– Eg tenkte me kunne gå inn i den norskaste delen.
Fridtjof Lyse Falk visar veg innover i eit av dei finare kontorbygga i Juba, Sør-Sudans hovudstad.
Falk er norsk diplomat, og har kontor i same bygg som kollegaer frå land som Canada og Nederland. Medan svenskane har sendt sine diplomatar heim, så blir Noreg værande i Sør-Sudan.
– Me støtter det at Sør-Sudan skal bli eit fungerande demokrati, så me jobbar vidare mot det målet, seier Lyse Falk,
Lovnadane som aldri skjedde
Men. Han legg ikkje skjul på at ikkje alt går som smurt.
– Eg kom hit for to månader sidan, og kom inn i det med opne auge. Eg visste at det låg dårleg an for eit val i desember 2024, så sjølve utsettinga kom jo ikkje som eit sjokk, seier han.
Sør-Sudan er eit land som ligg mot botnen av dei fleste utviklingsindeksar. Samtidig kjempar dei heilt i toppen på korrupsjonsindeksane.
Landet er heller ikkje noko demokrati endå. President Salva Kiir, og andre mektige toppar i Sør-Sudan, har ikkje halde lovnadane.
Også valet som skulle bli arrangert innan utgangen av 2024 vart tidlegare i år utsett med to nye år.
Det har vore få teikn til valførebuingar, og ein viktig grunn kan vere at statlege tilsette ikkje har fått løn sidan oktober – i fjor. Ein annan grunn kan vere at landets leiarar heller tenker at dagens situasjon er betre for dei. For dei får framleis god løn.
Maktkamp
I Sør-Sudans 13 år unge historie har leiarane i landet brukt mykje tid på å posisjonere seg best mogleg. I motsetnad til folk flest, så tenar leiarane stort på landets oljeinntekter.
Djup fattigdom, omfattande korrupsjon og etniske konfliktar er store utfordringar. I tillegg er olja landets einaste økonomisk bein. Og det er ofte eit ganske ustøtt bein.
Men.
– Det kunne vore veldig mykje verre, og det har vore veldig mykje verre, seier Lyse Falk, og hintar til borgarkrigen som prega Sør-Sudan for nokre år tilbake.
Akkurat no går det føre seg forhandlingar i Nairobi. Målet er at ord, og ikkje våpen, skal bli brukt for å finne ein veg framover for Sør-Sudan.
– Demokratiske val skal liksom bringe fridomar som er viktig for landet, og folkets interesser skal bli lytta til. Men no skjer ikkje det, seier James Boboya, som er ein skuffa sivilsamfunnsleiar NRK møter i Juba.
Han meiner Sør-Sudans mange problem berre vil halde fram så lenge leiarane ikkje er avhengige av folkets tillit for å behalde makta. Pengane strøymer inn til samfunnstoppane, mens folkets problem ikkje blir løyste.
Skuffa norsk utanriksminister
Noregs utanriksminister er blant dei som har oppdatert seg på forhandlingane, mellom anna då han besøkte Nairobi tidlegare i år.
– Bør Noreg stanse støtta til Sør-Sudan, gitt mangelen på framgang?
– Eg synest ikkje me skal hoppe av, men me skal derimot vere endå tydelegare på at me no må sjå framgang, seier Espen Barth Eide.
Tal som NRK har fått frå Norad viser at Noreg sidan 2011 – året Sør-Sudan vart eit uavhengig land - har gitt 2,2 milliardar kroner til prosjekt under kategorien «styresett, sivilsamfunn og konfliktførebygging». Ein del av pengane har hatt som mål å bygge demokrati i Sør-Sudan.
Barth Eide er ikkje nådig i sin dom over oppfølginga av lovnadane som vart gitt då landet vart sjølvstendig i 2011.
– Då var det ei rekke lovnader frå både president Salva Kiir, og hans dåverande visepresident Riek Machar, om kva dei skulle få til i landet. Det har dei ikkje levert på i det heile tatt, og me som har vore blant deira næraste vener, både i fredsprosessen og i forsøket på å bygge stat etterpå, må kunne seie med ettertrykk at me er veldig skuffa.
Noreg gir ikkje pengar til staten Sør-Sudan, men bidrar med omfattande støtte til sivilsamfunn og organisasjonar som jobbar blant vanlege folk i Sør-Sudan.
Og det skal Noreg halde fram med, meiner utanriksminister Barth Eide.
– Me kan jo ikkje gløyme menneska fordi styresmaktene ikkje klarer å oppføre seg. Så eg har ikkje tenkte med å slutte det engasjementet, men eg ønsker å bruke det til at Sør-Sudan kjem til ein betre stad.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå sørsudanske styresmakter, og har kontakta både president Salva Kiir sin pressetalsperson og landets utanriksdepartement. Det har ikkje ført til noko konkrete svar på kommentarane til Espen Barth Eide.
Også Norsk Folkehjelp er kritiske
Norsk Folkehjelp er blant bistandsorganisasjonane som har jobba mest i Sør-Sudan, og hadde lenge tette band til SPLM – som er partiet til dei fleste som styrer i dagens Sør-Sudan.
No tek organisasjonen avstand frå sine gamle vener, og «Folkehjelpa» sin generalsekretær seier han er skuffa over det som skjer i landet.
– Eg trur mange no føler at det ikkje finst fleire unnskyldningar for å ikkje sette i verk eit val, seier Raymond Johansen.
Han er likevel einig med utanriksminister – og partikollega – Barth Eide, og meiner Noreg må halde fram støtta til sivilsamfunnsorganisasjonar i Sør-Sudan. Kanskje ikkje så overraskande, då dette også betyr støtte til Norsk Folkehjelp sine prosjekt.
– Me har støtta dei sivilsamfunnspartane som er ein del av grunnlaget i det sørsudanske samfunnet. Også trur eg det er veldig klokt at den norske regjeringa ikkje lenger gir noko direkte støtte til regjering eller stat i Sør-Sudan, seier Johansen.
Sivilsamfunnsleiar Boboya er ein av dei som samarbeider med Johansen, og han omtaler Noregs støtte som heilt naudsynt for at lokale organisasjonar skal klare å utfordre makta i landet.
– Støtta frå Noreg har vore der for oss, og vil også fortsette å få sørsudanarar engasjert, og styrke våre samfunnsstrukturar, slik at me kan behalde håpet om at me ein dag kan bygge eit godt lokalsamfunn.
Publisert 21.12.2024, kl. 22.16