Norsk reiseliv tapar millionar på bestillingsplattformer

14 hours ago 1


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Forskarar har rekna på kor store inntekter turistnæringa i Norge går glipp av ved at folk bestiller overnatting via internasjonale bookingplattformer.

Dei små summane du og eg sender ut av landet fordi dei internasjonale bookingplattformene tek seg betalt for å vere mellomledd, får inntektene til å sive ut av landet. (Foto: Colourbox)

Er det det akkurat det same om du bestiller overnattinga di direkte eller via ei bestillingsteneste? Ikkje heilt! 

Kvar gong du går via ei plattform som booking.com, bidreg du nemleg til å sende ein liten pengesum ut av Norge.

Kanskje skjønar du ikkje heilt problemet. Enkelte overnattingsbedrifter er glade for å sette vekk bestillingane, og tenestene kan virke fortryllande enkle. 

Men dei små summane du og eg sender ut av landet fordi dei internasjonale bookingplattformene tek seg betalt for å vere mellomledd, får inntektene til å sive ut av landet. Denne straumen av tapte inntekter er stor og aukande, viser ny forsking.

Eitt av fire gjestedøgn via plattformer

Det er særleg når du skal finne hotell at bestillingsplattformene byr seg fram, men dei er òg ivrige etter å hjelpe deg med tilleggstenester som taxi eller leigebil.

Dei tapte inntektene vi snakkar om her, gjeld berre overnatting, sjølv om plattformene òg dekker bestilling av transport og andre tenester. Forskarane henta tal frå dei fire største bookingplattformene, det vil seie Booking, Expedia, TripAdvisor og Airbnb. I utrekningane brukte dei tal og data frå Eurostat og Statistisk sentralbyrå.

Stefan Gössling, forskingskoordinator innan reiseliv ved Vestlandsforsking. (Foto: Idun A. Husabø)

– Resultata våre viser at rundt ein fjerdedel av gjestedøgna i Norge no blir bestilte via desse tenestene, fortel Stefan Gössling, forskingskoordinator innan reiseliv ved Vestlandsforsking.

Ut frå forskarane sine utrekningar, betyr det at norske reiselivsbedrifter taper 2 prosent av inntektene sine på at folk går via bestillingsplattformer.

Lekkasjen aukar

Problemet er ikkje særnorsk. For Europa sin del, meiner Gössling det er snakk om ein lekkasje, i hovudsak til USA, på 70 milliardar norske kroner.

Det som kanskje er verre, er at forskarane ser ei endring – og den går nokså raskt.

– Summen det norske reiselivet går glipp av, er høg og aukande, seier Gössling. Medan den samla provisjonen til bestillingsplattformene utgjorde 180 millionar norske kroner i 2018, er summen no oppe i 454 millionar.

– Sjølv om provisjon bidreg i form av meirverdiavgift som blir verande nasjonalt, går mesteparten av dei 454 millionane ut av landet, seier Gössling.

Ser mindre til veksten

Forskarane som har gjennomført studien, ser den økonomiske lekkasjen i lys av arbeidet med å få ned klimagassutsleppa i norsk reiseliv.

– Skal ein få ned utsleppa må færre på sikt reise hit. Då vert det avgjerande at næringa får gode inntekter frå dei som kjem, og at vi minskar slike lekkasjar, forklarer seniorforskar Kristin Løseth.

Forskarane er ikkje framande for at reiselivsnæringa bør prøve å motverke lekkasjen anten ved å oppmode kundar til å bestille direkte eller ved å utvikle nasjonale eller regionale bestillingsplattformer.

Gössling ser det ikkje som urealistisk å ta opp kampen mot dei store aktørane på nettbestilling. 

– Eg kan ikkje sjå at det skal vere spesielt vanskeleg å få til eigne bestillingsløysingar. Det viktigaste er å skaffe alternativ til systemet vi har no. I neste omgang gjeld det å få folk til å forstå at meir lokale bestillingsløysingar er til deira eigen fordel.

Referanse:

Stefan Gössling mfl.: Economic leakage to reservation platforms: Norway. Annals of Tourism Research, 2025. Doi.org/10.1016/j.annals.2025.103957

Om forskninga

Vestlandsforsking leier Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv, som vart opna i 2025 og arbeider for at reislivsnæringa i Noreg blir meir lønsam, klimavenleg og digital. Målet er eit nasjonalt kunnskapssenter som samarbeider tett med reiselivsnæringa, kommunar og andre forskingsmiljø.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article