Nordmenns grillfavorittar rammes av nytt EU-forbod

2 hours ago 2


Røykaroma blir tilsett matvarer som kjøtt, fisk eller ost, og er eit alternativ til den tradisjonelle røykeprosessen.

Tidlegare har røykaroma blitt sett på som tryggare enn å røyke maten, men dette ser ut til å ha vore ei sanning med modifikasjonar.

Det er frykt for kreft som er grunnen til forbodet, ifølge seniorrådgivar i seksjon for kjemisk mattryggleik i Mattilsynet, Ellen Kielland,

– Risikovurdering frå EFSA konkluderte med at røykaromaene inneheld stoff som kan vere gentoksiske. Det vil seie at dei kan forårsake kreft hos menneske ved å skade arvematerialet, forklarar ho.

På same tid understrekar ho at røykaroma blir tilsett i små mengder, og vi får i oss lite av desse stoffa.

Likevel blir det eit forbod, som går utover fleire matfavorittar.

Må endre skinkeost og grillpølser

Røykaroma finst i ei rekke matvarer, blant dei vanlegaste er pølser, bacon, og skinke.

Røykaroma er også brukt for å gi røykt smak på produkt som paprika, supper, sausar, drikke og chips. Det gir også farge på yttersida av produktet ifølge Kielland.

– Røykaroma er eit produkt som er framstilt ved reinsing, fraksjonering og kondensering av røyk, og der oske, tjære og kvae er fjerna. Røykaroma kan brukast i eit røykekammer eller røykerom, forklarar ho.

Etter ein rask titt i butikken, kan ein sjå at mellom anna grillpølser og Kavli sin skinkeost inneheld slik røykaroma.

  • En pakke grillpølse i kjøledisken til Rema1000

    Grillpølse frå Gilde inneheld røykaroma.

    Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK
  • en pakke med krydret grillribbe i kjøledisken til Rema 1000

    Det gjer også grillribba til Rema 1000

    Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK
  • Skinkeost fra Kavli i kjøledisken hos Rema 1000

    Røykaroma er det også i skinkeost.

    Foto: Sunniva Grimstad Hestenes / NRK

– Vi er i gang med å sjå på alternative produksjonsmetodar, seier senior kommunikasjonsrådgivar i Nortura, Marthine Haugan Petersen.

Dei nyttar i dag røykaroma i produkt som pølser, bacon og enkelte pålegg.

– Røykaroma har lenge vore rekna for å vere den mest helsevennlege teknologien for å få røyksmak på produkta, men vi vil sjølvsagt tilpasse produksjonen vår etter dei nye retningslinjene frå EU.

Barnehagemat. Kanapeer med skinkeost og kaviar. Til ukeslutt.

Kavli sin skinkeost inneheld røykaroma, og dei må no fase ut stoffet i produktet sitt etter EU sitt forbod.

Foto: Cicilie S. Andersen

Vanskeleg å fase ut frå nokre produkt

Kommunikasjonssjef Norgesgruppen, Kine Søyland seier dei allereie har byrja med å fase ut røykaroma i fleire produkt.

– Og har allereie tatt ut røykaroma i enkelte produkt som mellom anna snacks med baconsmak og chilinøtter. Når det gjeld utfasing i kjøttprodukt med røykaroma, så har vi ikkje kome like langt, seier Søyland.

  • Kine Søyland kommunikasjonssjef hos NorgesGruppen

    Kine Søyland

    Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland.

Ho seier dette er vanskeleg fordi det ofte krev nytt utstyr hos produsentane. Tida dei har på å fase ut røykaromaene her er også lengre enn for andre produkt. Det er juni 2029, medan fristen for andre matvarer i 1. juli i år.

– Men desse er også enklare å gjere noko med, for eksempel kan ein byte ut røykaroma med røykt salt.

Dette vil føre til at produkta vil kome på marknaden i to puljar, seier seniorrådgivar i Coop, Knut Lutnæs.

– I og med at det er to ulike overgangstider for å erstatte røykaroma, på bakgrunn av kva metode for tilsetning av røykaroma som blir nytta, vil produkt utan røykaroma komme på marknaden i to puljar.

  • Knut Lutnæs Coop Norge

    Knut Lætnes

    Seniorrådgivar for kommunikasjon og myndigheitskontakt i Coop, Knut Lætnes.

Han seier dei også er i full gong med å erstatte røykaromaen i Coop sine eigne produkt.

– Målet er å justere produkta slik at kundane våre vil få like gode og velsmakande produkt som i dag.

Publisert 28.04.2025, kl. 10.33

Read Entire Article