Norske jødar redde etter terroråtak: – Eg seier ikkje ordet Israel når eg er ute

2 hours ago 2


Rundt halsen har «Anna» ei bitte lita davidsstjerne i gull. På handleddet ei tatovering på hebraisk.

Men ho skjuler begge deler viss ho er på jobb. Ho tør ikkje lenger visa dei fram.

«Anna» heiter eigentleg noko anna, men vil ikkje stilla opp med namn og bilete i denne saka. Det er ho ikkje åleine om.

NRK har dei siste dagane vore i kontakt med fleire jødar i Noreg for å høyra kva dei tenker etter terroråtaket i Sydney på sundag.

15 menneske vart drepne i åtaket, som var retta mot ei feiring av den jødiske høgtida hanukka.

Felles for mange av dei NRK har snakka med, er at dei ikkje tør stå fram i media med namn og bilete. Dei fryktar hets – eller verre – viss dei står fram som jødar i offentlegheita.

En kvinne i blå og hvit skjorte står foran et vindu inne i en leilighet.

Ho heiter ikkje eigentleg Anna, men ho tør ikkje lenger fortelja offentlegheita at ho er jødisk.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Ein kvardag med frykt

Det fyrste Anna sa då ho fekk veta at terroråtaket hadde råka jødar, var «du tullar?».

– Kan me ikkje ha ei fredeleg feiring av hanukka utan å verta angripne? Me gjer ikkje noko valdeleg. Me skrik ikkje, me er ikkje aggressive. Me skal berre tenna ein lysestake og feira ein heilagdag.

Diverre er ikkje kjenslene av frykt noko nytt for Anna.

En kvinne i blå og hvit skjorte står foran et vindu inne i en leilighet.
En kvinne står ved en bokhylle og viser frem David-stjernen sin.

«Anna» har opplevd ubehagelege situasjonar på grunn av jødiske merke ho har gått med ute, mellom anna ei lita davidsstjerne.

Håkon Benjaminsen/NRK

Går ho åleine ute ein kveld, ringer ho foreldra eller kjærasten for å ikkje vera heilt åleine. Ser ho ein ryggsekk på ein busshaldeplass, tenker ho automatisk at han kan vera sett der av ein sjølvmordsbombar.

Slik har det òg vore etter åtaket i Sydney. Eigentleg heilt sidan 7. oktober 2023, då Hamas gjekk til åtak på Israel. Rundt 1200 menneske vart drepne, både sivile og soldatar.

Spesielt ei hending kort tid etter 7. oktober sette ein støkk i Anna. Det var ein heilt vanleg dag på jobb. Davidsstjerna rundt halsen hennar var synleg, det same var den hebraiske tatoveringa på handleddet hennar.

– Det var nok til at denne framande personen syntest det var innafor å skjella meg ut på arabisk. Eg har budd i Israel, så eg kan arabiske bannord. Eg forstod kvart einaste ord.

Ho frykta at mannen skulle venta på ho utanfor senteret då ho var ferdig på jobb. Det gjorde han ikkje, men frykta har likevel ikkje forsvunne.

Snakkar ikkje hebraisk ute

Frykta pregar Anna i kvardagen og påverkar kva ho gjer. For ho opplever ikkje at det er trygt å vera jøde i Noreg i dag.

– Eg seier ikkje ordet Israel når eg er ute. Eg snakkar ikkje hebraisk på telefon med faren min når eg er ute.

– Trur du det kan skje eit åtak i Noreg?

– Ja, eg tvilar ikkje. Det startar med ord, så kjem handlingane.

Hanukka-lysestaken står i vindaugskarmen heime hos «Anna». Kvar kveld i høgtida tenner ho ljos og les ei velsigning.

Håkon Benjaminsen/NRK

Onsdag kveld var det ei hanukka-markering i Oslo sentrum. Anna kunne ikkje dra på grunn av jobb, men er usikker på om ho ville dratt uansett.

– Eg hadde sjekka om eg kjenner nokon som skal dit, så me kunne stå saman. Men eg hadde også sjekka kva som finst rundt og kor eg kan løpa viss det skjer noko.

En folkemengde i mørke, på den ene siden et stort neonlys formet som en lysestake med ni armer

Mange møtte opp på ei hanukka-markering på Rådhusplassen i Oslo onsdag.

Foto: Nadir Alam / NRK

– Du tenker på fluktruter, rett og slett?

– Ja. Det er eg van med å tenka.

Heller ikkje desse tankane er nye. Heilt sidan ho lærte om holocaust då ho var lita, har ho tenkt på kor ho kunne gøyma seg viss noko liknande skulle skje.

– No tenker eg meir når det skjer. Kor kan eg gøyma meg då? Det trur eg ikkje vanlege nordmenn heilt forstår alvoret av.

Sjokkert, men ikkje overraska

– Det er eit angrep på jødar som eit folk og ikkje på jødar som truande.

Det seier «Simen» om åtaket i Sydney. Heller ikkje han vil stå fram med namn og bilete i denne saka.

I likskap med fleire andre NRK har snakka med, vart han ikkje spesielt overraska over at eit slikt åtak skjedde.

– Det var ikkje særleg overraskande. Det følger ein trend av fleire terroråtak, spesielt dei siste to åra. Det er dystert og leitt og skummelt for alle jødar i diasporaen, som ikkje er i Israel.

Det same seier jødiske «Linn», som heller ikkje vil stå fram med namn.

