Vinícius Júnior, heretter kalla Vini Jr., er fyren som Noreg må stoppe om det skal bli kvartfinale i VM. Han har dansa seg gjennom ein fattig barndom og blitt Brasils nye fotballgud.
– Det er Vini Jr. som alle barna vil vere når dei spelar fotball ute i gata nå, seier Bruno Piccinato de Sa frå den brasilianske TV-kanalen Rede Record til NRK.
– Han er kongen blant barna i Rio de Janeiro. Dei kjenner hans lange veg til suksess og framgang og rikdom. Og dei veit at Vini spelar for dei fattige, fortset TV-reporteren.
VIDARE: Martinelli, Vini Jr. og resten av Brasil-laget feirar avansementet mot Japan i 16-delsfinalen.
Foto: LARS BARON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTBI VM står 25-åringen med fire skåringar og ein målgivande pasning på dei fire første kampane sine. Han blei kåra til banens beste av Fifa i alle gruppespelkampane.
– Endeleg
– Nå er han endeleg også god for Brasil, seier Pedro Ramiro frå radiokanalen Rádio Craque Neto.
– Han har vore god på Real Madrid og ikkje så god på landslaget. Nå har det endra seg. Vini er på sitt aller beste her i VM. Derfor er han veldig populær blant supporterane og følgarane på sosiale medium, fortset Ramiro.
TRIVST: Vini Jr. og Matheus Cunha på Brasil-treninga fredag.
Foto: MAURO PIMENTEL / AFP,NTB– Dei ser på han som ein av dei, etter som han har vakse opp i favelaen og har kjent fattigdommen på kroppen.
I dag er Vinícius José Paixão de Oliveira Júnior, betre kjent som Vinícius Júnior eller berre Vini Jr., ei av dei mest lysande fotballstjernene i verda. Han voks opp i bydelen Mutuá i São Gonçalo i delstaten Rio de Janeiro. Faren, Vini Sr., var telemontør, mens mamma Tatiana tok seg av barna og heimen.
Kvardagen handla mykje om å få endane til å møtast for foreldra, men samtidig hadde dei eit brennande ønske om at barna deira skulle halde seg unna kriminalitet og trøbbel. Som brasilianske pjokkar flest starta han med å spele fotball på asfalten og høgast improviserte mål. Allereie som niåring tok foreldra han med til Rio-klubben Flamengos akademi.
Hadde ikkje råd
Der skjønte dei med ein gong at dette var eit talent heilt utanom det vanlege. Vini og mora drog med buss den lange vegen fram og tilbake til trening, men etter kvart flytta han til onkelen, som budde nærare. På Flamengos akademi gav dei vesle Vini fotballsko. Det hadde ikkje foreldra råd til.
Vegen vidare til å bli toppspelar og debutere på Flamengo allereie som 16-åring i 2017 gjekk, som for så mange andre, via futsal. Der foredla han dribleferdigheitene sine.
SKULE: Gutar spelar fotball på skulen i Sao Gonçalo, Rio de Janeiro, der Vini Jr. starta sin veg mot toppen.
Foto: Bruna Prado / AP,NTB– Vini er ein gut som aldri gløymer kor han kjem frå, seier Alinne Fanelli frå TV- og radiostasjonen Bandeirantes til NRK.
– Han vil alltid ha historia si med seg i livet og si evne til å kjempe for å nå måla sine. Det er ein del av livet hans som han ikkje gløymer og som han alltid har med seg, seier Fanelli, som også følger VM tett på plass i USA.
Han starta Instituto Vini Jr., ein velgjerande organisasjon som bruker teknologi og utdanning til å hjelpe fattige barn i São Gonçalo og andre delar av Brasil. Han ønsker å gi dei barna som veks opp i same kår som han sjølv, ein betre sjanse i livet.
– Kan skåre mot Noreg
– Han er den viktigaste for Brasil nå, seier NRK-ekspert Bengt Eriksen.
Brasils nummer sju har verkeleg prikka inn forma i VM. Han seier det også sjølv. Dei brasilianske journalistane er klare på at dei aldri har sett han betre i den gule overdelen og den blå shortsen.
– Får han fritt spelerom, kan han skåre både eitt og to mål mot Noreg, seier Eriksen.
Real Madrid-spelaren har lenge slite med å prestere på øvste nivå for Brasil. Ni mål på 49 kampar før VM var ikkje så mykje å skryte av. Så fekk han den gamle sjefen sin som landslagstrenar. Under Carlo Ancelotti har det losna.
HJELPER FATTIGE: Yuri Rodrigues da Silva er ein av elevane som får betre utdanning takka vere Vinis velgjerdsorganisasjon.
Foto: DANIEL RAMALHO / AFP,NTBKlarer Noregs høgreback, kven det enn måtte bli søndag kveld, å stå imot?
Bengt Eriksen svarer:
– Om han rusar fram, så blir han berre overspelt. Han må stoppast tidsnok og leiast utover, seier NRKs ekspert.
Han tar utgangspunkt i at Marcus Holmgren Pedersen startar kampen mot Brasil og meiner at Vini jr. ikkje bør få dra seg innover og skyte.
– Da må han få hjelp, enten frå midtstoppar Ajer eller frå midtbanen. Det klarer han ikkje aleine. Vi må unngå ein ny Bjørkan-Dembélé-situasjon.
Ryerson har dårlege minne
Eriksen siktar til Noregs kamp mot Frankrike, der Fredrik Bjørkan blei isolert utan hjelp mot Ousmane Dembélé, som skåra hat trick.
Det er usikkert kven som blir Noregs høgreback søndag kveld. Det står mellom Marcus Holmgren Pedersen, Fredrik Aursnes og Julian Ryerson.
Ryerson måtte ut med skade mot Senegal. Han har møtt brasilianaren tre gonger med klubblaget Borussia Dortmund. Det har resultert i tre tap der Vini jr. har skåra fire mål. I meisterligafinalen i 2024 blei Ryerson regelrett parkert i ein duell mot den kjappe brassen.
GAMLE KJENDE: Ancelotti og Vini Jr. kjenner kvarandre frå Real Madrid.
Foto: VINCENT CARCHIETTA / REUTERS,NTB– Ancelotti kjenner Vini Jr. godt. Ancelotti har prøvd å bygge eit lag som vernar Vinis talent, seier Paulo Vinicius Coelho, sportskommentator for den brasilianske nettportalen UOL, til NRK.
– Den mest talentfulle spelaren i Brasil i dag er ikkje Neymar. Det er Vini. Han er heilt avgjerande for at Brasil skal gå vidare.
– Den beste
Ståle Solbakken blei også spurd om Vini Jr. på pressekonferansen sin fredag. Han svarte slik på om dei måtte gjere spesielle trekk for å stoppe den venstre kantspelaren til Brasil.
– Ja, det blir jo alltids tatt nokre omsyn. Men vi spelar sonesystemet vårt, så det blir ikkje noko mannsmarkering eller noko sånt. Vi spelar soneforsvaret vårt same kven vi møter.
– Dette er den beste Vini Jr vi har sett i Brasils landslagsdrakt, seier Bruno Piccinato de Sa, frå TV-kanalen Rede Record.
– Han er fysisk, mentalt og teknisk så mykje betre enn vi har sett han før, seier Alinne Alinne Fanelli.
Publisert 05.07.2026, kl. 14.33

















English (US) ·