Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Norske institusjonar tilbyr oftast ein prest som samtalepartnar. – Dette er systematisk forskjellsbehandling, meiner professor.
Anne Hege Grung ønskjer ikkje å kritisere dei mange spesialprestane som jobbar med åndeleg og eksistensiell omsorg i norske helseføretak, forsvar, høgare utdanning og kriminalomsorg.
– Spesialprestane gjer så godt dei kan for å inkludere alle grupper.
Ho rettar kritikken mot institusjonane:
– Vi ser ei systematisk forskjellsbehandling av trus- og livssynssamfunn, spesielt i helseføretak og kriminalomsorg, der kyrkja blir prioritert. Dette er alvorleg, seier Grung.
Hun er professor i interreligiøse studiar ved Universitetet i Oslo og redaktør for boka «Complexities of Spiritual Care in Plural Societies».
Politisk vilje til endring
Generalsekretær Birte Nordahl i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) er samd.
– Heldigvis er feltet i endring. Vi er i ferd med å flytte oss vekk frå ein situasjon der Den norske kyrkja har hatt monopol på slike tenester til ein situasjon der mangfaldet skal speglast i større grad, seier Nordahl.
Seinast denne våren har ho sett ein brei politisk vilje til endring.
– Nesten samtlege politiske parti går i partiprogramma sine til val på ei meir mangfaldig livssynsbetening i offentlege institusjonar. For STL er det gledeleg at vi ser endringar, sjølv om det er langt igjen.

Samtaletilbodet har blitt litt betre siste åra, men det er framleis langt igjen, ifølgje Anne Hege Grung. (Foto: TF-UiO)
Forskjellar institusjonane imellom
To eksempel på tilbod som har blitt utvida dei siste åra, er Livssynsåpent samtalesenter ved Universitetet i Oslo og Forsvaret sitt trus- og livssynskorps.
Men ved mange sjukehus og i kriminalomsorga er tilbodet framleis lite mangfoldig, ifølgje Anne Hege Grung.
Eitt av fleire spørsmål er kven som skal finansiere ei utviding.
– I kriminalomsorga er det for eksempel Den norske kyrkja som har dekka prestelønninga. Tanken er at kyrkja sitt tilbod skal vere tilgjengeleg også for folk i fengsel. Men dette slår uheldig ut overfor minoritetar, der trussamfunna kanskje ikkje har økonomi til å betale for slike tenester, seier Grung.
Veit lite om kven som oppsøker prestar
Spesialprestar som fengselsprestar og sjukehusprestar skal vere rusta til å ta imot folk frå alle samfunnsgrupper og trusretningar.
Ein nederlandsk studie publisert i tidsskriftet «Pastoral Psychology» i 2021, tyda også på at folk kan få god hjelp, uavhengig av om dei deler trusretning med den som skal hjelpe.
Vel 200 klientar og nær 50 hjelparar vart intervjua.
– I denne studien sa folk at dei fekk like god hjelp uansett. Dette kan tyde på at trusretning ikkje betyr så mykje, så lenge hjelparen er skolert i å handtere åndelege og eksistensielle samtalar, seier Grung.
Det studien derimot ikkje sa noko om, var kor vidt alle ønskjer å oppsøke ein samtalepartnar som høyrer til ei anna trusretning.
– Her kan det vere store forskjellar mellom folk, men dette manglar vi kunnskap om. Vi treng også meir forsking på kva åndeleg og eksistensiell omsorg kan bety for dei som søkjer det, og kva behov som finst.
Felles referansar kan bety noko

– Alle har rett til å få utøve livssynet sitt, også i fengsel, på sjukehus og andre stader der ein ikkje har normal tilgang på livssynssamfunnet, seier Birte Nordahl. (Foto: STL / Kai Westergaard)
Dei nederlandske forskarane peika også på at det å ikkje dele kulturelle og religiøse oppfatningar med samtalepartnaren, kan føre til at religiøse ritual og felles religiøse forteljingar ikkje blir delte.
Det kan dessutan bety noko for kva tema du tar opp. Ifølgje ein studie av muslimske pasientar i USA, spør ikkje pasientar etter noko dei trur dei ikkje kan få.
– Ønskjer du for eksempel å snakke om kva som skjer etter døden, kan ei felles referanseramme vere viktig. Er du buddhist eller hindu, har du sannsynlegvis heilt andre førestillingar om livet etter døden enn ein kristen prest har, seier Grung.
– Viktig for demokratiet å utvide tenestene
Omgrepet «chaplaincy» blir brukt, både i Noreg og engelskspråklege land, om tilsette som tilbyr religions- og livssynstenester ved offentlege institusjonar.
Sjølv om ordet «chaplain» er det engelske ordet for kapellan, blir det brukt om personar frå alle trus- og livssynssamfunn.
Grung meiner at slike tenester er viktige for demokratiet.
– Alle skal ha rett på god åndeleg og eksistensiell omsorg, anten dei er pasientar, i kriminalomsorg, i forsvaret eller i studiar. Vi må gje rom for mange ulike forteljingar, verdiar og tradisjonar. Det er ikkje éin rett måte å gje trøyst på, og det er mange måtar å forstå liv og død på. Det må vi ta høgde for, seier ho.
– Tilbodet må bli like godt for alle grupper
Imamen og forskaren Naveed Baig fullførte nyleg ei doktoravhandling om muslimske pasientar ved danske sjukehus. Han undersøkte kva sosiale, kulturelle og religiøse ressursar dei nytta for å handtere alvorleg sjukdom.
Ein av Baigs hovudbodskapar i kjølvatnet av avhandlinga var at det, ved ei utviding av tenestetilbodet på sjukehus, er viktig at minoritetane får eit like godt tilbod som majoriteten.
– I motsett fall vil minoritetsgrupper sitje att med ei kjensle av at dei er mindre viktige. Det er ikkje i tråd med demokratiske verdiar, seier Grung.
Ho meiner at heile det norske velferdssystemet treng auka kompetanse om kva tru og livssyn betyr for folk. Også kompetansen hos dei som jobbar som chaplains, må aukast, ifølgje professoren.
– Alle chaplains, inkludert dei som representerer Den norske kyrkja, må ha kunnskap om andre trus- og livssynsretningar enn den dei sjølve representerer.
Referanser:
Anne Hege Grung (red.): Complexities of Spiritual Care in Plural Societies. Bok med åpen tilgang. De Gruyter Brill, 2023.
A.I. Liefbroer mfl.: Does Faith Concordance Matter? A Comparison of Clients’ Perceptions in Same Versus Interfaith Spiritual Care Encounters with Chaplains in Hospitals. Pastoral Psychology, 2021. Doi.org/10.1007/s11089-021-00947-4
Wahiba Abu-Ras og Lance Laird: How Muslim and non-Muslim chaplains serve Muslim patients? Does the interfaith chaplaincy model have room for Muslims' experiences? J Relig Health, 2011. (Sammendrag) Doi: 10.1007/s10943-010-9357-4.
Naveed Baig: The cure is in the pain – experiences of hospitalized Muslim patients during the COVID-19 Pandemic. Doktorgradsavhandling, Universitetet i Oslo, 2024.
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER