Ei glatt celle med berre ei plastmadrass og eit hol i golvet til toalett. Slik ser tryggingscella ved Ungdomseining vest ved Bjørgvin fengsel i Bergen ut.
Mindreårige kan berre plasserast her om det er «tvingande naudsynt», og terskelen skal vera høgare enn for vaksne.
Mellom 1. januar 2024 til 1. april 2025 var tryggingscella i bruk ni gonger, og det er desse Sivilombodet no har undersøkt.
Rapporten peikar på moglege alvorlege brot på menneskerettane, og framhevar behovet for strengare kontroll.
Tryggingscella ved ungdomseininga til Bjørgvin fengsel. Her måtte ein ungdom opphalda seg heile natta, naken og utan pledd.
Foto: SivilombodetFleire sat på tryggingscelle i over 15 timar
– Det er ikkje nokon tvil om at me meiner at me har sett behandling av mindreårige som er klart utanfor måten ein bør behandla mindreårige på, seier sivilombod Hanne Harlem til NRK.
Dette er blant funna i rapporten:
- Tre gonger varte opphaldet på tryggingscelle i 15 til 18,5 timar.
- Ein ungdom var på tryggingscella i over 15 timar utan at det blei protokollført at vedkomande fekk tilbod om mat eller drikke.
- Ein ungdom bad om vatn, men fekk nei.
- Ein ungdom blei fråteken alle klede, madrassen og pleddet/ponchoen, og sat heilt naken på tryggingscella i 14 timar gjennom natta. Ungdomen sov direkte på betonggolvet.
- Sjølve utforminga av tryggingscella er svært belastande, med minimale fasilitetar. Dette aukar risikoen for psykisk skade, spesielt hos traumatiserte ungdomar.
- Manglande bruk av tolk.
- Fleirtalet av vedtaka om å plassera ungdomar på tryggingscella, vurderte ikkje om plasseringa var «tvingande naudsynt». Det betyr at fengselet praktiserte ein lågare terskel for bruk av slik celle enn det lova tillèt.
– Barn er meir sårbare. Og det er også grunnen til at vilkåra for bruk av tryggingscelle er mykje strengare enn for vaksne. Fordi det fort kan vera skadeleg for barnet, seier Harlem.
– Alle rapportar frå Sivilombodet er viktige for oss, og blir tekne svært alvorlege. Me vil undersøka det som kjem fram nøye, seier regiondirektør Ketil Schreiner Evjen i Kriminalomsorgen Region Vest.
Trass i at tryggingscella er relativt stor og lys, er ho i seg sjølv belastande, skriv Sivilombodet i rapporten.
Foto: SivilombodetFrykta for livet til den innsette
Sivilombodet meiner episoden med ungdomen som sat naken på tryggingscella i 14 timar, er spesielt urovekkande.
Evjen i Kriminalomsorgen forsvarer tiltaket med at det var ein risiko for at den innsette skulle ta sitt eige liv.
– Situasjonen var svært krevjande på grunn av den psykiske helsa til den innsette. Ungdomseining Vest meinte at fengselet ikkje hadde naudsynt kompetanse til å ivareta vedkomande. Difor blei politiet kontakta og informert om situasjonen. Både politiet og fengselet bad om tvungen innlegging i psykiatrien, men dette blei avslått av Bergen legevakt.
– Må rettast opp i fortast mogleg
Sivilombodet har gitt ein del konkrete tilrådingar til fengselet på bakgrunn av det dei har funne.
– Eg synest det er all grunn til at denne eininga går gjennom korleis praksisen deira er, og rettar opp dette fortast mogleg, meiner sivilombod Hanne Harlem.
Sivilombod Hanne Harlem meiner fengselet bør ta grep fortast mogleg.
Foto: Heiko Junge / Heiko Junge /Blant punkta Sivilombodet ber fengselet retta:
- Fengselet må sikra at bruk av tryggingscelle berre skjer når det er tvingande naudsynt.
- I alle vurderingar skal barnets beste vera eit grunnleggande omsyn, og dei innsette skal ha høve til å uttrykka meininga si.
- Tilstrekkeleg tilgang til mat og vatn må sikrast, og helsepersonell bør involverast med det same.
Fengselet og den kommunale helseavdelinga i fengselet må koma med tilbakemelding om oppfølginga av funna og tilrådingane i rapporten innan 22. januar.
Publisert 22.10.2025, kl. 14.21 Oppdatert 22.10.2025, kl. 14.25