Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_bdff49300967899bd28db35470cd7125, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nordmenn er best på gjeld. Kvifor? - NorwayToday

Nordmenn er best på gjeld. Kvifor?

1 day ago 9


Noreg er i verdstoppen når det gjeld gjeld.

Over 3,4 millionar nordmenn har kredittkort- og forbruksgjeld.

Og meir enn 1,1 millionar betaler ikkje innan tida, viser nye tal frå Gjeldsregisteret.

Kvifor har vi hamna i dette uføre? Er regelverket for dårleg?

– Mange av dei som slit med økonomi kjenner på skam. Men vi lever jo i eit forbrukarsamfunn der det er enorme marknadsføringskrefter som dytter på oss for å kjøpe no og betale seinare sjølv om vi ikkje har råd. Vi meiner ein bør sjå på marknadsføringsreglane og vi ønsker å få til eit makstak for renter og kostnadar.

Det svarar Guro Sollien Eriksrud som er forbrukarøkonom i Forbrukarrådet.

Kredittkortene ligger på rekke foran en bekymret mann som holder seg mot hodet og ser ned. Mannen har ryggen til .

Rentene på kreditt­kort er sky­høge. Det er fordi bankane tek ein stor risiko når dei låner deg pengar og ikkje tek pant i nokon av tinga dine.

Viss ein har 10.000 kroner i forbrukslån og ikkje betalar, så aukar lånet. Kvifor er det ingen reglar hindrar dette?

– Slik bør det ikkje vere. Ein slik situasjon er potensielt livsfarleg. Gjeldsproblem aukar sjølvmordsfaren. Det er nettopp den kjensla av håpløyse og at det aldri tek slutt som kan ta folk. Det finst andre land, som Sverige og Finland, som har eit slags rentetak, seier Eriksrud.

Korleis påverkar studielånet evna til å få bustadlån?

– Studielånet påverkar kor mykje du kan få i bustadlån. Det å ta opp eit studielån er ei god investering som kjem til å føre til avkastning. Ein må ikkje være redd for studielån så lenge ein fullfører innan normert tid, då blir mykje av lånet omgjort til stipend. Har du 400.000 i studielån så kan du låne 400.000 mindre i bustadlån.

Det svarar NRKS økonomi-kommentator Cecilie Langum Becker.

Kan ein forby personar kredittkort om personen tidlegare har hatt problem med å betale?

– Om ein slit med å gjer opp for seg så blir etter kvart registeret ein betalingsmerknad og det gjer at ein ikkje får tilgang til kreditt seinare. Det finst nokre høve der ein kan få lån med betalingsmerknadar. Ein kan sjølv avgrense eigen kredittmoglegheit viss ein veit at ein ikkje bør ha tilgang, oppmodar Eriksrud.

Fire kredittkort ligger oppå hverandre som en vifte i rødt, blått, grønt og lilla

Medianen på nordmenns kreditt­ramme er 50.000 kroner.

Kostar det noko i butikken om ein bruker kredittkort?

– Det kostar ingenting å bruke det om du betaler innan fristen, også er det ofte eit årleg gebyr. Bortsett frå det er det kostnadsfritt, seier Becker.

Publisert 02.06.2025, kl. 09.18 Oppdatert 02.06.2025, kl. 09.23

Read Entire Article