– Det er veldig trist at ein heilt normal, glad og ung hund skal takast livet av.
Det seier Siri Martinsen, leiar i dyrevernsorganisasjonen Noah.
Dei har i lang tid, og fleire rundar i rettsapparatet, kjempa for at hunden Sam, som er av rasen cane corso, skal få leve.
Sam vart kravd avliva av politiet etter at han angreip fleire sauer som var på beite på Mysusæter i Gudbrandsdalen for snart to år sidan.
Hunden Sam (4) skal avlivast etter eit saueangrep sommaren 2023. Det var ein forbipasserande som oppdaga angrepet og tok dette biletet.
Foto: PrivatEin av sauene døydde av skadane, medan seks måtte nødslaktas.
Lagmannsretten meinte, i likskap med tingretten og politiet, at skadepotensialet hunden har vist er stort, og at å avlive hunden ikkje er eit uforholdsmessig tiltak.
Noah anka dommen frå lagmannsretten.
No har ankeutvalet i Høgsterett har forkasta anka.
- Les også saka om bonden som fant fleire av sauene sine med skader.
– Ein del av hundens natur
Det betyr at dommen frå lagmannsretten blir ståande. Sam skal bli avliva.
– Utvalet kan berre gje samtykke når anka gjeld spørsmål som har betydning utanfor den føreliggande saka, eller det av andre grunnar er særleg viktig å få saka avgjort i Høgsterett, står det i avgjersla frå ankeutvalet.
– Ankeutvalet finn einstemmig at det ikkje er tilstrekkeleg grunn til at saka blir fremma for Høgsterett, står det vidare.
Det meiner Martinsen er heilt feil. Ho meiner dette har alvorlege effektar utover den eine hunden.
– Det er mange hundar som kan risikere å jage sauer om dei ved eit uhell blir slept laus. Det er på ein måte ein del av hundens natur, og det er det vi har prøvd å få fram i denne saka.
Leiar i dyrevernorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, har kjempa for at Sam (4) skal få leve.
Foto: Noah– Avliving av hunden for noko som er heilt naturleg åtferd, og som har skjedd av eit menneskeskapt uhell, det er heilt feil, meiner ho.
Den tidlegare hundeeigaren har tidlegare forklart at Sam kom seg laus fordi ytterdøra ved ein tabbe ikkje var heilt lukka.
- I snart to år har Sam vore i varetekt i kennel. Det har kosta dyrevernsorganisasjonen mykje.
Ny hundelov
Eit halvt år før Sam angreip sauene, trådde den nye hundelova i kraft.
I den nye lova står det mellom anna at «dersom det vert rekna som praktisk mogleg og forsvarleg, skal politiet søke å omplassere ein hund framfor å avlive han.»
– Folk kan gleppe eit band, ei dør kan opnast. No blir jo folk livredde for at hunden deira skal takast livet av fordi dei jagar sauer. For det er noko hundar gjer. Det er som kattar jagar fuglar, seier Martinsen.
Trass to rundar i rettssystemet, og ei avvisning frå høgsterett, meiner ho avgjersla er feil.
Siri Martinsen i Noah reagerer også på at politiet ikkje gjennomførte ein mentalundersøking av Sam. Ho meiner ein slik test kunne vist om Sam er gjennomsnittleg eller ikkje. – Og om han er gjennomsnittleg, så skal det ikkje komme avlivingsvedtak.
Foto: PrivatMartinsen meiner domstolen har konkludert i strid med Stortingets intensjon om den nye hundelova.
– No når Sam blir avliva, betyr det at alle hundar med jaktinstinkt kan få ein dødsdom om dei er uheldige og blir utsett for ein feil frå eigar som gjer at dei kjem seg lause.
Ho vil no ta saka til Stortinget og be om at lova blir endra slik at Stortinget sin intensjon ikkje kan bli forvrengt i retten.
Den nye hundelova trådde i kraft januar 2023. Her kan du lese kva slags krav som no blir stilt til hundeeigarar.
Ikkje forsvarleg med omplassering
Thorvald Tysvær hos Regjeringsadvokaten førte saka for Politidirektoratet i tingretten og lagmannsretten.
– Som både tingretten og lagmannsretten slo fast, er Politidirektoratets vedtak gyldig, seier Tysvær.
Tingretten konkluderte med at risikoen for nye angrep frå Sam var stor, og at same situasjon kan skje igjen, sjølv om hunden blir omplassert eller om det hadde blitt gjort andre sikringstiltak.
Angrepet var målretta, brutalt og med stor intensitet, meinte lagmannsretten. Seks av sauene måtte nødslaktas, medan ein døydde av skadane.
Foto: Geir Randby / NRKDifor meinte dei at omplassering ikkje er forsvarleg, og heller ikkje aktuelt, sto det i dommen frå i fjor haust.
Det same meinte lagmannsretten. Dei trakk mellom anna fram at angrepet verka målretta, brutalt og med stor intensitet.
I tillegg meinte dei at eit angrep hunden skal ha utført mot ein tilsett i kennelen er eit teikn på at hunden kan medføre fare i framtida. Den tilsette vart biten i ansiktet, ifølgje dommen.
– Når Høgsterett no har avgjort å ikkje sleppe inn anken, betyr det at dommen er rettskraftig, og hunden kan avlivast, seier Tysvær.
Sam har vore i varetekt i kennel sidan sommaren 2023. Innlandet politidistrikt opplyser til NRK at når vedtaket frå politidirektoratet er endeleg stadfesta, vil avlivinga bli gjennomført.
– Ingen seier for beitedyr
Martinsen understrekar at hundeangrep på sau er dramatisk, og skal ikkje skje.
– Om ein ikkje tyr til avliving, men tvert om tyr til store bøter og kraftige sanksjonar mot eigar, så får ein bevisstheit ut i samfunnet om at heilt normale, snille, flotte familiehundar kan forårsake store skader på sau.
Den tidlegare eigaren til Sam fekk ei bot på 9000 kroner, og krav om å betale 71 229 kroner i erstatning til bonden etter angrepet.
Leiar i dyrevernorganisasjonen Noah, Siri Martinsen, meiner hundeangrep på sau er dramatisk, men at det finst andre betre tiltak for å unngå angrep enn avliving.
Foto: INGEBORG UNDHEIM / NRK– Om ein får den bevisstheita inn og rettar sanksjonar mot eigar, så vil ein få færre angrep på sau, meiner ho.
At Sam no blir avliva, betyr ikkje færre angrep på sau, trur ho.
– Dette er ingen seier for beitedyr. Absolutt ikkje. Det er berre feilslått strategi.
Publisert 23.05.2025, kl. 09.43 Oppdatert 23.05.2025, kl. 09.44