Når havisen forsvinn, blir det mindre torsk. Forskarane veit rett og slett ikkje kvifor

10 hours ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Klimaendringane vil føra til at det vert meir lodde i nord. (Foto: Colourbox)

Lodde og polartorsk er viktige byttedyr for skreien. Ny forsking kastar lys over kven som vert vinnarar og taparar når klimaendringane endrar levekåra deira.

Polartorsken lever langs iskanten i Arktis. Han har eit par ting til felles med lodde: Begge et hoppekreps, og begge vert jakta på av skrei høgare oppe. 

Dermed fraktar dei energi frå botnnivåa høgare opp i vatnet og høgare opp i næringskjeda.

– Dei fyrste åra er polartorsken svært sårbar og skjuler seg for jegerar under havisen. Dermed vert han nøydd til å flytta seg nordover i takt med at havisen blir borte. Det skjer som fylgje av dei pågåande klimaendringane.

Det fortel forskar Joël Durant ved Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis, CEES på Universitetet i Oslo.

Det kan vera greitt å rydda opp i artane her: Polartorsk er ein eigen art i torskefamilien. Arten vi til dagleg kallar torsk, heiter meir nøyaktig atlanterhavstorsk. Der skil ein mellom kysttorsk og havtorsk, det som òg heiter skrei.

Overraska av nedgang for skreien

– Samstundes som polartorsken flyttar seg nordover, vert det meir plass for lodda. Sidan samspelet mellom desse tre er så viktig for næringstransporten i havet i nord, ynskte vi å finna ut korleis det vert påverka av at havisen minkar, seier Durant.

– Med utgangspunkt i 32 år lange tidsseriar har vi laga ein modell. Der har vi simulert utviklinga av bestandane ettersom iskanten stadig flyttar seg nordover.

Portrett forsker

– Det overraska oss at det vart mindre av skreien, seier Joël Durant. (Foto: UiO)

At det vert færre polartorsk når isdekket han er avhengig av vert mindre, er kanskje ikkje så overraskande. Heller ikkje at det blir meir lodde når ho får mindre konkurranse om matfatet.

Men det som overraska forskarane, var at det vart mindre av skreien òg. At han får færre polartorsk å jakta på, skulle ein tru vart kompensert for av at lodda aukar i tal.

Viktig kommersiell art

– Vi veit rett og slett ikkje kvifor. Dette må vi forska vidare på, seier Durant.

– Det vi veit, er at skreien flyttar seg nordover etter lodda og polartorsken. Det aukar avstanden til kysten, som er gyteområdet til torsken. 

Forskaren fortel at dei no arbeider med ein vitskapeleg artikkel som viser at gyteområda for skreien òg flyttar seg nordover.

– Men vi veit ikkje enno korleis dette spelar ei rolle i mekanismane som vil føra til nedgang i skreibestanden.

Skreien er som kjend ein viktig kommersiell art. Enkelte har kanskje begynt å frykta for juletorsk og lutefisk i komande år. Men Durant kan trøysta dei. I alle fall på kort sikt.

– Den norske torskebestanden er førebels robust nok til at det ikkje er nokon overhengande fare for ei krise som på slutten av 1980-talet, seier han.

Mange variablar i endring

– Men når det er sagt: Dei endringane som skjer no, fører med seg så mange ukjende variablar at det er vanskeleg å seia noko sikkert. Sjølv om dei tre artane vi har diskutert er viktige, er dei jo langt frå åleine i økosystemet. Vi veit lite om kva klimaendringane vil innebera for dei andre artane.

Durant understrekar behovet for djupare forståing på systemnivå.

– Med så mange variablar som er i endring, kan vi ikkje berre basera oss på observerte data fram til no. Samstundes er det viktig å ikkje gjera modellane meir kompliserte enn at det er praktisk gjennomførleg å ta dei i bruk.

Referanse: 

Joël Durant mfl.: Interaction between three key species in the sea ice-reduced Arctic Barents Sea systemProceedings of the Royal Society, 2024. Doi.org/10.1098/rspb.2024.1408

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article