«Mykje gammalt snadder»: Sjå når du MÅ kaste maten i frysaren

1 hour ago 1


Kva i all verda kan dette vere? Kor lenge har eigentleg desse blåbæra lege i den arktiske sona i heimen?

Oi, langt der nede, under biffen ligg jammen nokre makrell eg fiska i fjor sommar.

Kjenner du deg igjen? Å ha hovudet halvvegs ned i frysaren kan kjennast som å tre inn i ein tidskapsel.

Heime hos Bård Ahlgren i Skien opnar vi den historiske kvelven. Men kor lenge held matvarene eigentleg?

– Her har vi pølser, mykje pølser. Nokre tomatar frå hagen, litt jalapenos. Her fann eg også ei biffgryte frå 2024, ler han.

Han grev enda djupare ned i den 200 liters iskalde skattekista.

– Her ligg det nokre suppebollar frå 2014, dei må vi teste, seier han svolten.

En mann som står bøyd over fryseren full av matvarer

Bård Ahlgren fann blant anna suppebollar frå 2014 liggande i frysaren.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Et du gammal mat frå frysaren?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Perfekt tid om vinteren

Det kan vere lurt å vite kor lenge ulike matvarer kan halde seg i frysaren, og få eit system, slik at du alltid veit kva du har.

– Eg trur ikkje eg har vore i botnen av denne frysaren sidan vi flytta inn, seier Ahlgren mens han lastar ut to store posar med lam, litt kyllingfilet og ein indrefilet.

Matvarer ute i hvit snø på bakken.

Dette er berre nokre av matvarene i Bård Ahlgrens frysar.

Foto: Privat

Han innrømmer at han ikkje har oversikt over kva som eigentleg er der, eller om det kan etast.

– Det blir litt sånn at vi kjøper mat til halv pris, og så sleng vi det berre opp i frysaren.

Bekymringa er ofte kva vi skal gjere med matvarene mens tininga av rimet i frysaren går føre seg.

Det kan ta litt tid, og vi er ofte bekymra for at varene vil bli dårlege før dei er tilbake i frysaren.

Vinteren er derfor ei perfekt tid for avriming. Da kan du legge matvarene ut i kulda, og du slepp å bekymre deg.

Heime hos Bård Ahlgren i Skien opnar vi den historiske kvelven.

Magert framfor feitt

Haldbarheit kjem heilt an på kva slags mat det er snakk om, fortel seniorrådgivar Randi Edvardsen i Seksjon biologisk mattryggleik i Mattilsynet.

Randi Edvardsen

Randi Edvardsen er seniorrådgivar i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

– Mager mat held seg lenger enn feit mat. Og så handlar det også om kor fersk maten var da du fraus han ned. Var den veldig fersk blir han konservert, og han held lenger i frysaren.

Ho peikar også på at kva slags temperatur du har i frysaren har mykje å seie.

– Helst bør temperaturen ligge på minus 18 eller lågare. Da held maten seg lengst, seier ho.

For å finne ut om maten du har tint opp frå frysaren er etande kan du bruke «sjå, lukt, smak»-regelen.

– Du kan kjenne det på lukta når du begynner å lage maten. Om maten er veldig gammal ville eg vore kritisk, seier Edvardsen.

Ikkje noko usmak

På kjøkkenet heime hos Bård Ahlgren smyg den innbydande lukta av varm suppe seg inn i nasen.

Suppebollane frå 2014 som han plukka opp frå botnen av frysaren ligg og godgjer seg i den varme krafta.

Han puttar ei skei med suppe i munnen, og tygg på bollane som har hatt ein heim i frysaren hans i 12 år.

Han smattar, og lèt suppa gli ned i halsen.

– Eg synest det var godt eg. Det var ikkje noko usmak på dette, smiler han.

For ordens skyld har vi også spurt Evensen i Mattilsynet om kva ho synest om å ete kjøttbollar frå 2014.

Kort fortald svarer ho at ho ville vore skeptisk til å ete eit produkt som kjøttbollar, fordi dei ofte inneheld mykje meir feitt enn reint kjøtt.

– Tilrår forbrukar å bruke sansane godt, med ei litt kritisk haldning, og samtidig tenkje over om frysreren har stabil låg temperatur. Ofte gir lange opphald i frysar meir ei degradering av kvalitet enn at maten blir utrygg.

Publisert 21.01.2026, kl. 10.43 Oppdatert 21.01.2026, kl. 10.47

Read Entire Article