To år etter at Grindavík vart evakuert, er livet framleis ikkje tilbake til normalen.
Ei krise vart til ei ny byrjing for Kristján Þór Ásmundsson.
Islendingen er éin av om lag 3700 personar som fekk livet snudd på hovudet 10. november 2023.
På kort varsel måtte dei forlata heimane sine og nesten alle tinga sine i heimbygda Grindavík, på grunn av fare for vulkanutbrot.
Det var ei enorm påkjenning for eit samfunn som allereie hadde levd med øydeleggande naturkrefter i lang tid.
Biletet er tatt 21. desember 2023. Då hadde ikkje Kristján vore heime i Grindavík på halvannan månad.
Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRKMen to år etter vel Kristján å fokusera på det positive.
For midt i det som var ei krise for både han, familien og resten av Grindavík, fekk han oppleva kor hjelpsame folk kan vera.
Me må tilbake to år i tid for å verkeleg forstå kor dramatisk situasjonen var.
Magmatunnel under bygda
Dei siste dagane og vekene hadde jordskjelva i området vorte stadig fleire og kraftigare.
10. november 2023 var det ekstra ille.
Totalt vart det registrert over 351 jordskjelv på eitt døgn – i gjennomsnitt 14 i timen.
Men det var ikkje noko behov for å evakuera bygda, meinte styresmaktene.
I løpet av få timar snudde situasjonen helt. Rundt klokka 23 bestemde styresmaktene seg for å evakuera Grindavík.
Seint på kvelden 10. november 2023 gjekk naudetatar og redningsmannskap frå dør til dør for å sørga for at alle kom seg ut av bygda.
Foto: RÚVDå viste målingar at store mengder magma var i ferd med å grava seg fram i ein tunnel rett under bygda.
Ekspertane frykta at magmaen kunne få bakken under byen til å sprekka opp. Ikkje minst kunne eit vulkanutbrot koma når som helst.
Men dagane og vekene gjekk utan at det kom.
Mange sterke jordskjelv førte til store øydeleggingar i Grindavík, både på vegar og hus.
Foto: Björn Steinbekk / APLikevel fekk ikkje grindvikingane flytta heim igjen; styresmaktene meinte det framleis var for farleg.
18. desember skjedde det dei hadde frykta. Ein 4 kilometer lang sprekk opna seg i jorda, rett nord for bygda.
Slik såg det ut då utbrotet starta:
Allereie 21. desember var utbrotet ferdig. Grindvikingane fekk reisa inn i byen igjen og henta tinga sine.
Men naturen gjorde at livet ikkje kunne gå tilbake til normalen for Kristján og dei andre innbyggarane heilt enno.
Ein vår for vulkanutbrot
For same dag som det fyrste utbrotet starta, kunne fagfolka sjå at eit nytt utbrot truleg var på veg. Det tok ikkje lang tid.
Allereie på morgonen 14. januar opna jorda seg igjen.
... og slik har det halde fram.
Totalt har det vore ni vulkanutbrot på Reykjaneshalvøya sidan desember 2023, det førebels siste i juli.
På halvøya ligg bygder som Grindavík – og ikkje minst hovudflyplassen på Island, Keflavík.
Grindavík har verkeleg fått merka kor nære dei ligg vulkanen. Her frå utbrotet som varte frå 16. mars til 8. mai 2025.
Foto: ICELANDIC DEPARTMENT OF CIVIL PR / AFP / NTBEit nytt utbrot er venta i løpet av hausten. Og det er heller ikkje sikkert at det vert det siste.
For ekspertane er ganske samstemde om at Reykjaneshalvøya er inne i ein periode med auka vulkansk aktivitet.
Ein slik periode kan vara opptil nokre hundre år. Førre gong halvøya opplevde noko slikt, var for 800 år sidan.
Eit nytt liv
Då NRK møtte Kristján i Grindavík i desember 2023, hadde han og familien bestemd seg for å flytta nordover i nokre månader.
– Eg vil berre starta eit normalt liv med familien min, sa han då.
Dei orka ikkje tanken på å flytta frå stad til stad medan dei venta på at Grindavík skulle verta trygt igjen.
To år seinare bur dei framleis nordpå. Nærare bestemt i Húsavík, der dei nærast har vorte overvelda av all hjelpa og velviljen dei har fått.
– Det har vore mykje meir enn forventa. Det er ikkje noko sjølvfølge å gjera så mykje for andre, seier Kristján.
