Mogleg droneobservasjonar ved Oslo lufthamn

18 hours ago 3


Like etter midnatt natt til måndag fekk Aust politidistrikt melding om observasjon av moglege dronar ved Gardermoen.

– I samband med innflyginga av eit fly blei det frå flykabinen observert det som blei oppfatta som moglege dronar, fortel operasjonsleiar Gisle Sveen i Aust politidistrikt til NRK.

Politiet sende ut mannskap til staden og har vore i kontakt med besetninga på flyet for å få meir informasjon rundt observasjonen.

Det skal ha blitt observert mellom tre og fem dronar i området.

– Status nå er at vi er på etterforskarstadiet for å kartlegge kva som har blitt observert, seier Sveen.

Han understrekar at observasjonen så langt er uverferisert og at det berre dreier seg om moglege visuelle observasjonar.

– Det er ikke meldt om nye mulige droneobservasjoner etter dette, legger Sveen til.

NRK har også fått fleire tips frå reisande som fekk beskjed om at flyet måtte sirkulere i luftrommet over Gardermoen på grunn av mogleg droneobservasjonar før innflyging.

Politiet opplyser ved 01:30 tida natt til måndag at det er normal drift ved Oslo lufthamn Gardermoen.

Avinor opplyser også til NRK at det er normal drift ved Oslo lufthamn.

Den siste tida har det vorte observert dronar fleire stader i Norge, mellom anna ved Gardermoen, Ørlandet flystasjon, Brønnøysund lufthamn og oljeplattforma Sleipner i Nordsjøen.

Publisert 06.10.2025, kl. 02.17 Oppdatert 06.10.2025, kl. 02.45

Read Entire Article