Noregs britiske trenar: – Det finst to typar nordmenn

7 hours ago 1


– Eg gjekk på ski for første gong i vinter. Eg hadde god balanse oppover, men skjønte ikkje heilt kor fort det kom til å gå nedover. Det gjekk som det måtte gå.

Engelske Gemma Grainger er i godt humør der ho sit i baksetet i ein bil saman med NRK.

Noregs kvinnelandslagssjef har tatt oss med på køyreturen frå treningsfeltet i Lillestrøm til Sognsvann i Oslo.

– Så du James Cordon hadde det showet som heitte «Carpool karaoke»? Det er litt som det opplegget vi har her nå. Men han hadde Celine Dion, Adele og One Direction i baksetet, du har dessverre fått meg, spøker ho.

Snart EM

Det er rett før det brakar laus med fotballhøgdepunktet i sommar i Sveits, fotball-EM for kvinner.

Som landslagssjef veit Grainger godt at ho er hovudansvarleg for Noregs skjebne.

Blir det fiasko i EM, er det ikkje sikkert ho har jobb når sommaren er over.

Men det kan også bli ein sommar som gjer at nordmenn trykker henne til brysta sine.

Etter fleire meisterskap på rad med dårlege resultat er folk svoltne på ny suksess for eit kvinnelandslag som tidlegare har utretta store ting.

Og da vil kjærleiken i så fall vere gjensidig.

Grainger, som kjem frå Middlesbrough, ein liten by nordaust i England, har nemleg blitt svært glad i Noreg på den korte tida sidan ho fekk jobben i januar 2024.

en person som ser på en gruppe mennesker på et jorde

BILTUR: NRK fekk bli med landslagssjefen på biltur.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Kygo, brunost og lomper

Ho høyrer ofte på norsk musikk, og nemner «Levva livet» av Sambandet og Åge Aleksandersen som eit eksempel på ein song ho høyrer på.

Men ho er enda større «fan» av Kygo. Faktisk så mykje at ho betalte for å få tilgang til ein virtuell konsert med bergensaren under korona-nedstenginga. Ho høyrer på Kygo «heile tida».

Og ikkje få henne til å begynne om den norske maten ...

– Eg liker maten. Eg liker verkeleg maten. Men eg liker også folka her. Eg kjenner meg alltid trygg når eg er her, og kjenner meg alltid veldig velkommen, seier ho.

Skiturar er éin ting. Men ho har vore opptatt av å prøve ut andre delar av norsk kultur.

Brunost, for eksempel, var ho litt nølande til. Men ho smakte og synest det var overraskande godt.

Norske lomper er ein annan ting. Nå har ho blitt avhengig og kjøper med seg fleire pakkar når ho flyg heim til England for å vere der.

– Vi har ikkje sånne lomper der, seier ho.

Gemma Grainger

SPENT FØR EM: Noreg skal snart i elden i Sveits.

Foto: Vegard Grøtt / Bildbyrån

– Det finst to typar nordmenn

Intervjuet går føre seg på engelsk, men ho forstår norsk betre og betre. Når ho er på butikken, liker ho å sjekke om ho kan komme seg gjennom handleturen utan at nokon oppdagar at ho er frå utlandet.

42-åringen har også gjort nokre fascinerande oppdagingar om Noreg og nordmenn det siste halvtanna året.

Ho har blant anna lært om hyttekulturen.

– Eg har skjønt det nå. Kva gjer nordmenn når dei har fritid? Dei drar til hytta. Men det har eit familieelement ved seg, så eg liker det, seier ho.

Grainger trekker fram nordmenns haldningar og openheit som noko som verkeleg skil seg ut frå det ho har opplevd tidlegare.

Da ho fekk landslagsjobben leste ho raskt ei bok for å få ein forsmak på kva som venta henne.

– Den handla om norsk kultur, noko som fekk meg til å le. Der stod det at det finst to typar nordmenn: Korleis dei er med alkohol og korleis dei er utan alkohol. Og det har eg sett mykje nå, så det er morosamt.

en person som ser på en gruppe mennesker på et jorde

LIKER SOGNSVANN: Grainger har derfor flytta inn i ei leilegheit like i nærleiken.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Fekk hakeslepp av Finn-søk

Men éin ting har ho lite til overs for i Noreg.

Grainger, som lenge budde i Leeds og pendla til Oslo for å jobbe, bestemte seg etter kvart for å leite etter ei eiga leilegheit i hovudstaden.

Det blei også eit møte med norske bustadprisar.

