frå Ingrid Revheim og dei andre forskarane ved Senter for ernæring på Universitetet i Bergen.

Gjennom HUSK-studien har dei følgt kosthaldet til fleire tusen nordmenn sidan slutten av 90-talet.

Mellom det som er kartlagt er samanhengen mellom brød-eting og vekt.

– I studia fann vi at dei som åt grovbrød, uavhengig av mengde, ikkje gjekk opp i vekt av den grunn, seier stipendiat Revheim.

en person som smiler i et rom

Ingrid Revheim har undersøkt om brødspisarar går opp i vekt.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Brød med godt samvit

På bakeriet til Søtt+Salt i Bergen har dei lenge vore trygge på at brøda deira er sunne.

– Det er like bra som å gå på treningssenter dette. Desse brøda bygger magemusklar, seier bakar Andrei Petrovic med eit glimt i auget.

Han knar ut eit parti fullkornsbrød som skal til heving. Men det er ikkje alle brød som er like sunne.

Kort sagt; jo grovare, jo betre!

et par menn som lager smultringer

Andrei Petrovic og dei andre bakarane har nok å gjere før brøda skal til heving.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Det ser ut som om ein bør halde seg unna loffen om ein vil halde vekta, seier Ingrid Revheim.

– Me fann ein samanheng mellom det å ete mykje kvitt brød, og vektauke.

Ho seier konklusjonen må bli at ein ikkje treng å unngå karbohydrater for å passe vekta. Men det er viktig kva mat med karbohydrater som ein et.

– Loff-etarar ikkje tjukkare

I bakeriutsalet i Bergen går dei nybakte brøda unna, uansett om det er kveite-, rug eller surdeigsbrød.

Bakerimedarbeidar Emilie Sørensen forklarer skilnaden på innhaldet i dei ulike brøda. Ho seier kundane er særs opptekne av kor grove brøda er.

Dei grovaste brøda, rugbrøda, er og mellom dei mest populære.

– Men er dei som kjøper loff tjukkare enn andre kundar?

– Nei, det trur eg ikkje. Det har eg ikkje lagt merke til, seier Sørensen.

Ho er trygg på at ho kan marknadsføre alle brøda ho sel som sunne.

en person som står foran en hylle med brød

Emilie Sørensen seier at kundane på Søtt+Salt er opptekne av kor grove brøda er.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Butikkbrød like bra

I studien til UiB er over 1700 personar følgt over mange år.

Dei rapporterer sjølv inn eigne matvanar. I tillegg føl forskarane med gjennom måling, veging og blodprøver.

Dei ser at kva brød ein vel kan påverke vekta. Men dei ser ikkje store skilnader mellom kvar brødet kjem frå når det gjeld om ein legg på seg eller ikkje.

Det eksisterer ei forestilling om at ein går opp i vekt av å spise brød, og at grovbrød kjøpt i butikken er usunt, Denne artikkelen er med på å knuse den myten, konkluderer Revheim.

Studia er den første som ser på korleis brød fører til vektauke over ein så lang tidsperiode.

Publisert 10.09.2025, kl. 05.22

Read Entire Article