Møtet mellom USA og Iran er i gang

1 week ago 14


Samtalane i Oman er no i gang.

Enn så lenge har ingen av delegasjonane kome med nokon kommentarar til møtet, men lukka kjelder seier til Reuters at samtalane har tre mål:

  • Senke dei regionale spenningane
  • Fangeutveksling
  • Avgrensa einigheiter om sanksjonsletter i byte mot innsyn i Irans atomprogram

Dette er første møte mellom dei to landa sidan 2018, då Donald Trump oppheva atomavtalen JCPOA og gjenninførte sanksjonar som ramma landet hardt.

No vil han ha ein ny avtale. Trump har trua med å bombe Iran om dette ikkje kjem på plass.

Han har sendt si utsending til Midtausten, Steve Witkoff, til den omanske hovudstaden. Der møter han den iranske delegasjonen, leia av utanriksminister Abbas Araghchi.

Dei to landa har minimalt med tillit til kvarandre, og begge har understreka at dagens samtalar berre er eit møte, ikkje forhandlingar.

Fleire aviser med forsida opp, der vi ser bilete av Donald Trump, Steve Witkoff og Abbas Araghchi.

Avisoppslag i Teheran laurdag 12. april.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Laurdag føremiddag seier Iran at det er ein «god sjanse» for ei einigheit om USA sluttar å kome med «overdrivne krav og truslar».

Det skriv den statlege TV-kanalen IRNA.

Witkoff har på si side sagt at det er mogleg med eit kompromiss under dagens samtalar.

Irans atomprogram

Vesten, med USA i spissen, har gjennom ei årrekke frykta at Iran skal bruke atomprogrammet sitt til å utvikle atomvåpen.

Tidlegare president Barack Obama brukte 20 månadar på å få til ein atomavtale med Iran.

Avtalen blei til slutt inngått i 2015, og innebar innsyn i Irans atomprogram, i byte mot at sanksjonane mot prestestyret blei oppheva.

Trump trekte USA frå denne avtalen i 2018.

Men no vil han altså ha ein avtale. Han har trua med både sanksjonar, toll og bombing om Iran ikkje går med på dette.

Irans øvste leiar, Ayatolla Ali Khamenei, har tidlegare svart at dei ikkje vil forhandle med eit «mobbeland».

Publisert 12.04.2025, kl. 14.39 Oppdatert 12.04.2025, kl. 14.45

Read Entire Article