– Dette er nordkoreanarar som gjennom jobb i vestlege bedrifter forsøker å finansiere drifta til regimet, seier avsnittsleiar for kontraetterretningsavdelinga i PST, Atle Tangen.
I eit intervju med NRK fortel han at den første saka kom inn våren 2025. Seinare har dei fått varsel om fleire.
– Kort sagt er det nordkoreanske IT-programmerarar som søker seg jobb gjennom LinkedIn, med falske identitetspapir. Deretter utfører dei vanlege programmeringsjobbar for ulike verksemder, seier Tangen.
PST har avdekt fleire saker om nordkoreanarar som bruker falske identitetar for å jobbe med IT i norske bedrifter.
Foto: ReutersBedriftene som blir utsette har til felles at dei treng kompetansen IT-programmerarar tilbyr.
Tangen forklarer at nordkoreanarane er på jakt etter å tene pengar til regimet.
Dei bruker også nokre av dei same teknikkane for å få tilgang til verksemder sine datasystem for å stele teknologi og informasjon.
– Rett og slett spionasje, seier avsnittsleiar Tangen.
Forfalskingar
I trugselvurderinga til PST frå 2025 understreka myndigheitene at dei forventar aktivitet frå Nord-Korea retta mot norske mål.
PST framhevar også at dataangrep stadig blir meir krevjande å avdekke.
I 2017 innførte FN strenge sanksjonar mot Nord-Korea for å stoppe utviklinga av atomvåpen og ballistiske missil. Målet er å kutte inntektsmoglegheitene til regimet.
NRK har tidlegare omtalt Nord-Korea sine ulike metodar for å få tak i pengar.
På 1970-talet skal smugleoperasjonar ha sikra pengar til regimet.
I 2020 sende NRK dokumentarserien om moldvarpen Ulrich Larsen, som infiltrerte Nord-Korea.
Med skjult kamera trefte han representantar frå regimet i forhandlingar om våpen, narkotika og olje. Dokumentaren avslørte korleis Nord-Korea trassar FN sine sanksjonar for å skaffe seg inntekter.
Leiaren i Nord-Korea er Kim Jong-un.
Foto: AP– Sidejobbar i utanlandske firma
Vladimir Tikhonov er professor i koreansk historie ved Universitetet i Oslo.
Han er ikkje overraska over Nord-Korea sine metodar for å unngå sanksjonar.
– Nord-Korea har mange høgt kvalifiserte IT-arbeidarar. Dette er éin av konkurransefordelane landet har, fortel Tikhonov.
Vladimir Tikhonov er forskar på Universitetet i Oslo og spesialiserer seg på Korea.
Foto: Olaf ChristensenProfessoren seier at sjølv om Nord-Korea har hatt økonomisk vekst dei siste fire åra gjennom sal av våpen og soldatar til Russland, utnyttar dei ressursane sine til meir enn berre å skaffe pengar.
– Dei dyktige IT-arbeidarane søker godt betalte jobbar, og sidan Nord-Korea ikkje kan tilby høge lønningar, finn dei sidejobbar i utanlandske firma. Dette opnar også for moglegheiter til å stele informasjon, seier Korea-eksperten.
– Me antek at pengane som programmerarane tener, går til drift av regimet. Dei bruker alle midlar for å skaffe pengar til alt frå atomvåpenprogrammet til regimet si overleving, seier Tangen.
Atle Tangen er avsnittsleiar for kontraetterretningsavdelinga i PST.
Foto: Ksenia Novikova / NRKIT-arbeidet som blir utført er på eit høgt nivå og Tangen meiner det kan vere vanskeleg for ei bedrift å avsløre at dei blir lurt.
– Det er ikkje nødvendigvis så lett å avdekke. Identitetspapira er gode forfalskingar. Det er viktig å følge godt med på kven ein tilsett, som det er i alle tilsettingar, seier han.
– Inga overrasking
Leiaren for det nye beredskapssenteret for næringslivet, Lars Magne Hovtun, uttrykker bekymring.
– Dette viser mest av alt at norske bedrifter har store verdiar, som er interessante for kriminelle og statlege aktørar, seier Hovtun.
Sidan 2025 har Lars Magne Hovtun vore leiar for NSR beredskapssenter.
Foto: Hanna Hiim Sindre / NRKDei siste åra har Næringslivets sikkerheitsråd (NSR) arbeidd for å styrke sikkerheit og beredskap i næringslivet, og i november i fjor opna beredskapssenteret.
– Næringslivet møter dagleg langt større trugslar enn før, seier leiaren.
Bedrifter kan kontakte beredskapssenteret for råd, men det er myndigheitene og PST som handterer spionasje.
– Mange bedrifter har dessverre ikkje forstått kor mykje verda har endra seg og korleis det påverkar norske bedrifter, seier beredskapssenterleiaren.
Hovtun understrekar at bedrifter må vere førebudde på alle slags trugslar.
– Då er det enklare å oppdage slike hendingar, legg han til.
Publisert 22.01.2026, kl. 18.18
















English (US)