Laurdag skal det norske herrelandslaget møte Israel til kamp. Noreg må helst vinne for å kvalifisere seg til fotball-VM i 2026.
Samstundes meiner fleire at kampen ikkje burde bli spilt. Det er varsla fleire markeringar til støtte for befolkninga i Gaza.
Torgeir Lindstad, stabssjef i Oslo-politiet, seier kampen fell innafor Politiets sikkerheitsteneste (PST) sin trusselvurdering, som seier at trusselen mot jødiske og israelske mål i Noreg er skjerpa.
– Vi set på både synlege og usynlege tiltak, seier han til NRK.
Stabssjef i oslopolitiet Torgeir Lindstad seier dei har tett dialog med Noregs Fotballforbund.
Foto: SIMON SOLHEIM / NRKTryggleiken rundt kampen er den mest omfattande på ein norsk heimelandskamp nokon gong.
Tidlegare denne veka melde politiet at dei har etablert vakthald rundt hotellet dei israelske spelarane skal bu på.
– Både Noregs Fotballforbund og politiet bruker meir ressursar enn vi pleier å gjere.
Lindstad seier det ikkje er kome nokre konkrete truslar i samband med kampen og at dei er ganske sikre på at det blir eit trygt arrangement på Ullevål stadion laurdag.
– Kan du seie noko om kor dyrt det er å gjennomføre eit slikt arrangement?
– Det er dyrare enn ein vanleg fotballkamp, men det er også viktig å ta vare på deltakarar, publikum og andre i forbindelse med eit slikt arrangement.
Javad Parsa / NTB
Tryggingstiltak før kampen:
Det er gjennomførast ei rekke sikkerheitstiltak frå politiet i forbindelse med kampen.
I tillegg er det endringar på kollektivtrafikken.
Stian Lysberg Solum / NTB
På stadion
- Sekkar og store bagar blir ikkje tillate, berre vesker innafor A4-storleik.
- Politiske aksjonar inne på stadionet er ikkje lov.
- Såkalla «Palestina-skjerf» er lov.
Vegard Wivestad Grøtt / NTB
Utanfor stadion
- Stadionet opnar to timar før kamp (klokka 16), og det vil ta lenger tid enn vanleg å kome inn.
- Supporterbutikken blir stengd på kampdagen, og det blir heller ikkje «fan zone».
- Publikum blir bedt om å respektere sperringar utafor stadionet.
- P-huset på Ullevaal stadion blir stengt klokka 12.
Ismail Burak Akkan / NRK
På veg til stadion
Alle bilvegar inn til stadion blir stengde tre timar før kamp:
- Sognsveien frå avkøyring Ring 3 til rundkøyringa John Collets plass.
- Avkøyring Ring 3 opp til Berg rundkøyring.
- Kaj Munks veg frå rundkøyringa Tåsen til Berg rundkøyring.
Benyamin Farnam / NRK
Oppfordring frå politiet
Politiet anbefaler publikum som skal på kampen eller skal inn og ut av området til å ta kollektivt.
Det blir utfordrande å køyre og parkere i og ved Ullevål stadion denne dagen, opplyser Oslo politidistrikt.
Politiet
Avgrensingar i luftrommet
Frå torsdag klokka 18.00 til søndag klokka 11.00 vil det vere et større luftrestriksjonsområde enn vanleg i Oslo politidistrikt.
Ksenia Novikova / NRK
Kollektivtrafikken laurdag
I tillegg til tryggingstiltaka er det også endringar i kollektivtrafikken laurdag:
- Ein time før kampstart, klokka 17, vil alle trikkar og T-banetog i Oslo stå stille i eit kvarter.
Oslo S stenger all togtrafikk frå laurdag kveld klokka 21.15 til søndag morgon klokka 07.15.
- Ein time før kampstart, klokka 17, vil alle trikkar og T-banetog i Oslo stå stille i eit kvarter.
– Alltid vanskeleg
Det er ikkje berre politiet som førebur seg. Det gjer også Oljeberget, Noregs supporterklubb.
Torstein Harman er styremedlem og akkurat ferdig med å rigge til på stadionet med trommer og flagg når NRK snakkar med han.
– Vi har først og fremst fokus på fotballkampen som skal spelast, seier Hamran.
I september protesterte demonstrantar utanfor Ullevål stadion.
Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRKLikevel blir denne kampen litt annleis. Oljeberget har mellom anna stilt seg bak ei kampanje Amnesty International og Redd Barna arrangerer, kalla «La barna leve».
– Vi kjem også til å halde opp eit banner kor det står «Let children live» i forkant av kampen på Ullevål stadion.
Han seier supporterklubben har hatt blanda følelsar sidan kampen blei annonsert.
– Vi har innsett at det kjem til å vere ein politisk diskurs rundt kampen. Det er sjølvsagt alltid vanskeleg, men når den først skal spelast ønsker vi å støtte opp under det norske herrelandslaget.
Hamran seier det sikkert er folk som ikkje møter opp på kampen på grunn av Israel, men at han ikkje har fått beskjed om dette.
– Dei fleste stiller opp på kampen som vanleg og støtter opp under kampanjen vår.
Trikk og T-bane står
Ein time før kampstart, klokka 17, vil alle trikkar og T-banetog i Oslo stå stille i eit kvarter.
Årsaka er at tilsette i Sporveien vil streike for å vise støtte til Palestina. Oslo Sporveiers Arbeidarforeining sin bodskap er «Stans folkemordet, oljefondet ut av Israel».
Sores Yuzer
Nestleiar i Oslo sporveis arbeiderforening
Leiar for fagforeininga, Sores Yuzer, seier dei følger LO sitt vedtak om full økonomisk boikott av Israel.
– Når det kom ein fotballkamp samtidig så tenkte vi at det var eit fint tidspunkt å ha ein politisk streik på.
Både trikkar og t-banevagnar står i 15 minutt på laurdag.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK– Kva med dei som ikkje kjem seg dit dei treng på laurdag?
– Det er jo slik streikar fungerer; at dei rammar nokon. Det rammar vanlege folk det vi ønsker å oppnå her, men vi ønsker å belyse situasjonen det palestinske folket står i no.
Avspark er laurdag klokka 18.00. Du kan høyre kampen på NRK Sport.
Publisert 10.10.2025, kl. 21.43