Norsk marmorskip skal revolusjonere skipsfarten

3 hours ago 5


«Fylt med marmor, driven av vind og batteri».

Det høyrest kanskje ut som ein middels songtekst, men er framtida.

I dag går elektriske ferjer opptil 15 kilometer. Det nye skipet skal ved hjelp av segl og straum gå 426 kilometer – altså nær 30 gonger så langt.

Ein «batterirevolusjon» og «gamechanger i det grøne skiftet» har skipet blitt kalla.

MV Froan ved Brønnøy Kalk

BRF Froan ved Brønnøy Kalk. Skipet blir 130 meter langt og over 20 meter breitt, og skal ha ein backup-motor på biodiesel.

Foto: Berge Rederi

Vakuumsegl

Skipet skal på kvar tur frakte 13.000 tonn med kalkmarmor frå Brønnøysund. I Hustadvika nord for Molde skal det bli til papir og papp, samt produkt innan jordbruk, bygg- og anlegg og vassreinsing.

– Segla vil stå for 20 prosent av framdrifta og batteria for 80 prosent. Fordelen med såkalla rotorsegl er at dei ikkje treng så mykje vind, fortel Magne Berge i Berge reiarlag.

Mann med feite briller og blå hjelm står på stor frateskip med fjord og fjell i bakgrunnen. Han smiler tappert.

Magne Berge er styreleiar i Berge Rederi.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Rotorsegla er to røyr som snurrar rundt med 250 omdreiingar i minuttet. Det gir eit vakuum der vinden treff, som trekk båten framover, ein såkalla magnuseffekt.

Batteriskipet skal gi ein reduksjon på 9.000 tonn CO₂ i året. Det svarar til utsleppa frå rundt 2000 bilar eller 1300 hushaldningar i året.

– Båten skal vere ferdig om eitt år, fortel Berge.

Han starta det vesle reiarlaget på Hitra i Trøndelag saman med kona på slutten av 1990-talet. Stålet blir kutta og skipet blir bygd i Kina, men reiaren seier at norsk utstyr, teknologi og design utgjer 57 prosent av verdien til skipet.

Hestehovud

Skipsfarten står for rundt 3 prosent av klimagassutsleppa i verda, og meir enn 80 prosent av varene mellom kontinenta blir frakta sjøvegen.

– At me klarer å få til denne typen lasteskip i Noreg er fantastisk! seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil innføra krav mot havnespy

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Han meiner at det hastar med å kutte utslepp frå skipsfarten – ikkje berre for å redde klimaet – men også for at Noreg skal kunne konkurrere med resten av verda.

– Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i Noreg. Me har alltid vore langt framme i skipsfart, og no sørgjer me for framleis å ligge eit hestehovud framfor dei andre, seier Eriksen.

Uttrykket med hestehovud er kanskje uheldig (hestar er det verste overtruiske sjøfolk kan ha om bord). Men ministeren fortel at regjeringa er opptatt av å omstille norsk skipsfart.

– Me har tredobla løyvingane til støtte frå Enova. Me må sørgje for at teknologiutviklinga skjer i Noreg, slik at framtidas arbeidsplassar også kan vere i Noreg.

Frakteskipet frå Berge Rederi har fått 270 millionar kroner i støtte frå Enova og NOx-fondet. Støtta er rundt 40 prosent av prislappen på 700 millionar.

Kalkstein og kalkmarmor

På kaia på Hustadvika ligg det 100 000 tonn kalkstein og marmor.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Verdsrekord – men andre kjem

– Dei elektriske ferjene har bana veg, no opnar teknologien i dette nye skipet nye moglegheiter, seier Eivind Dale i Grønt Skipsfartsprogram.

Det offentleg-private tiltaket jobbar for å lage verdas mest effektive og miljøvennlege skipsfart, og jobbar med både batteri, hydrogen, ammoniakk og metanol som drivstoff.

Eivind Dale i Servicekontoret for grønn flåtefornyelse, Grønt Skipsfartsprogram

Eivind Dale i Servicekontoret for grøn flåtefornyelse.

Foto: Grønt Skipsfartsprogram /

– Dette batteriskipet blir verdsrekord, noko me aldri har sett før. Snart kjem også hydrogenskip som kan gå frå Finnmark, tanke på Sørlandet og så gå til Rotterdam, hevdar Dale.

Han nemner også skip med flytande hydrogen som kan frakte konteinarar frå Rotterdam til Oslo.

– Kan ikkje Kina kome med utsleppsfrie skip med større rekkevidd, før dette norske står klart?

– Det har me ingen garanti for, men da skal dei ha komme veldig langt! Dette skal vere ferdig til sommaren, og både byggjetida på skip og leveringstida på batteri er mykje lenger enn eitt år.

Dale fortel at det no er prosjekt med utsleppsfrie båtar dei fleste stader som driv med skipsfart, men særleg i Europa, Asia og Kina.

– Men Noreg er veldig langt framme, me har den maritime klynga som har jobba med innovasjon i generasjonar, og me har gode og heilt naudsynte støtteordningar, seier han.

Magne Berge, styreleder i Berge rederi. 
Øyvind Berge, Berge rederi. 
Geir Teisker, Omya Hustadmarmor

Magne Berge til høgre, med broren Øyvind i midten og Geir Teistklub i Omya Hustadmarmor.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Snakkar berre om båt

Reiar Magne Berge er usikker på om ideen med det heilelektriske skipet kom ved kjøkkenbordet eller på kontoret.

– Kvifor er det så viktig for dykk å vere først på teknologi?

– Nei, det er vel berre interessa for det. Me snakkar berre om båt. Det er det einaste me veit noko om og det einaste me liker å halde på med, seier Berge.

Publisert 12.02.2025, kl. 11.00

Read Entire Article