– Det er fullstendig kaos, seier Bernt Jo Vole.
Han driv Valdresflye Café, men langfredag er han meir opptatt med å dirigere trafikken og turistane på fylkesveg 51 over Valdresflye, enn å servere vaflar.
– Det er ikkje mi oppgåve å stå her og dirigere. Eg gjer det på frivillig basis fordi trafikken skal flyte, seier Vole.
Fredag formiddag har mange nok ein gong lagt turen til Valdresflye.
Måndag førte parkeringskaos langs vegen til full stopp i trafikken på den populære fjellovergangen.
Bilar parkerte på begge sider av den smale vegen, og nokre hadde også parkert bilane sine i køyrebanen.
Det var trongt om plassen på Valdresflye måndag. På eit punkt stoppa trafikken heilt opp.
FOTO: Arne Fosland/NRKFryktar reprise
Vole meiner langfredag ser ut til å bli ei reprise av parkeringskaoset dei opplevde måndag.
– Det ser ut til å bli den verste dagen i dag, seier han.
Fredag er Bernt Jo Vole på Valdresflye Café opptatt med å dirigere trafikken over Valdresflye. Så langt ligg det an til å bli den verste dagen trafikkmessig, meiner han.
Foto: Stine Bækkelien / NRKNår det gjeld trafikken, understrekar Vole. For utan om det, kan det bli den finaste dagen til fjells.
For med litt nysnø, strålande sol og 20 kilometer nypreppa løyper kan Valdresflye garantere påskestemning fredag.
– Det er kolossalt her. Heilt rå dag. Den råaste dagen vi har hatt her så langt i påska, seier Vole.
- Les også om Stig som køyrer nesten tomme bussar opp att og fram på Valdresflye:
– Vis omsyn
Politiet i Innlandet har fått inn fleire meldingar om at det er mykje folk og bilar på fjellovergangen mellom Øystre Slidre kommune og Vågå kommune langfredag
Ifølgje politiet og Statens vegvesen, skal trafikken flyte greitt over Valdresflye.
– Vis omsyn, bruk sunn fornuft og parker bilen slik at trafikken kan gå.
Det er oppfordringa frå Ove Stian Ovrum, operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt.
– Gå heller nokre ekstra meter om du må parkere litt lengre unna enn du hadde tenkt. Om du kan køyre kollektivt, er det å føretrekkje, seier Ovrum.
Politiet oppfordrar dei som kan til å køyre kollektivt for å unngå trafikkork på Valdresflye.
Foto: Statens vegvesenPolitiet har ei patrulje som er på veg til Valdresflye no.
– Dei skal opp dit og kikke, og eventuelt sette i verk tiltak om det trengst, seier Ovrum.
Publisert 18.04.2025, kl. 11.27 Oppdatert 18.04.2025, kl. 11.37