Naudhjelpssentera til Gaza Humanitarian Foundation (GHF) vert stengt onsdag. Det skriv stiftinga i ei oppdatering på Facebook.
– I morgon vil distribusjonssentralane vera stengte for oppussing, organisering og effektivisering. På grunn av dei pågåande oppgraderingane er det strengt forbode å gå inn i områda, skriv dei tysdag kveld.
Måndag kveld åtvara det israelske militæret (IDF) palestinarar mot å bevega seg i områda rundt desse sentralane onsdag.
Årsaka er at dei reknar desse områda som kampområde, opplyser ein talsperson for IDF til nyheitsbyrået Reuters.
27 drepne
Tysdag morgon var mange palestinarar samla ved plassen i Khan Younis der det skulle delast ut naudhjelp.
Knappe 500 meter unna vart det losna skot, skriv Times of Israel. Ifølgje BBC vart det skote frå stridsvogner, dronar og helikopter.
27 personar er drepne, opplyser Den internasjonale Raude Kross-komiteen. Over skal vere 90 såra, ifølgje det palestinske sivilforsvaret i Gaza.
FN har skulda IDF for å ha skote og drepe fleire palestinarar i matkø eller i nærleiken av naudhjelpssenter dei siste dagane.
– Åtak retta mot sivile er eit alvorleg brot på folkeretten og er ei krigsbrotsverk.
Det seier Volker Türk, FNs høgkommissær for menneskerettar. Dei krev en gransking av hendinga.
Israel hevdar at dei meinte å fyra av varselskot mot personar som oppførte seg truande i nærleiken av naudhjelpssentera.
Dei seier dei vil etterforska hendinga.
Omstridt stifting
Sentera vert drifta av Gaza Humanitarian Foundation. Stiftinga vert støtta av både Israel og USA, men korkje FN eller andre hjelpeorganisasjonar vil samarbeida med dei.
Dei viser til at det nye systemet ikkje vil dekka behova til dei over 2 millionane palestinarane i Gaza.
Dei starta drifta i slutten av mai. Dei fyrste dagane med drift var prega av desperasjon blant palestinarar og innbrot i matlager.
Stiftinga består av amerikanske leigesoldatar, eksmilitære og hjelpearbeidarar.
Naudhjelp for heile Gazastripen blir no delt ut ved fire sentre, som palestinarane må oppsøke. Desse ligg i område som israelske bakkestyrkar kontrollerer.
Den palestinske befolkninga er desperate etter mat etter nesten tre månader med israelsk blokade av naudhjelp. Folket i Gaza er på randa av hungersnød.
Publisert 03.06.2025, kl. 23.51 Oppdatert 03.06.2025, kl. 23.54