– Når ho såg meg på krykker, løfta ho den eine poten og gjekk på tre bein. Eg veit ikkje om ho mobbar meg, eller kva det var.
Markus Rooth ligg på ryggen på stuegolvet, når hunden Nala kjem inn i rommet. Begge har bandasje på det eine beinet.
SKADERAMMA: Felles skjebne og felles trøyst for Markus Rooth og Nala.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– Vi er saman i krigen, fastslår Rooth.
Den olympiske tikampmeisteren har akkurat gjort unna to gonger 20 repetisjonar av den øvinga han gjer mest av akkurat nå: Å rulle ein gymball sakte fram og tilbake med det bandasjerte beinet.
– Frå eigentleg å skulle dra til Tokyo om ti dagar til å ligge her og rulle med foten på ein ball, liksom, seier han, og lèt det henge i lufta.
Operert etter stavulykke
For sånn er altså tilværet. Måndag førre veke hasteinnkalla 23-åringen til pressekonferanse.
Der fortalde han at det hadde gått gale under stavsprangtrening dagen i førevegen.
Han landa utanfor matta, og skadde både venstre kne og høgre skulder.
Førre torsdag blei knea operert. Det markerte også starten på vegen tilbake. Den blir lang og mødesam.
Allereie innser Rooth at han neppe blir å sjå i europameisterskapen i Birmingham neste sommar.
– Eg rekk ikkje å gå ein mangekamp på våren før EM, fastslår han overfor NRK.
IKKJE SOM PLANLAGT: I staden for å finjustere døgnrytmen før avreise til VM i Tokyo, humpar Markus Rooth rundt på krykker.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– Kvardagen øydelagt
Det må han i utgangspunktet for å vere kvalifisert for EM, ettersom 2025 enda med å bli eit konkurransefritt år. Tikampen som gav OL-gull i Paris i fjor, er ikkje innanfor kvalifiseringsperioden.
– Dei einaste moglegheita for å vere med i EM, ser eg kanskje på som eit «wild card» per nå, seier han.
Franske Kevin Mayer fekk ein friplass som den Rooth nemner i EM i Roma i fjor. Det held eit visst liv i EM-håpet.
Å eventuelt miste ein ny meisterskap, er i seg sjølv ikkje det største problemet.
– Akkurat nå så er det ikkje det som plagar meg mest. Det er meir det at det er veldig lenge til eg er tilbake igjen. Kvardagen som eg er så glad i, blir litt øydelagd. Det er som å vakne opp kvar dag og vite at du ikkje har bursdag i morgon likevel, seier han.
Under pressekonferansen for snart to veker sidan sa fysioterapeut Håvard Moxnæs at Rooth vil trenge minst eit halvt år på å vere tilbake i full trening.
FÅR HJELP: Fysioterapeut Håvard Moxnæs passar på at Markus Rooth ikkje reiser seg raskare enn kroppen toler.
Foto: Anders Skjerdingstad / NRK– Gror fortare enn vanlege folk
Sjølv håpar Rooth det kan gå raskare. Han har nemleg ein spesiell teori.
– Eg gror fortare enn vanlege folk, smiler han.
– Det er ein ting vi får bekrefta stort sett kvar gong eg er skadd. Eg har veldig mykje intramuskulære blodårar. Det betyr kanskje at sirkulasjonen hos meg er litt høgare enn det han er hos gjennomsnittet. Så kanskje eg da faktisk gror litt fortare, forklarer han, og legg til:
– Om det berre er placebo, så hjelper placebo. Om det er fakta i tillegg, så er det ein fordel!
Håvard Moxnæs vil ikkje argumentere imot teorien.
– Han har hatt puslete skadar fram til nå, så det her er den første litt sånn ordentleg. Så vi får sjå om det gjeld nå. Men dei skadane han har hatt før, dei har grodd veldig fort, bekreftar han.
GULLGUT: 3. august i fjor blei Markus Rooth olympisk meister. Sidan har han ikkje gått ein einaste tikamp.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBVil vere tolmodig
Samtidig vil han ikkje gi Rooth forhåpningar om at vegen tilbake vil gå raskare enn tidlegare antyda.
– Eg trur ikkje vi kan kutte så mykje på det, men det er så mange ulike ting han skal gjere. Så det kjem nok til å vere nokre aktivitetar som han trenar fullt tidleg. Og så blir det nokon ting som tar meir enn seks månader før vi kan gjere fullt.
– Så det hjelper liksom ikkje å gro raskare?
– Han kan prøve så godt han kan, seier Moxnæs.
Markus Rooth har tenkt å prøve å vere tolmodig.
– Eg håpar eg kan komme tilbake i full trening så fort som mogleg, men eg er også opptatt av at eg ikkje kjem til å ta nokon snarveg eller sjansar på veg til å bli bra. For det vinn eg ingenting på, påpeikar han.
– Går eg glipp av EM neste år, så går eg glipp av EM neste år. Det er OL og VM som er viktig. For meg er det aller viktigaste å vere i stand igjen i Los Angeles i 2028. Og eit er det jo ingenting i vegen for.
Publisert 06.09.2025, kl. 18.41