Ny brann i Lærdal: Fortidsminneforeningen kritiserer regjeringas kutt i brannsikring av verna bygg

9 hours ago 3


Ingen i Lærdal – eller hos Riksantikvaren – gløymer 18. januar 2014. Eit flammeinferno i kraftig vind i bygdebyen i Indre Sogn.

Ingen menneskeliv gjekk tapt, men 42 bygningar vart totalskadde. Fire av dei låg i det verna trehusområdet Gamle Lærdalsøyri.

Det var den største brannen på ein tettstad sidan andre verdskrig, og den største i fredstid sidan 1923.

Brann i Lærdal

For elleve år sidan vart 42 bygningar totalskadde i storbrannen, inkludert fire i det verna trehusområdet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Kaldt nedover ryggen

I dag tidleg brann det nok ein gong i det verneverdige området.

– Det gjekk kaldt nedover ryggen min, for eg hugsar kor nær vi var full katastrofe i 2014.

Det seier generalsekretær Ola Fjeldheim i Fortidsminneforeningen.

To 250 år gamle bygningar brann ned denne gongen.

– Dette kunne fort ha gått veldig mykje verre, men dei hadde sløkkings- og sikringsutstyret på plass. Det har nok bidratt til at dei klarte å avgrense brannen til dei to husa.

Brann i trehus på Lærdalsøyri 7. juni 2025

Brannvesenet klarte å avgrense dagens brann i Lærdal, slik at «berre» to verna hus gjekk tapt.

Foto: Jakup Zielinski

– Regjeringa halverer støtta «medan det ryk i Lærdal»

Likevel har regjeringa i revidert nasjonalbudsjett nyleg føreslått å halvere støtteordninga til brannsikring av verdifulle, tettbygde trehusmiljø.

– Regjeringa føreslår nå å kutte støtta frå ti til fem millionar kroner årleg. Det er veldig kritisk, seier Fjeldheim.

Kva det endar med når Ap-regjeringa nå forhandlar med SV og Sp for å få fleirtal for budsjettet i Stortinget, er ikkje avgjort.

– Dei sit og forhandlar nærast mens det framleis ryk i Lærdal. Det viser noko om alvoret i situasjonen. Det er viktig at dette blir reversert, at dei pengane kjem tilbake, for dei trengst sårt, meiner Fjeldheim.

– Vi ser jo at tiltaka verkar. Viss pengane forsvinn, risikerer vi at brannane som dukkar opp av og til, kan bli veldig mykje meir alvorlege. Med risiko for tap av menneskeliv og risiko for tap av større trehusområde.

Etter brannen i Lærdal

Store område låg i ruinar etter storbrannen på Lærdalsøyri vinteren 2014.

Foto: Jan Christian Jerving

– Sikringstiltaka har redda viktige trehusmiljø

Sikringstiltaka på Lærdalsøyri kom som ei satsing etter 2014-brannen. Sidan den gongen har Riksantikvaren fått ti millionar kroner årleg til brannsikringstiltak i verneverdige trehusmiljø rundt om i landet.

Det handlar om kameraovervaking, sløkkeutstyr og varslingsutstyr.

– Vi veit at tiltaka har vore utslagsgivande for at det ikkje har blitt mykje større omfang på ein del av desse brannane vi har hatt dei siste åra. Det har i alle fall redda viktige trehusmiljø, også sannsynlegvis menneskeliv, seier Fjeldheim.

Men han seier det veldig mange stader framleis trengst meir.

Behova er store. Det ser vi etter brannane i blant anna Risør, Hamar, Bergen og Kragerø dei siste åra. Pengestøtta til tiltak har hatt effekt, blant anna i Risør og nå i Lærdal.

Ministeren: – Kuttet får ingen konsekvensar for brannsikring

NRK har bede klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) kommentere kritikken frå Fortidsminneforeningen. Vi har spurd han kvifor regjeringa har føreslått eit kutt på dette området, og om regjeringa vil gå tilbake på dette kuttforslaget?

Han svarer skriftleg, men ikkje direkte på spørsmåla:

Brannen i Lærdals verdifulle trehusmiljø er djupt trist, og ei klar påminning om at brannsikring er viktig.

Eriksen skriv at den førre brannen i Lærdal i 2014 var ein vekkar for mange.

– Etter denne har arbeidet med brannsikring i tette trehusmiljø auka. Dette vil regjeringa fortsette å prioritere.

Andreas Bjelland Eriksen

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen seier budsjettkuttet ikkje rammar brannsikring i trehusmiljø.

Foto: NRK

Når de gjeld kuttet regjeringa føreslår i sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett, skriv ministeren:

Brannsikringsmidla for 2025 er allereie fordelt ut til fylkeskommunane, som igjen fordeler vidare til dei som har søkt, inkludert Lærdal. Eit kutt på posten i revidert nasjonalbudsjett får derfor ingen konsekvensar for brannsikring av tette trehusmiljø i Noreg.

Han legg til at budsjettposten som det nå er foreslått eit kutt på, blir brukt til fleire ting enn brannsikring av tette trehusmiljø, inkludert mellomalderbygningar.

Norsk dokumentar. Mot kraftig vind og eit flammehav som truga med å sluke heile sentrum, kjempa bygdefolk og brannvesen med livet som innsats for å berge bygda si. Natta til 19. januar herja ein av dei mest øydeleggjande brannane i norsk etterkrigstid Lærdalsøyri i Sogn.

Publisert 07.06.2025, kl. 21.57 Oppdatert 07.06.2025, kl. 22.12

Read Entire Article