Norsk ambulanse bomba i Ukraina – no er ein ny klar til levering

7 hours ago 4


På veg frå fronten med ein skadd ukrainsk soldat om bord, vart ambulansen treft av ein granat og skoten på. Pasienten døydde, medan dei to i framsetet overlevde.

– Det er litt rart. Eg hadde mange timar i den bilen då eg køyrde aleine frå Polen til Kyiv.

Helge Enerstvedt granskar bilda frå Ukraina. Den opphavlege gulfarga på den norske ambulansen, som dei personleg overleverte for eit år sidan, visast på nokre av vrakrestane.

en ødelagt bil i gresset

Litt av den originale gulfarga dukkar fram i vrakrestane.

Foto: Ukrainsk hjelpearbeidar / NRK

en mann med briller

Helge Enerstvedt køyrde ambulansen, som vart bomba, til Ukraina. Til vanleg er han fastlege i Hol.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Dette var ein bil i god stand, som me eigentleg var veldig stolte av å kunne overlevere. Så går det berre nokre månader, og han er totalt øydelagt.

Sjølv om spelereglane i krig seier at ein skal vera beskytta når ein representerer sanitet og helse, viser det seg ofte at det motsette skjer. Naudhjelpa blir bombemål.

Geir Atle Mylius fortel at det difor er viktig at ambulansar i krigsområde ikkje visast godt i terrenget. Stikk motsett av slik det er i Norge.

en mann som smiler til kameraet

Geir Atle Mylius er ambulansearbeidar og er styreleiar for LIV Norge.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Ukrainarane fjernar alle refleksar, og så blir bilen lakka i ei matt grøngrå farge, som gjer at han er lite synlege for kikkertar og dronar.

Snart ny ambulanse klar til levering

Karane, som jobbar for den vesle hjelpeorganisasjonen LIV Norge, mistar ikkje motet, sjølv om dei hadde lagt ned mykje tid og arbeid i å skaffe ambulansen og få han til Ukraina. Med erfaring frå sanitetsarbeid for FN i krigsområde i Libanon og på Balkan, kjenner dei godt til realitetane ved krig.

Skjermdump av ei tekstmelding sendt frå ein kontakt i Ukraina

Meldinga frå Ukraina til hjelpeorganisasjonen, LIV Norge, har ein sørgeleg bodskap

Foto: Skjermdump

No har dei snart ein ny ambulanse klar til levering. Den skal innreiast som alle norske sjukebilar, slik at han er klar til å ta eit oppdrag når han kjem til Ukraina.

to menn som står ved siden av en gul ambulanse

Denne bilen har gått som ambulanse Gudbrandsdalen, og skal snart køyrast til vidare teneste i Ukraina.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Når me har fått på plass alt medisinsk teknisk utstyr, skal me fylle bilen til randa med operasjonsutstyr, eingongssengetøy og primusar. Og så har me fått tak i 82 hjartestartarar, fortel Mylius.

Noko av utstyret skal til sjukehus i Kyiv og Dnipro, medan andre ting går rett til forsvaret ved fronten. Ved hjelp av gode kontaktar, veit dei korleis dei må opptre og kva som må til for å sleppe inn i landet.

en person som bærer en stabel med hjertestartere

Geir Atle Mylius med hjartestartarar som skal til Ukraina.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Gir ein ekstra motivasjon

Motivasjonen for å hjelpe er større enn nokon gong og todelt, fortel Helge Enerstvedt:

– Det eine er det reint menneskelege. Det er både soldatar og sivilbefolkning i Ukraina som lid under den striden som går føre seg. Det andre er det bildet eg har av dette landet som no står og held på porten mot nokon som er aggressiv og vil vidare. Eg føler at Ukraina i augeblikket no tek støyten for resten av Europa.

et par menn som sitter i en uinnreda ambulanse

Helge Enerstvedt og Geir Atle Mylius skal innreie ambulansen før dei køyrer den til Ukraina.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Geir Atle Mylius fortel at han opplever at det betyr mykje for ukrainarane at nokon prøvar å hjelpe dei, sjølv om det er ein drope i havet.

– Sjølvsagt vart dei glade for utstyr. Men det at me tok turen med den risikoen det var, og med alt arbeidet det innebar, sa mange at dei sette veldig pris på.

At det blir så godt mottatt, er løn for strevet og fint å kunne fortelje familien, når ein kjem heim frå landet der krigen herjar.

– Ein ofrar jo litt. Ungar og kone sit att heime, og synest ikkje dette er kjempestas. Å kunne ta med slike historier heim, og fortelje kor glade ukrainarane er for at me kjem, gir jo ein ekstra motivasjon, det òg.

Publisert 07.07.2025, kl. 11.41

Read Entire Article