Det var i 5-tida torsdag morgon det 135 meter lange containerskipet trefte land på Byneset i Trondheim.
Skipet var berre meter unna å treffe eit bustadhus.
No erfarer NRK at personen som hadde ansvaret for å styre skipet har forklart å ha sovna.
Adresseavisen har erfart det same.
Skal ha sovna
Ingen blei skadd og det er ikkje meldt om oljeutslepp etter at skipet trefte land.
Etterforskingsleiar Per Christian Stokke stadfesta torsdag at ein person har status som mistenkt etter hendinga.
Han ønskte ikkje å seie kva rolle vedkommande hadde om bord.
– Eg kan ikkje seie noko heilt konkret anna enn at han var på brua da samanstøyten skjedde, fortalde Stokke til NRK.
Fredag morgon ligg SNL Salten enno på same stad. Kystvakta er på plass i fjorden.
Foto: NRKStokke fortalde torsdag at politiet utelukkar at rus var involvert i hendinga.
Politiadvokat Kjetil Bruland Sørensen er påtaleansvarleg i saka. Til Adresseavisen seier han at personen som er mistenkt var aleine på brua da skipet trefte land.
Vedkommande skal ikkje ha vore kaptein, men hadde ansvaret for navigasjonen på skipet, ifølge politiadvokaten.
Sørensen seier at det ikkje skal vere snakk om eit illebefinnende. Heller ikkje teknisk svikt trur politiet er grunnen til ulykka.
– Det er ingen indikasjonar på teknisk svikt på fartøyet, seier Sørensen til avisa.
Bente Hetland er administrerande direktør i reiarlaget North Sea Container Line. Ho har ikkje ønskt å kommentere opplysningane om at personen på brua skal ha sovna.
– Eg vil ikkje kommentere før i morgon, sa ho til Adresseavisen torsdag kveld.
Skipet var nokre meter unna å treffe huset til Johan Helberg.
Usikkert når skipet blir fjerna
Torsdag morgon blei det gjort forsøk på å fjerne skipet ved hjelp av ein slepebåt. Forsøket lykkjes ikkje.
Det var lenge snakk om å gjere eit nytt forsøk på å fjerne skipet torsdag kveld da det igjen var høgvatn.
Da skipet trefte land utløyste det eit leirskred. Ein bustad med tre personar blei mellombels evakuert.
Det vil bli gjort fleire undersøkingar av grunnen på havet før berging av skipet startar.
– Det er rekvirert geoteknikar for å gjere ytterlegare undersøkingar, spesielt rundt båten og ute i havet, sa innsatsleiar Tone Kristin Reitan torsdag kveld.
Publisert 23.05.2025, kl. 08.56 Oppdatert 23.05.2025, kl. 09.03