Norske politikarar reagerer sterkt på Trump-utspel om Ukraina og Zelenskyj

1 day ago 5


– Dette er dagens andre utsegn frå Trump som ikkje står seg, og som berre Putin gler seg over, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Den tidlegare statsministeren seier vidare at Ukrainas president er vald på lovleg og legitimt vis.

– Å påstå noko anna er å spreia russisk propaganda, seier Solberg.

– Russland kan avslutta denne krigen når som helst, ved å trekka seg ut av landet dei har invadert.

På sitt eige sosiale medium, kalla den amerikanske presidenten i dag Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj for ein diktator.

Skjermbilde av melding til Trump

Foto: Skjermdump / Truth Social/Donald Trump

Trump kom også med ein påstand om at det er Ukraina som har starta krigen mot Russland.

Og han meiner Ukraina burde avhalda eit nytt val fordi Zelenskyj, ifølge Trump, har så låg oppslutning.

Det er djupt urimeleg, meiner eg. Han er ein folkevald president med stor majoritet som fekk ein krig midt i sin periode, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Støre seier krigen gjer det vanskeleg å avhalda val.

Støre tar avstand frå Trumps uttale om Zelenskyj

Er det komplisert å forholda seg til stadig nye uttalingar frå den amerikanske presidenten?

– Her vil eg halda mine ord i ro med å seia at ja, det er nytt.

Han seier han er djupt ueinig og tar avstand frå påstandane frå Trump.

– Det handlar om å stå opp for viktige prinsipper. Påstanden om at Ukraina starta denne krigen her, er historisk feil. Det er viktig at me ikkje let det blir ståande som ei slags falsk sanning. Det er feil, seier Støre.

– Reinspikka løgn

Frp-leiar Sylvi Listhaug seier utsegna til Trump er uakseptable.

Sylvi Listhaug

Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Zelenskyj er ein folkevald president som leier eit land som blei angripe av Russland. Å påstå noko anna er reinspikka løgn, seier Listhaug.

Venstre-leiar Guri Melby reagerer sterkt på utsegna til Trump.

– Dette er farleg og direkte løgnaktig frå president Trump, seier Venstre-leiar Guri Melby.

– Det er trist å konstatera at det knapt er noko verdifellesskap igjen over Atlanteren. Nå verkar det utvilsamt som at Trump vil at Putin skal vinna, seier Melby.

Markering av at det er 1000 dager siden invasjonen av Ukraina

Venstre-leiar Guri Melby på markeringa av 1000 dagar sidan invasjonen av Ukraina på Eidsvollplass i Oslo, i november i fjor.

Foto: NTB

Også leiar av Stortingets utanriks og forsvarskomite, Ine Marie Eriksen Søreide (H), reagerer.

– Det er både urimeleg og heilt uriktig, seier Søreide i Daxnytt 18.

– Dei som har lest litt historie, veit jo at eit land som er i krig, har vanskeleg for å avhalda val, seier Søreide.

Ho peiker på at det til dømes ikkje blei avhaldet val i Storbritannia mellom 1935 og 1945 heller.

– Dette er ein måte å avleie merksemda og debatten på, som er heilt uhøyrt, seier Søreide.

– Djupt bekymra

MDG-leiar Arild Hermstad kallar utsegna for Trump for skremmande.

– Trump verkar å bli meir radikalisert for kvar time som går, og retorikken blir likare og likare Putins propaganda. Det står fram rett og slett som at USA har byta side og har bestemt seg for å la Ukraina i stikken, seier Hermstad.

Partileder Arild Hermstad taler til MDG-medlemmer og frivillige utenfor Oslo rådhus

MDG-leiar Arild Hermstad.

Foto: NTB

– Desse dagane me opplever nå er ei skjebnetid for Europa, og eg er djupt bekymra for korleis dette kan enda. Putin kjem ikkje til å la andre land vera i fred dersom han får det som han vil i Ukraina.

– Nå gjeld det å stå saman med Europa og gjera alt me kan for å støtta ukrainarane, seier Hermstad.

Venstre-leiaren meiner også det er viktig å støtta Ukraina nå.

– Det einaste rette for Noreg nå er å auka støtta til Ukraina, rusta opp vårt eige forsvar og knyta oss tettare til Europa, seier Melby.

Publisert 19.02.2025, kl. 20.05 Oppdatert 19.02.2025, kl. 20.10

Read Entire Article