Mogleg lekkasje frå gasstank på Kokstad: – Sperrar veg og bybanetrase

4 days ago 15


Politiet har fått melding om ein mogleg lekkasje frå ein gasstank ved eit industribygg på Kokstad i Bergen.

Ein tilfeldig forbipasserande har høyrd lyd frå gass som fres ut av ein tank, opplyser Jan Børge Misje i Vest politidistrikt.

Politi og brannvesen jobbar saman med å avklare situasjonen.

– Det blir sett opp sperringar med ein tryggleiksavstand på om lag 100 meter, opplyser Misje.

Bybanetraseen ligg innanfor sonen, og bybanetrafikken blir difor stansa mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthamn. Det same gjeld vegtrafikken på Flyplassveien i området.

Brannvesenet er framme og tek målingar for å finne ut kva gass det er snakk om.

Read Entire Article