– Eg fekk sjokk! Det er truleg den første intakte gullringen nokon har funne frå mellomalderen på Sørlandet.
Det seier Jan-Andre Fredriksen frå Kristiansand.
I godt over 25 år har sørlendingen hatt som hobby å leite etter historiske gjenstandar.
– I mellomalderen var gull øyremerkt dei svært velståande, seier Jan-Andre Fredriksen, som fann ringen på dette jordet.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKMen før helga gjorde han eit funn heilt utanom det vanlege på ein åker på Ve i Tveit.
– Eg trudde først det var ein kork eller eit sjokoladepapir. Eg skalv då eg såg han og det gjekk opp for meg kva dette var.
Det er ein stor raud stein på ringen som er i gull.
Leitar med metalldetektor
Fredriksen har funne over 1000 historiske gjenstandar takka vere metalldetektoren, eit vakent blikk og ei enorm historisk interesse.
Sjeldan har funnet vore så spesielt som denne gongen.
– Eg gjekk ut på åkeren rett etter at det var pløgd. Sjansen for å finne noko aukar når det har vore ruska opp i jorda.
Plutseleg reagerte metalldetektoren.
– Ringen låg kanskje ti centimeter nede i bakken.
Ekspertane seier at ringen er ekte og at det er unikt at den er uskadd og intakt.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKSvært sjeldan funn
– Dette funnet er unikt. Gullringar er det mest sjeldne vi finn. Som regel er dei av rimelegare materiale som sølv eller bronse, seier Alf Hammervold.
Han er ein av dei fremste ekspertane i landet på området og har ei magistergrad i kunsthistorie med avhandling på fingerringar frå mellomalderen i Noreg.
Han anslår at ringen er frå 1200-talet, kanskje tidleg 1300-talet.
– Denne ringen er også veldig spesiell sidan den har ein djup raud edelstein, truleg ein almandin-granat.
Det er usikkert kor mange slike ringer det finst i dag, men Hammervold anslår rundt 20. – Vi veit ikkje. Kanskje rundt 20 ringar frå mellomalderen. Ringen har ein raud edelstein, truleg ein almandingrad.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKMange av ringane Hammervold har studert på Historisk museum i Oslo har gjerne vore utan stein.
– Den har enten vore mista eller plukka ut og kanskje brukt som amulett eller pulverisert og blanda i medisinar.
Staten eig
Gjenstandar frå før 1537 funne i jorda er eigedommen til staten, ifølge kulturminnelova.
Ringen som vart funnen på Ve kjem til å hamne på museum etter kvart.
Det er ikkje kjent kor mykje den er verdt. Heller ikkje om det vankar finnarløn til Fredriksen.
Kan stamme frå ei grav
Fredriksen seier at finnarløn ikkje er motivasjonen, men hans bidrag til å ta vare på historia.
– Gull var berre for dei velståande i mellomalderen. Difor trur eg ringen har tilhøyrt ein prest eller ein annan person frå det øvste samfunnslaget.
Historia vil ha det til at det har vore ei kyrkje på Ve i mellomalderen.
Området er kjent som kapelljordet. Truleg har det også vore ein kyrkjegard der.
– Mykje tyder på at ringen har lege i ro nede i bakken i alle desse åra, før han no vart ruska opp.
Arkeolog Joakim Wintervoll i Agder fylkeskommune studerer ringen saman Jan-Andre Fredriksen.
Foto: Kjetil Samuelsen / NRKEnn så lenge blir ringen passa på hos arkeolog Joakim Wintervoll i Agder fylkeskommune.
Han deler Fredriksen si hypotese om at ringen stammar frå ei grav, samtidig synest han det er litt underleg.
– På den tida skulle ein ikkje gravleggast med slike ting. Men ringen si historie får vi nok aldri vite.
Publisert 28.04.2026, kl. 15.05 Oppdatert 28.04.2026, kl. 15.54
















English (US)