– Eg gjekk på Finn-appen og skjønte veldig raskt at eg ikkje kom til å kjøpe noko i Oslo. Det er galskap, så dyrt det er, seier ho.

Ho enda opp med å leige ei leilegheit i nærleiken av Sognsvann, som passa henne bra med den korte avstanden ned til kontora på Ullevaal stadion.

Grainger har ifølge NFF ei lønn på godt og vel 2,3 millionar kroner i året for å trene det norske kvinnelandslaget. Ho fekk i tillegg 330.000 kroner i bonus for å ta Noreg til EM-sluttspelet i Sveits.

– Du valde å leige?

– Eg må finne meg ein millionær om eg skal kjøpe eit hus i Oslo. Eg veit kor dyrt det er å bu her. Eg ville gjerne, men eg enda opp med å leige ei leilegheit, seier ho.

en person som ser på en gruppe mennesker på et jorde

VALDE Å LEIGE: Gemma Grainger tok seg ikkje råd til å kjøpe noko i Oslo.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Actionfilmar og Drillos faste tur

Grainger seier ho har blitt fortald at runden rundt Sognsvann er ein tur tidlegare landslagssjef Egil Drillo Olsen har gått tallause gonger.

– La oss håpe det bringar lykke at eg nå har begynt å gå same tur, seier ho.

Mens pressesjef Henning Sverdrup styrer bilen, fortel Grainger i baksetet at ho er ein person som set pris på det enkle i livet.

Når ho ikkje er på jobb, går dagane med til å vere med venner, partnar, spele golf, padeltennis og sjå actionfilmar på TV.

Ho elskar actionfilmar – og særleg med Jason Statham i hovudrolla. Da koplar ho hjernen heilt av.

Gemma Grainger Geri Halliwell

SPICE GIRLS-FAN: Gemma Grainger måtte ta bilde med Geri Halliwell da høvet baud seg sist meisterskap. Ho blir ikkje starstruck av mange, men her blei ho det.

Foto: Privat / med tillatelse

– Vil ikkje at folk skal tru eg er så kjedeleg

Men det er fotball som samanfattar Gemma Grainger. Ho ser nemleg uhorveleg mykje fotball.

– Å gud. Eg vil ikkje at folk skal tru at eg er så kjedeleg. Men eg kan gi deg eit eksempel. I går, da eg var ferdig med jobb, drog eg for å sjå Skeid spele heimekamp mot Sogndal i førstedivisjonen til herrane. Så drog eg heim og såg Tyskland U21 mot England U21. Det høyrest forferdeleg ut, men fotball er ein så stor del av kven eg er, seier ho.

Nerdingen og kjærleiken til fotball er noko av det NFF-president Lise Klaveness blei overtydd av da ho gav Grainger jobben i fjor vinter.

Men sjølv om fotballen er altoppslukande, prøver ho å få prioritert tid med dei viktigaste personane i livet hennar når det er mogleg.

– Kven er dine, kven er nøkkelpersonar du går til og som støttar deg i det du gjer?

– Det er nær familie, som er far, mor, søster og bror, partnaren min og mine beste venner. Dei held alle til i Storbritannia. Kvar gong eg kjem tilbake til England, vil vi berre ete mat og drikke raudvin saman. Eg har eit lite nettverk av menneske rundt meg, fortel ho.

gemma grainger 13

MÅ HA IS: Pressesjef Henning Sverdrup og Gemma Grainger måtte ein tur innom kiosken på Sognsvann.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Bilturen til Sognsvann nærmar seg slutten.

Grainger vender seg til pressesjef Henning Sverdrup og spør om det er noko ho har gløymt å fortelje om seg sjølv, men Sverdrup svarer med ein spøkefull kommentar om favorittlaget Luton.

– Han snakkar alltid om Luton, seier Grainger.

Den 42 år gamle landslagssjefen, som fyller 43 same dag som det skal spelast EM-kvartfinale den 17. juli, merkar at ho har sommarfuglar i magen før meisterskapen brakar laus.

Målet er å komme seg vidare frå ei gruppe alle stempla som ei draumetrekking.

– Vi kan ikkje tenke lenger enn det. Men viss folk seier: «Kan Noreg vinne EM?» Da seier eg: Alle lag kan vinne. Vi er alle med i konkurransen.

Med norsk suksess i EM er det ikkje utenkeleg at Grainger må gjere eit nytt Finn-søk etter fast bustad i Oslo.

Her hopper NRK-reporteren fra 13 meter: – Får bare gjøre det 00:50

Publisert 30.06.2025, kl. 06.06

Read Entire Article