– Det er ei bragd det her å slå Storbritannia i eit OL. Dei er rangert nummer ein i verda. No treng gutane antakeleg ein seier på dei tre neste for å kome seg til ein semifinale, seier Christoffer Svae som er NRK sin curlingekspert.
Norges skip Magnus Ramsfjell sette den siste og avgjerande steinen for Norge. Han er beskjeden når han får spørsmål om dette er den viktigaste steinane han har sett i karrieren.
– Nei, det trur eg ikkje. Men eg trur så lenge man ikkje tenker at det kan vere det, så går det bra.
Han seier dette er noko han har terpa på i oppkøyringa til OL.
- Eg har jobba litt med det på trening, har trent på å halde nervane under kontroll. Eg veit kva eg skal gjere og korleis ein skal gjenomføre og vi fekk til det veldig bra.
SIGER: Norge slår Storbritannia i curling.
Foto: ODD ANDERSEN / AFP / NTBDei norske curlingherrane var sjølvsagt svært nøgde med sigeren som var svært viktig for at draumen om semifinale skulle leve vidare.
– Vi er vel på sporet. Akkurat denne sigeren her var ein bonus, så burde vi vel hatt med oss ein siger til frå dei andre kampane. Men når du slår Mouat – dei beste i verda – så kan du slå kven som helst. Så det her er utruleg digg før dei nesten kampane, seier Gaute Nepstad til NRK.
Og han får skryt av skip Magnus Ramsfjell.
– Eg er veldig glad for korleis gutta speler. Gaute har ein kjempekamp, med veldig bra setups som gjer at Storbritannia må spele veldig vanskelege steinar. Og vi fortset berre å trøkke på. Så får dei ein miss av Mouat i åttande omgang, som snur kampen. Eg er veldig stolt av det vi fekk til.
Feire med karaoke
Og i kveld blir dei feiring for dei norske herrane.
– Det er karaoke i landsbyen i Cortina i kveld. Så dit skal eg og forhåpentlegvis alle gutane og synge nokre sigerssongar, seier Gaute Nepstad.
Norge opna godt mot det britiske laget og tok det første poenget i den tredje omgangen etter at britane hadde nulla dei to første rundane.
Ved pause var det uavgjort 2–2 på isen i Cortina.
– Vi har spelt kjempebra. Dei har ikkje fått noko gratis. Berre å halde fram med det vi har gjort no, sa reserve Wilhelm Næss til NRK i pausen.
Avgjorde på siste stein
Norge heldt fram det gode spelet mot verdseinarane etter pausen. I sjuande runde utlikna nordmennene til 4–4 før dei etter ein tabbe av skip Bruce Mouat gjekk opp i føringa 6–4.
Britane kom tilbake og før siste runde låg alt til rette for ein thrilleravslutning. Norge hadde siste stein og den sikra norsk siger.
– Det er ganske rått. Eigentleg dritbra spel av begge lag. Det å komme ut sigrande med ein sånn siste stein. Det er nydeleg, fortel Bendik Ramsfjell.
GLEDE: Dei norske herrane skal feire med karaoke etter at dei slo Storbritannia i curling.
Foto: Jennifer Lorenzini / Reuters / NTBTre svært tøffe oppgjer står igjen for dei norske curlingherrane.
Tysdag møter Noreg regjerande OL-meister Sverige. Etter det ventar stornasjonar som både Sveits (onsdag) og Canada (torsdag).
Med fire sigrar og to tap i gruppespelet er Norge no på ein 3. – plass i gruppa. Dei fire første går vidare til semifinale.
- Ein seier at 6-3 bør halde nesten kvar gang. 5-4 kan også gå. Visst vi tek to sigrar på dei siste tre så vil eg sei at vi har veldig gode moglegheiter, oppsumerar Mangus Ramsfjell.
Publisert 16.02.2026, kl. 17.05 Oppdatert 16.02.2026, kl. 17.36










English (US)