Etter 87 minutt sikra Caroline Graham Hansen tre poeng for Norge då ho sette inn 2–1 frå kort hald.
– Det er ei goalgetter-scoring av Graham Hansen, sa Carl-Erik Torp på NRK si radiosending.
Avslutninga på landskampen vart dramatisk - og for Norge sin del god.
Men trass i tre poeng var ikkje ekspertane nøgde med det Norge viste i Stavanger.
– Det kokar inn i meg no. Det er så unødvendig.
Det sa Carl-Erik Torp då Sydney Schertenleib utlikna for Sveits etter 85 minutt.
Men ufortent var ikkje utlikninga.
SIGER: Norge kunne juble for tre poeng etter ein underhaldande, men ujamn kamp.
Foto: NTB– Griseheldige
Norge såg nemleg på ingen måte komfortable ut – trass i at dei tok leiinga mot Sveits.
– Den scoringa låg ikkje i lufta. Det er herleg å ha marginar, sa NRK-ekspert Carl-Erik Torp då Elisabeth Terland sende Norge i leiinga dryge kvarteret før slutt.
Spesielt ein periode midt i 2. omgang – før Norge tok leiinga i det 74. minutt – var Norge heldige som ikkje kom under.
Ved eitt tilfelle kom Noemi Ivelj åleine med Cecilie Fiskerstrand, men skaut utanfor.
Sveits brende også to andre store sjansar.
NRK-EKSPERT: Kristoffer Løkberg.
Foto: Nicolai Eid Trondal / NRK– Norge er griseheldige som ikkje ligg under, meinte NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.
HELDT UNNA: Sveits pressa kraftig og skapte fleire store sjansar midt i 2. omgang, men Norge og Cecilie Fiskerstrand heldt unna.
Foto: NTBStjerne inne i midten
Ekspertane var også kritiske til at matchvinnar Caroline Graham Hansen store delar av kampen spelte i ei rolle inne på midtbana – og ikkje ute på kanten – der ho er ei verdsstjerne for Barcelona-
– Når ein av verdas beste kantar skal ligge inne i midten, så mistar vi den voldsome trusselen på høgrekanten. Det har vore mest spel på vår venstreside når Reiten og Tuva Hansen kombinerer, sa Carl-Erik Torp tidleg i 2. omgang.
Torp meinte det må diskuterast om Graham Hansen må flyttast ut på kanten, noko ho også vart utover i 2. omgang.
– Eg meiner det i alle fall er noko som må diskuterast, fordi ho er ein fantastisk fotballspelar med ballen i føtene. Ho er god ikkje så god feilvendt, men rettvendt, og det er ho ikkje så ofte inne i midten, sa NRK-eksperten.
Caroline Graham Hansen i aksjon mot Sveits i Stavanger.
Foto: NTBNesten frispark-perle
1. omgang vart mållaus, men ikkje sjanselaus.
Guro Reiten banka eit frispark frå knappe 20 meter i krysstonga og ut, medan Ada Hegerberg hadde ei halvfarleg heading som gjekk over mål.
KRITISK: Carl-Erik Torp meinte Norge skuffa i 1. omgang.
Foto: Roy Kenneth Sydnes Jacobsen / NRKSydney Schertenleib hadde to gode sjansar for Sveits, som begge vart avslutta for dårleg.
NRK-ekspert Carl-Erik Torp meinte Norge aldri klarte å kome opp på nivået dei tidvis viste i 1-0-tapet mot Frankrike fredag.
– Norge har ikkje vore dårlege, men skuffande. Den enorme intensitet i spelet mot Frankrike har ikkje blitt gjenskapt i dag, sa Torp i pausen.
Undervegs i 1. omgang meinte han også at Norge slurva altfor mykje.
BERRE NESTEN: Guro Reiten var nær ved å score på frispark etter ein halvtime, men krysstonga var i vegen.
Foto: NTBMøtest fleire gonger
Norge og Sveits skal også møte kvarandre i EM i sommar – i Sveits.
Der møtest dei i første kamp i gruppa.
Før den tid skal Norge og Sveits også møte kvarandre igjen i Nasjonsligaen 3. juni.
Publisert 25.02.2025, kl. 19.51 Oppdatert 25.02.2025, kl. 19.53