– Eg har ikkje sett vatnet slik sidan «Vesleofsen» i 1995.
Det seier Morten Kraabøl, ekspertrådgjevar i akvatisk økologi hos Multiconsult.
Sjå fleire bilete av den spesielle farga:
Han får støtte av Jan-Erik Thrane, seniorforskar i NIVA og leiar for overvakingsprogrammet for Mjøsa.
– Eg kan hugse at under tørkesommaren 2018 var det ganske blågrønt i elva og Mjøsa. Men eg trur det er enda meir i år.
- Her kan du sjå korleis vatnet såg ut i 2018:
Varmen har skulda
Men kvifor får vatnet denne blasse, blågrøne farga?
– Når breane i fjellet smeltar om sommaren blir det med bitte små bergpartiklar med i smeltevatnet. Når sola skin på dei, spreier dei lyset slik at ein berre ser denne blågrøne, blasse farga, fortel Thrane.
Jan-Erik Thrane har aldri sett Mjøsa så grøn, og kallar det eit ekstremt tilfelle.
Foto: NIVASjølv om vatnet ser grønt ut, kan Kraabøl fortelje at det ikkje er riktig.
– Om ein tek ein liters-flaske med slik grønt vatn og tar det med heim, så er ikkje vatnet grønt heime. Alt handlar om korleis sola speglar dei små berg-partiklane.
Morten Kraabøl er ferskvatn-biolog, og har følgt Lågen og Mjøsa i mange år.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKHan seier at på dei to sommarmånadene kvart år kan det bli førd fleire hundre tonn med berg-partiklar gjennom elva og ut i Mjøsa.
Blågrønalgar eller blågrønt vatn?
Lillehammer kommune har fått fleire meldingar om det grøne vatnet kan skuldast blågrønalgar.
Men det er altså brevatnet som er grunnen, og ifølgje Thrane skal det vere greitt å skilje.
– Blågrønalgar, eller cyanobakteriar, er meir klassisk grøn i farga og kan hope seg opp i bukter og viker, fortel Thrane.
Brevatn er dominerande
Det er ikkje berre varmen som har påverka farginga av Lågen. Vassføringa har og gjort sitt.
Her møtast brevatn frå Ottaelva med den vanlege vatnet i Lågen.
Foto: Jan-Erik Thrane / PrivatThrane har sett på vassføringa frå den austre delen av Jotunheimen som renn ned mot Otta og Sjoa.
Onsdag 23.juli kunne ein tydeleg sjå den spesielle farga på vatnet Gjende, her på tur over Besseggen.
Foto: Jan-Tore Wollan / privat– Det er rett og slett brevatn som har dominert i tilføringa til Mjøsa dei siste to vekene. Resten av nedbørsfelta er veldig tørre på grunn av varmen.
Og forvandlinga av elva har skjedd fort. På berre åtte dagar har vatnet i Mjøsa og Lågen skifta farge. Sveip for å sjå før og etter:
12.juli 2025
20.juli 2025
Publisert 25.07.2025, kl. 12.09 Oppdatert 25.07.2025, kl. 12.45