– Personleg meiner eg moglegheita hans kom seint, men ho kom til slutt, og han har utnytta den maksimalt.
Det seier Bruno Francisco til NRK. Han er kommentator i Benfica-podkasten Visão Vermelha og lèt seg begeistre av det Noreg-juvelen Andreas Schjelderup har prestert dei siste kampane.
Gjennombrotet har nemleg latt vente på seg.
Mange hadde store forventningar då han for litt over to år sidan signerte for den portugisiske storklubben Benfica, som betalte 14 millionar euro for å sikre seg signaturen hans.
Men tilværet i Portugal blei ikkje som verken han eller klubben hadde sett for seg.
Solbakken: – Håper det held fram
Den driblesterke vingen fekk først så lite speletid at han reiste tilbake til FC Nordsjælland på lån i august 2023, før han i sommar vende tilbake til Benfica for å freiste lykka for andre gong.
Standhaftigheita har begynt å betale seg.
No har han starta tre strake kampar for den portugisiske storklubben og scora mål i dei to siste.
Først sette han inn eit vakkert mål då Benfica vann ligacupfinalen mot rivalane Sporting, før han scora eit nytt viktig mål for Benfica då laget vann 3–1 over Farense i den gjævaste portugisiske cupen tysdag. Nettsida Goalpoint kåra han til den beste spelaren på bana.
– Eg håper det held fram. Men det er for tidleg å konkludere noko etter to og ein halv kamp, seier landslagssjef Ståle Solbakken til NRK.
Schjelderup: – Har alltid hatt trua
Schjelderup meiner sjølv han har klart å halde på roa, sjølv om speletida lenge har latt vente på seg.
– Eg har alltid hatt trua, pressa meg på trening og venta på ein sjanse til å vise kva eg kan gjere, for eg ønsker alltid å hjelpe laget. Eg vil hjelpe trenaren å vinne titlar, vinne kampar, det er derfor eg er her, seier Schjelderup til portugisiske Sport TV.
Han har så langt ikkje svart på NRKs førespurnader.
Podkast-profilen Bruno Francisco følger klubben svært tett og har latt seg imponere stort av den norske 20-åringen.
– Schjelderup har prestert veldig bra. Han har endeleg fått speletida talentet hans fortener og har klart å hjelpe laget i avgjerande kampar. Han har tilført djervskap, avslutningsevne og kreativitet, seier Francisco til NRK.
– Trur ikkje nokon tvilar på han lenger
Benfica-eksperten fortel at gjennombrotet til 20-åringen er etterlengta blant Benficas tilhengarar.
– Ein stor del av fansen har alltid ønskt at Schjelderup skulle spele. Talentet hans er openbert, og Andreas presterte godt i sesongoppkøyringa. No trur eg ikkje nokon tvilar på han lenger. Desse kampane har vist kor mykje han kan bidra til laget, og han har alt som skal til for å bli ein av favorittane til fansen, seier Francisco.
Den italienske overgangsjournalisten Fabrizio Romano, som er kjent for å ha god oversikt over kva som rører seg i store klubbar i Europa, skriv på X etter Benfica-kampen tysdag at nordmannen har vore ettertrakta trass i lite speletid i Portugal.
– Nederlandske, spanske og tyske klubbar ønskte han, men Benfica ser på han som eit topp talent for både notid og framtid, skriv Romano.
Ifølge den portugisiske avisa Record skal Ajax vere blant klubbane som har Schjelderup på blokka i januar, men nederlendarane skal ha blitt møtt av ei kald skulder hos Benfica.
– Kan bli ein nøkkelspelar i tittelkampen
Kontrakten hans går ikkje ut før sommaren 2028. Francisco kjenner seg sikker på at Schjelderup får mykje speletid også i tida som kjem.
– På kort sikt trur eg han kan bli ein nøkkelspelar for laget i tittelkampen, seier Francisco.
Benfica ligg tre poeng bak Sporting i den heimlege ligaen etter 17 serierundar.
– Akkurat no tilfører han noko uventa i Benficas spel, og laget har mangla denne kreativiteten. Eg trur han vil bli enda viktigare når han får meir fysisk styrke, for teknisk sett er han allereie noko av det beste som finst i Portugal, seier han.
Benfica-eksperten meiner Schjelderup har mykje å takke den norske lagkameraten sin Fredrik Aursnes for. Den tidlegare Molde-profilen er ein av klubbens viktigaste og mest brukte spelarar.
– Han har vore ein nøkkelperson i å hjelpe Schjelderup med å tilpasse seg klubben og landet. Eg meiner Aursnes fortener anerkjenning, seier han.
Benficas neste kamp blir spelt heime mot Famalicao i ligaen fredag kveld.
– Hei, jeg ser hvor du stirrer hen! 01:31
Publisert 16.01.2025, kl. 20.09 Oppdatert 16.01.2025, kl. 20.12