No vil «alle» sjå 60 år gamle filmar

2 weeks ago 9


Cinemateket har dei siste åra sett ein trend av unge filmentusiastar på mellom 15-20 år som kjem for å utforske filmhistoria.

Ungdommen strøymar til visningar av klassikarar frå regissørar som Bergman, Tarkovskij og Godard.

– Det interessante er at dei unge kjem på desse «hardcore» klassikarane og ser på dei med heilt nye auge. Dei ser berre kunsten, utan å vite om kontroversane som kunstnarane kunne bere med seg, fortel leiar av Cinemateket, Jan Langlo.

  • En kvinne ser på en mann i uniform.

    Margarita Terekhova i den sovjetiske filmen «Speil» (Zerkalo) frå 1975, regissert av Andrej Tarkovskij.

    Foto: NTB
  • En mann og en kvinne står foran en rød cabriolet.

    Den franske skodespelaren Brigitte Bardot saman med Jack Palance under innspelinga av Jean-Luc Godards film «Forakt» (Le Mépris) i Roma i 1963.

    Foto: AP Photo / File
  • To menn sitter henslengt ved et filmkamera på stativ.

    Den svenske regissøren Ingmar Bergman (til høgre) koplar av saman med sjefsfotograf Sven Nykvist under innspelinga av «Som i et speil» på Fårö i 1960.

    Foto: AP Photo / File (edited)

Det blir stadig fleire som føretrekkjer å sjå klassiske filmar i originalt filmformat som 35mm. Filmane er for mange meir autentiske fordi det er slik filmane opphavleg vart viste, kan han bekrefte.

— Det kan samanliknast med å sjå eit ekte maleri, framfor ei digital gjengjeving.

På cinematekene i Oslo, Bergen og Stavanger har det totalt vore ein auke på 50 prosent besøkande sidan 2023, medan besøkstala for vanlege kinoar i Noreg dei same åra har halde seg stabile.

Av filmane dei viser, er 80 prosent av dei gamle filmar og klassikarar.

— Marknaden for gamal film er veksande, og det er ein trend i heile Europa å sjå klassiske filmar på kino, seier cinematek-leiaren.

en mann som står foran en bygning med et skilt på

Jan Langlo er begeistra for den aukande interessa for filmhistorie.

Foto: Elisabeth Farestvedt / NRK

Eit skritt tilbake

Ved tusenårsskiftet hadde Noreg som mål å digitalisere alle kinoane. Kvaliteten på filmene skulle bli enda betre, og distribusjonen skulle bli billigare og meir effektiv. No vender fleire tilbake til den gamle teknologien.

– Enklare teknologi kan gi ei anna form for stimulering og på den måten regulere oss kjenslemessig viss vi strevar med noko eller treng avslapping, seier psykologspesialist og forskar Line Indrevoll Stänicke.

Kvinne smiler i kamera

Line Indrevoll Stänicke forskar på utviklingspsykologi, ungdomstid og risikoåtferd ved Universitetet i Oslo.

Foto: Jan Tore Eriksen

Kva trur du ligg bak behovet for å «vende tilbake» til det analoge?

– Eg trur ein kan sjå denne trenden mange stader. Fleire kjøper platespelar, strikkar klede sjølv og lagar mat frå råvarer. Det er ein nostalgi i desse aktivitetane, og ei sunn søking etter noko rolegare.

På digital «detox»

I 2025 ønska 7 av 10 unge å bruke mindre tid på telefonen og ha fleire fysiske opplevingar.

På Cinemateket i Oslo treffast ein gutegjeng kvarandre for å sjå komedien «El Jockey». Det er første gong venene er saman på kino:

— Vi hadde ei interesse for filmen og bur for trangt til å sjå den saman heime, seier Hilmar Elverhøy.

Han fortel at det er stor skilnad på å dra på kino med vener og streame film heime.

— Eg trur filminteressa vår forsvinn med all scrollinga på sida av filmen, medan i ein kinosal skal ein ikkje vere på telefonen.

en gruppe mennesker som sitter i en kinosal

Gutane er bekymra over kor raskt den teknologiske utviklinga går.

Foto: Elisabeth Farestvedt / NRK

Følelsen av å måtte leggje bort mobilen ei stund er det som gjer filmopplevinga heilt unik for venene. Fleire i gruppa har teke grep for å vere meir til stades, som å fjerne alle sosiale medium på mobilen:

— Scolling vart slitsamt. Berre bortkasta tid, seier kompis Axel Øksby, som meiner det burde vere bøter for å forureine hovuda til folk.

Psykologspesialisten viser til forsking om at høg digital aktivitet kan føre til auka psykiske plager.

— Det er vanskeleg å vise at tidsbruken i seg sjølv er negativ for den psykiske helsa vår, men vi veit at risikoen aukar dess meir tid vi bruker digitalt. Ikkje minst bevegar vi oss mindre og har færre fysiske møte, noko som er viktig for å førebyggje fysisk sjukdom og einsemd.

Ein av gutane, Filip Otieno Korstvedt, drog nyleg på kino åleine. Opplevinga skildra han som heilt unik:

— Sjølv om ein sit der åleine, gjer atmosfæren i rommet at ein lever seg meir inn i filmen.

Et nærbilde av en analog filmrull

På Cinemateket i Oslo viser dei filmar i 16, 35 og 70 mm film. Her rullar «Kairos raude roser» på 35 mm film.

Foto: Elisabeth Farestvedt / NRK

Forskaren stadfestar at det er viktig med ein arena kor ein kan møte andre menneske og dele dei same inntrykka og opplevingane.

Venene kan garantere at dei vil dra tilbake på kino i næraste framtid.

Publisert 18.01.2026, kl. 08.17

Read Entire Article