Mohammad Tariq Wasiri (28) vart drepen i Arna

4 days ago 10


Det har vore ei svært krevjande tid for den etterlatne kona, seier bistandsadvokat Cecilie Wallevik til NRK.

Mohammad Tariq Wasiri og kona kom til Noreg i 2021, etter Taliban tok over makta i Afghanistan.

På jakt etter eit betre liv busette dei seg i Arna i Bergen.

Søndagskvelden 8. februar vart 28-åringen drepen utanfor sin eigen heim. Kona kom unna utan alvorlege skader.

Gjennom sin bistandsadvokat fortel ho varmt om den avdøde ektemannen.

Etter tre dagar utan ein gjerningsperson, vart ein afghansk mann i 30-åra pågripen og sikta for drapet på Wasiri onsdag førre veke.

– Hjelpte alle rundt seg

Kona skildrar den avdøde ektemannen som eit godt menneske som brydde seg om andre.

– Han var ein svært snill mann som hjelpte alle rundt seg.

Ho fortel om ein velutdanna mann med god arbeidsmoral, som var flink i yrket sitt.

Wasiri var opptatt av å integrere seg i det norske samfunnet og ønskte eit nytt og tryggare liv i Bergen. Det fortel personar som stod han nær.

– Han har jobba hardt for å få eit godt liv i Noreg. Han hadde store planar og draumar, sa Hakim Naim til BA førre veke.

Naim er ein del av det afghanske miljøet i Bergen. Han omtaler Wasiri som ein klok, snill og roleg person som på kort tid lærte norsk og var i gang med både utdanning og jobb.

Nabo av drapsoffer i Arna

Berekt Yeibyo fortel om eit godt naboskap med Wasiri.

Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

Berekt Yeibyo, ein av naboane til avdøde Wasiri, er skaka over det som har skjedd. Då han kom heim seint søndag kveld vart han møtt av store politistyrkar.

– Eg kan ikkje tru at dette har skjedd. Han var ein hyggeleg nabo som eg ofte helste på, sa Yeibyo førre veke.

Var del av spesialstyrke i Afghanistan

Før Wasiri kom til Noreg i 2021, var han ein del av spesialstyrken CRU 222 i Afghanistan. Det opplyser fleire av dei som kjende han.

Styrken jobba med å nedkjempe terror i Afghanistan og samarbeida med norske spesialstyrkar.

Då Taliban tok over makta vart 116 medlemmar av CRU 222 evakuerte til Noreg, der forsvaret hjelpte dei med å starte eit nytt liv.

Ein av dei var Wasiri.

En rød rose ligger på en grå betongkant med gress på toppen. I bakgrunnen er det en sperrebånd i sterke farger. En sølvfarget beholder er plassert på bakken nær rosen. Omgivelsene ser ut til å være en urbane område. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ei rose og eit lys på åstaden for å minnast avdøde Mohammad Tariq Wasiri.

Foto: ESKIL BYRKJELAND / NRK

Drapssikta kom til Noreg same år som Wasiri

Den afghanske mannen i 30-åra som er pågripen av politiet hadde først status som vitne i saka.

Onsdag førre veke vart han sikta for drap, etter at politiet fekk nye opplysingar i saka.

Den sikta kom også til Noreg i 2021.

Politiet arbeider framleis med å kartlegge relasjonen mellom dei to, og seier at historikken mellom dei er eit tema i etterforskinga.

Politiet ved det som trolig er boligen til mannen som er pågrepet og siktet for drap på en afghansk mann i 20-årene i Arna søndag 8. februar

Krimteknikarar har sperra av og ransaka den sikta sin bustad og garasje i bergensområdet.

Foto: NRK TIPSER

Torsdag kveld vart mannen varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll.

Han erkjenner ikkje straffskuld, seier forsvararen hans Einar Råen.

Publisert 16.02.2026, kl. 11.01 Oppdatert 16.02.2026, kl. 11.32

Read Entire Article