Norsk-israelar: – Ei av dei heftigaste nettene eg har hatt i heile mitt liv

11 hours ago 3


Natt til laurdag svara Iran på det israelske angrepet med å sende over 150 rakettar mot Jerusalem og Tel Aviv.

I Tel Aviv sat norsk-israelaren Louise Kahn og høyrde eksplosjonane.

– Det har faktisk vore ein av dei heftigaste nettene eg har hatt i heile mitt liv, seier ho.

Louise Kahn med hunden sin på eit bomberom etter Irans angrep natt til laurdag.

Louise Kahn med hunden sin på eit bomberom etter Irans angrep natt til laurdag.

Foto: Privat

Du kjenner deg heilt eksponert

Kahn bur i Tel Aviv, og jobbar som frontendutviklar og leiar organisasjonen Kos & Kaos, The nordic jewish network.

Rakettangrep er ikkje noko nytt i Tel Aviv, Kahn fortel at det siste året har dei hatt nærmast daglege eller nattlege angrep ofte frå Jemen, men med éi og éi rakett.

– Då vaknar vi av sirener og set oss i trappeoppgangen. Det er det næraste vi kjem bomberom i det gamle huset vi bur i, seier ho.

Israel og Iran ligg begge i Midtausten.

Denne natta var det annleis.

– Det kom 150 rakettar på ein gong. Det var så mange at ikkje alle vart fanga opp av forsvarssystema våre.

Denne gongen måtte ho springe ned frå fjerde etasje, ut på gata og inn i nabobygget til eit bomberom.

Mannen hennar er i utlandet, men ho hadde på førehand sendt barna til svogeren, som har tilfluktsrom heime hos seg.

– Eg er så glad eg valde å la barna vere ein annan stad. Det dei hadde opplevd i natt, det trur eg hadde vore veldig vanskeleg for dei, seier ho.

en gruppe mennesker ser på en blokk. Flere av etasjene har rast.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Ho fortel om korleis ho sprang saman med eldre naboar som måtte hjelpast i tryggleik.

– Det verste var å vere ute på gata. Du kjenner deg heilt eksponert. Det er ikkje langt å springe, men det er langt nok, seier ho.

Fredag fortalde NRK om iranske «Amina» i Teheran:

Bekymra for framtida

Kahn har budd i Israel sidan 1999, og er ein samfunnsdebattant.

Då ho vakna laurdag morgon, kom reaksjonen.

– Eg sette meg berre ned og grein. Kroppen min hadde nesten gått i sjokk. Vi er heldige som har eit godt luftforsvar, men når det kjem så mange er det skummelt.

Ho fortel at rakettane denne gongen var kraftigare enn noko ho har opplevd før.

– Ei ny og skremmande kjensle, ifølgje Kahn.

Ho fortel òg om då Israel gjekk til angrep på Iran natt til fredag. Då vart dei vekte av sirener og sette seg i trappa, som vanleg.

Ein nabo stoppa ho på veg opp igjen og gav beskjed om at dette var alvor.

– Då forstod eg at dette er ein heilt annan situasjon. Heile torsdagsnatta sat vi oppe, pakka sekker og prøvde å roe ned borna.

– Eg er bekymra for kva som kjem, legg Kahn til.

Israel melder om nye angrep mot Iran

Laurdag ettermiddag har Israel innleidd nye angrep mot fleire mål i Iran, ifølgje ein talsmann for militæret, melder AFP.

Tidlegare laurdag hevda Iran at eit israelsk angrep mot eit bustadkompleks i Teheran har drepe rundt 60 personar, blant dei 20 barn.

Dette er førebels ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

Hovudstaden Teheran, atomanlegget i Natanz og fleire militære mål over heile landet vart natt til fredag råka av israelske angrep.

Angrepa mellom dei to landa kjem i kjølvatnet av Israels storangrep som råka over 200 mål i Iran, blant dei atomanlegg og militærbasar.

I tillegg blei fleire høgtståande iranske militærleiarar og atomforskarar drepne.

Interessert i meir utanriks? Lytt til podkasten til NRK si utanriksredaksjon:

Publisert 14.06.2025, kl. 18.59

Read Entire Article