Under Arendalsuka kom norske presseorganisasjonar med ei felles fråsegn til utanriksminister Espen Barth Eide.
Saman krev dei at Noreg bruker politiske og diplomatiske verkemiddel for å få Israel til å beskytte journalistar og sikre mediedekninga av krigen.
Her overleverer Reidun Kjelling Nybø fråsegna til utanriksministeren.
Foto: Torstein Georg Bøe / NRKBakgrunnen er dei aukande dødstala blant pressefolk i Gaza, mangelen på mat og reint vatn og at internasjonale medium ikkje får tilgang til krigsområdet.
– Det er utruleg viktig å ha trykk på denne saka. Noreg er eit føregangsland på pressefridommen, og vi meiner at norske myndigheiter har eit særleg ansvar for å stå opp for pressefridommen – også ute i verda.
Det seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening Reidun Kjelling Nybø til NRK.
– Vi kan ikkje sitte stille og sjå på
Generalsekretæren meiner at fråsegna er viktig i arbeidet med å stå opp for den internasjonale pressefridommen.
– Denne typen målretta angrep på journalistar og den totale mangelen på respekt for informasjonsfridom, ytringsfridom og pressefridom, er djupt øydeleggande for verda, seier ho.
Generalsekretær Reidun Kjelling Nybø er uroa over journalistane i Gaza.
Foto: Lise Åserud / NTBKjelling Nybø ser ei tydeleg endring i journalistar sin tryggleik på jobb.
– Tidlegare var pressevesten eit vern i krig og konflikt. No ser vi at journalistar blir drepne i målretta angrep medan dei er på jobb i Gaza, seier generalsekretæren.
– Det kan vi ikkje sitte stille og sjå på – ikkje i eit pressefritt land som Noreg. Dette kjenner vi sterkt på, og vi meiner det må markerast endå tydelegare.
– Vi er sjokkerte
Ein av journalistane som nyleg blei drepen var Anas al-Sharif som jobba for TV-kanalen Al Jazeera.
Utanriksminister Espen Barth Eide reagerer på Israel si handtering av pressen i Gaza.
– Vi er sjokkerte over åtferda vi har sett frå israelske styresmakter. Berre dei siste dagane vart eit heilt team frå Al-Jazeera drepne i eit målretta angrep, der Israel sjølv har stadfesta at journalistane var målet, seier utanriksministeren.
– Det kom ikkje eingong ei forklaring om at det var eit uhell, slik dei har hevda tidlegare. Denne gongen bekrefta dei at journalistane faktisk vart angripne med vilje.
Journalist Anas al-Sharif blei drepen i eit målretta angrep.
Foto: - / AFP / NTB– Vi snakkar om eit angrep på pressefridommen
Utanriksministeren som tok i mot norske presseorganisasjonar si fråsegn, meiner at meir må bli gjort for å få ein slutt på situasjonen.
– Israel har nekta internasjonal presse tilgang til Gaza, truleg for å skjule kva som faktisk skjer. Dei lokale journalistane har blitt verdas auge og øyre. Det gjer det ekstra viktig at vi sørge for at dei får moglegheita til å gjere jobben sin.
Det seier utanriksministeren til NRK.
– Israel har nekta internasjonal presse tilgang til Gaza, truleg for å skjule kva som faktisk skjer.
Foto: Jonas Been Henriksen / NTB– Det finst knapt nokon stad i verda i dag med så systematisk og massiv øydelegging som det vi ser i Gaza. Det er mange konfliktområde der det er farleg å vere både journalist og helsearbeidar, men her er det på eit heilt anna nivå, seier Barth Eide.
– Sjukehus, hjelpearbeidarar, legar, sjukepleiarar og journalistar – både nasjonale og internasjonale – har blitt drepne i denne krigen. På ein måte som tyder på anten målretta intensjon eller svært liten vilje til å verne dei.
Tidlegare opprop om vern av journalistar i Gaza
Sidan krigen starta i Gaza har norske presseorganisasjonar uttalt si uro over journalistar sin situasjon i krigsområdet.
– Det er naudsynt å seie tydlegare frå når det gjeld akkurat dette med pressefridom, seier Kjelling Nybø.
I juli i år gjekk 36 medieorganisasjonar og institutt saman om eit stort opprop.
Der bad dei om at Israel skal opne for at dei journalistane som ønsker skal få evakuere Gaza og at nye journalistar skal få sleppe inn.
Interessert i meir utanriksstoff?
Høyr utanriksredaksjonen sin podkast-episode om journalisten Anas al-Sharif:
Publisert 13.08.2025, kl. 14.02 Oppdatert 13.08.2025, kl. 14.50