USA si kunngjering av gjengjeldingstollar liknar på det som skjedde under den store depresjonen, seier den nobelprisvinnande Simon Johnson.
Den britisk-amerikanske økonomiprofessoren er tilsett ved universitetet MIT i Boston og vann Nobels minnepris i økonomi i fjor.
Måndag morgon stuper børsen i både Europe og i Asia. Også torsdag og fredag førre veke var det stor nedgang.
Dette skjer etter at Trump innførte minst 10 prosent toll mot dei aller fleste land. Tollsatsen mot Noreg ser sett til 16 prosent. I EU, 20 prosent. Fleire land svarer no med same mynt og innfører toll på amerikanske varer.
– Ein nøyaktig parallell
– Åra etter det store børskrakket i 1929 blei starten på ein handelskrig og fleire store bankar kollapsa. Den store depresjonen tok av eit par år etter det, seier Johnson i det svenske TV-programmet Agenda på SVT.
Den store depresjonen varte frå 1929 og utover 30-talet. USA var hardt råka, men hadde ringverknadar over heile verda, også i Noreg.
Til dags dato blir det skildra som ei av dei største økonomiske krisene i verdshistoria.
Også på 30-talet hadde USA høge tollmurar, gjennom det som blei kalla Smoot-Hawley Tariff Act. Målet var å auke føderale inntekter, men historikarar og økonomar er generelt einige om at det hadde motsett effekt.
Folk i gatene på Wall Street 24. oktober 1929 under børskrakket.
Foto: NTBJohnson meiner dei første åra av den store depresjonen er ein nøyaktig parallell til det som skjer i dag.
Men der er éin forskjell. På 30-talet var det det private næringslivet som stod for den økonomiske krisa.
– No er den amerikanske regjeringa som provoserer den potensielle globale katastrofen, seier professoren.
Tek ikkje på seg «panikkhatten»
Sjeføkonom i Sparebank1, Harald Magnus Andreassen, ser også parallellane til oppsparket til den store depresjonen.
Han kallar situasjonen svært dramatisk.
– Millionar av investorar og spararar ser at galskapen til Trump er veldig øydeleggande, seier Andreassen til NRK.
Likevel peikar han på at mykje er ulikt frå den store depresjonen. Mange stader har inflasjonen returnert til eit normalt nivå. Der er heller ikkje store gjeldsbobler.
– Økonomien er ikkje så ubalansert at eit djupt økonomisk tilbakeslag skal vare lenge, meiner han.
Fondsforvaltar og investor Jan Petter Sissener let seg ikkje rive med i det han skildrar som panikk i aksjemarknaden.
– Det vi ser i dag er ikkje det same som børskrakket i 1929, så eg tek ikkje på meg «panikkhatten» no, smiler han.
Publisert 07.04.2025, kl. 18.54