Norsk storeslem – slo kraftig tilbake etter fransk dominans

2 hours ago 2


Lucas Braathen tok ein sterk andreplass i slalåmen i sveitsiske Adelboden laurdag – like framfor Henrik Kristoffersen.

Kristoffersen hadde vunne i bakken to gonger tidlegare og gjennomførte ein solid andreomgang.

– Den der skal bli vanskeleg å matche, sa Viaplay-kommentator Kjetil André Aamodt.

Men ein nordmann i eksil klarte altså å tukte Kristoffersen.

Lucas Braathen, som no representerer Brasil, slo Kristoffersen med 12 hundredelar.

Kristoffersen var likevel nøgd med rennet – og pallplass nummer 90 i karrieren.

– Det var tøft og vanskeleg i dag, så eg er happy. Pallen er pallen. Det var ein veldig bra dag, sa Kristoffersen til Viaplay.

Rennet vart vunne Noël Clément, berre to hundredelar framfor Lucas Braathen.

Clément låg på andreplass etter første omgang.

Manuel Feller, som leia etter første omgang, køyrde ut.

Etter første omgang låg Haugan, Kristoffersen og Braaten på høvesvis fjerde-, femte- og sjetteplass.

Timon Haugan fekk det ikkje til i 2. omgang og vart nummer 13.

Atle Lie McGrath køyrde ut i første omgang, slik han også gjorde i 2. omgang i Madonna di Campiglio onsdag denne veka.

Read Entire Article