– Det er alltid sjokkerande å sjå liv gå tapt på den måten. Men det overraskar meg ikkje fordi det har skjedd før. Me veit at slikt heile tida vert planlagt. Eg veit at det kjem til å skje igjen. Spørsmålet er ikkje om; spørsmålet er når og kvar?

Ho skildrar òg ei kjensle av einsemd.

– Sjølv om ikkje-jødar også synest dette er sjokkerande, har dei ein annan avstand til det, seier ho.

Meir antisemittisme

– Ja, det har vore ein auke i antisemittisme. Både valdeleg og ikkje-valdeleg.

Det seier ekstremismeforskar Cathrine Thorleifsson ved Universitetet i Oslo.

  • Kvinne med blondt hår og i svart jakke står utendørs med trær i bakgrunnen

    Cathrine Thorleifsson

    • Ekstremismeforskar ved Universitetet i Oslo

I 2023 auka Politiets tryggingsteneste (PST) trugselnivået for åtak mot jødar i Noreg. I oktober 2024 vart terrortrugselnivået auka til 4, på skalaen som går frå 1 til 5.

Då skreiv PST at det fyrst og fremst var trugslar mot jødiske og israelske mål som var skjerpa.

– Jødar inngår i trugselbilete både når det gjeld ekstreme islamistar, ytre venstre-ekstremistar og høgreekstreme, seier Thorleifsson.

Etter terroråtaket 7. oktober 2023 gjekk Israel til åtak mot Gaza. Ifølge dei lokale helsestyresmaktene er over 70.000 menneske drepne, både sivile og soldatar. Den sivile lidinga har skapt stort sinne i store delar av verdssamfunnet.

Thorleifsson peikar på at konflikten i Midtausten, spesielt krigen i Gaza, har vorte brukt av fleire aktørar til å radikalisera.

– Trendar i antisemittisme i Noreg er òg relaterte til konflikteskaleringar i Midtausten. Så krig i Midtausten får lokale konsekvensar.

– Trur du det er trygt å vera jøde i Noreg i dag?

– Det burde vera det. Men det er openbert når du ser på undersøkingar gjort blant medlemmane til DMT og bekymringar frå dei ulike miljøa, så er det ikkje heilt trygt når så mange føler at dei ikkje kan leva trygt, svarar Thorleifsson.

Vil ha meir merksemd

19 år gamle Atalia skjønar at mange jødar ikkje vil stilla opp med namn og bilete. Sjølv har ho landa på å gjera det.

– Eg trur det er viktig å vera ei stemme og vera stolt i den ein er. Eg skulle ønska at fleire torde å stilla med namn og bilete, men eg skjønar at folk ikkje tør det.

Kvinne med mørkt hår i hvit t-skjorte sitter på en stol, i bakgrunnen synes et kjøkken

Dagane etter terroråtaket har vore tøffe for Atalia.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Atalia vil gjerne ha meir merksemd rundt både åtak mot jødar og antisemittisme generelt, for det meiner ho at ho ser for lite av – også etter åtaket i Sydney.

– Det er slik eg ofte opplever det, at folk eigentleg ikkje bryr seg. Med mindre det er noko som gir grunn til å hate på jødar, då skal alle følga trenden. Men når det kjem til å visa støtte, då er det heilt stille, meiner ho.

Ho saknar denne merksemda i sosiale medium, men òg i tradisjonelle medium.

– Frå krigen starta til no har ein nesten ikkje sett noko om korleis antisemittismen har auka. Det er ikkje rart at folk då ikkje veit kva som skjer, om ein ikkje får ordentlege nyheiter om det.

Ei kvinne scroller på en mobil

Det var ved å skrolla på Instagram at Atalia fekk vita om terroråtaket i Sydney.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Føler seg utrygg

Som jøde kjenner ho seg ikkje lenger trygg i Noreg eller i Vesten generelt.

– Det einaste landet eg kjenner meg trygg i, er Israel. Det er fordi det er eit jødisk land og eg veit at dei som er rundt meg feirar og gjer det same som meg. Dei hatar meg ikkje fordi eg er jøde, seier Atalia.

Det er ei kjensle som har bygd seg opp over tid etter hets frå både framande og folk ho kjenner.

– Ein ser gong på gong at det ikkje vert tatt på alvor. Om ein får trugslar eller hatmeldingar, så er det ingenting som vert gjort. Det får ingen konsekvensar.

Hanukka skal vera ei feiring av glede og ljos. I år har gleda fått selskap av sorg.

– Den siste veka, medan me har tent ljosa, har me òg tenkt på alle dei drepne. Me tenner ljos og tenker på alle dei som ikkje er her på grunn av hat.

Åtaket i Sydney er ikkje det einaste i samband med jødiske høgtider.

Det har gjort at Atalia no kjenner på ei uro før høgtider.

– Det får ein til å tenka: Vil det skje noko i morgon? Vil det skje her? Eller ein annan stad i verda der jødar feirar?

Blomsterbuketter og et bilde av en blå davidsstjerne står på bakken ute

Blomar og eit bilete utanfor synagogen i Manchester, kor to personar vart drepne i haust.

Foto: Temilade Adelaja / Reuters / NTB

Eit lite håp

Det som skulle vera ei feiring av håp, ljos og glede i Sydney, vart det motsette. Desse tinga er kanskje spesielt vanskelege å sjå etter eit terroråtak.

Anna har likevel funne noko som gir ho håp:

– Fellesskapet i det jødiske miljøet, at eg veit at eg har ein familie der. Heile det jødiske miljøet står så sterkt saman, det skapar tryggleik.

Publisert 20.12.2025, kl. 08.15

Read Entire Article