Han hadde til dømes knapt byrja i ein ny jobb nordpå då familien fekk veta at grindvikingane fekk reisa inn i bygda igjen for å henta tinga sine.
Sjølvsagt ville dei gjera det. Problemet var berre at dei då var ein seks timars køyretur unna. Ikkje hadde dei flyttebil eller anna naudsynt utstyr heller.
Húsavík og Grindavík ligg på kvar sin kant av landet – men har begge vore gode heimar for Kristján Þór Ásmundsson.
– Han eg jobba for, skaffa ein stor hengar. Ein annan ringte faren sin og fekk lånt ein bil. Så spurde dei om eg trong hjelp, og tilbaud seg å køyra sørover med meg. Fire mann kom med meg, fortel Kristján.
Då han og familien lurte på kor dei skulle lagra tinga fram til dei overtok det nye huset sitt, fekk han klar beskjed frå kollegaene.
– Dei sa berre at eg ikkje skulle bekymra meg for det. Me henta tinga og gutta fiksa lagring. Det var heilt utruleg.
Kristján og familien har brukt tid på å gjera det nye huset i Húsavík til sitt eige.
Foto: Kristján Þór ÁsmundssonBygda utan tilbod
I dag er det meir aktivitet i Grindavík enn det har vore på lenge.
Det trass i at det ikkje er opne skular, butikkar eller helsetilbod der.
Grunnskulen i Grindavík er framleis heilt tom.
Foto: Marco di Marco / AP / NTBLikevel er det stadig fleire som jobbar i Grindavík i kvardagen, ifølge ei undersøking frå kommunen. I tillegg har rundt 400–450 personar flytta tilbake, viser oppteljingar politiet har gjort.
Fleire har òg sagt seg positive til å flytta tilbake.
Men det gjeld ikkje alle.
Ei undersøking frå i haust viser at om lag ein tredjedel av innbyggarane ikkje ser for seg å flytta tilbake nokosinne, seier borgarmeister Fannar Jónasson til NRK.
Kvar minste del av Grindavík har vorte kartlagd. Enkelte område er framleis sperra av på grunn av fersk lava eller store sprekkar i jorda, men alle opne område er rekna som trygge, seier borgarmeisteren.
Foto: Marco di Marco / AP / NTB– Me har ikkje kome heilt dit at folk byrjar å flytta tilbake. Fleire ventar litt på at dette skal gje seg. Når det skjer, har me trua på at fleire kjem tilbake, seier han.
Sjølv har han ikkje flytta tilbake igjen – enno.
– Eg vil gjerne avslutta tida mi som borgarmeister med å flytta tilbake dei siste månadane, seier Jónasson, som har bestemd seg for å ikkje stilla til attval til våren på grunn av alderen.
Eit endra samfunn
Sjølv om vulkanutbrota ein gong gir seg og folk flytter tilbake, vil det vera til eit annleis samfunn.
I byrjinga av 2024 offentleggjorde den islandske staten nemleg at dei ville kjøpa eigedomane frå dei som ikkje ville tilbake. Prislappen var på om lag 5 milliardar kroner, skriv RÚV.
Til sjuande og sist kjøpte staten rundt 90 prosent av eigedomane.
Huset til Kristján og familien var eitt av dei. Pengane kunne dei bruka på å kjøpa eit nytt hus nordpå.
Tre hus vart totaløydelagde av lava i utbrotet som starta 14. januar 2024. Det var fyrste gong sidan 1973 at eit utbrot hadde øydelagd ein busetnad på Island.
Foto: Marco di Marco / AP / NTBHan har framleis noko kontakt med vener og kjende frå Grindavík. Fleire har flytta til nærliggande stader på Reykjaneshalvøya.
– Det er ein del som flytter tilbake, men mi oppfatning er at dei fleste ikkje har tenkt til det, seier Kristján.
Han erkjenner at han framleis kan sakna Grindavík, kanskje spesielt på grunn av måten dei måtte forlata på.
Likevel vil han ikkje tilbake, iallfall ikkje no. For familien hans har funne eit nytt og godt liv i Húsavík.
– Når dette fyrst skulle skje, kunne det ikkje gått betre, oppsummerer han.
Er du interessert i utanriksstoff? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen:
Publisert 10.11.2025, kl. 21.17

















English (US)