Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Antibiotika er den fyrste gruppa legemiddel forskarane har undersøkt risikoen ved. Fleire skal det bli.
Mellom 10 og 20 prosent av alle svangerskap endar i spontanabort. (Foto: Colourbox)
Mellom 10 og 20 prosent av alle svangerskap endar i spontanabort. Årsakene er vanskelege å undersøkja, mellom annan fordi Medisinsk fødselsregister (MFR) ikkje fangar opp hendingar før tolvte svangerskapsveke.
– Vi veit jo om ein del legemiddel som ein unngå å bruka under svangerskapet. Derfor er det òg viktig å få meir kunnskap om legemiddel der det framleis er usikkerheit knytt til sikkerheita ved bruk under svangerskapet, seier professor Hedvig Nordeng ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.
– Det har for eksempel kome fleire studiar som har antyda at fleire typar antibiotika og soppmiddel kan auka risikoen for spontanabort. Men eg har alltid vore i tvil, og hatt eit ynskje om å etterprøve desse studiane.
Undersøkt antibiotika og soppmiddel
Ho forklarar at studiane verken har fanga opp spontanabortane godt nok eller teke tilstrekkeleg høgde for underliggjande faktorar, som for eksempel infeksjonen legemiddelet skulle behandla.
Slike faktorar kan like gjerne ha vore årsaka til dei tidlegare funna.

– Dei fyrste legemidla vi har undersøkt er ei rekkje antibiotika og soppmiddel, som det har vore mest usikkerheit rundt, og som er blant dei mest brukte legemidla under svangerskapet, seier Hedvig Nordeng. (Foto: UiO)
– Derfor har vi brukt dei siste åra på å utvikla ein algoritme som kan fanga opp og tidfesta tidlege spontanabortar på ein betre måte. Det gjer vi ved å kombinera data frå fleire andre helseregister med data frå Medisinsk fødselsregister. I tillegg nyttar vi moderne og meir avanserte metodar for å justera modellane våre for underliggjande faktorar. I fjor kunne vi endeleg publisera han, fortel ho.
– Dei fyrste legemidla vi har undersøkt med den nye algoritmen, er ei rekkje antibiotika og soppmiddel, både fordi det er dei det har vore mest usikkerheit rundt, og fordi dei er blant dei mest brukte legemidla under svangerskapet. Nesten éin av tre gravide tek antibiotika, for eksempel.
Såg ingen auka risiko for spontanabort
Nokre grupper antibiotika er det kjent frå før at ikkje bør brukast under svangerskapet. Ikkje på grunn av risikoen for spontanabort, men fordi dei har eigenskapar som kan hindra normal fosterutvikling.
– For dei antibiotika som er vanlegast å bruka av gravide, fann vi inga kopling til spontanabort. Men for nokre av dei som er mindre vanlege, ser det ut til at bruken medfører ein noko auka risiko. Desse legemidla er ikkje fyrsteval, og blir berre forskrivne av lege etter ei nøye avveging av nytte og risiko, seier Nordeng.
– I denne studien har vi teke høgde for forskjellige moglege skeivheiter i dataa. Etter at vi gjorde slike justeringar, såg vi ingen auka risiko for spontanabort for dei fleste av medisinane vi undersøkte.
Topp-ti-liste av legemiddel å undersøkja
I prinsippet kan algoritmen brukast på alle typar legemiddel: Etter å ha gjennomført studien på dei antimikrobielle legemidla, er det no dei smertestillande medisinane som går under namnet NSAIDs som står for tur for forskarane.
Men sjølv om dei no har ein betre metode for å studere spontanabortar, tek kvar nye legemiddelstudie tid.
– Det er ikkje slik at vi no berre kan henta tala frå helseregistera og trykkja på ein knapp som automatisk gjennomfører sikkerheitsstudiar for legemiddel i svangerskapet. Vi må skreddarsy kvar enkelt studie til det terapiområdet vi undersøker. Forskarar med kunnskap innan farmakologi, fosterutvikling, epidemiologi og biostatistikk samarbeider tett, forklarar Nordeng.
– Men vi har ei slags topp-ti-liste av legemiddel vi ynskjer å undersøkja, der dei antimikrobielle legemiddel låg øvst og NSAIDs er nummer to. Så held vi fram og jobbar oss nedover lista for å fjerna usikkerheit rundt legemiddelbruk i svangerskapet, seier ho.
Referanse:
Thomas Boissiere-O'Neill, Hedvig M. E. Nordeng mfl.: Exposure to Systemic Antimicrobials During Pregnancy and Risk of Miscarriage: A Population-Based Registry Study. BJOG: An International Journal of Obstetrics & Gynaecology, 2025. Doi.org/10.1111/1471-0528.18155
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER