– Det her skjedde berre på grunn av at eg blei ikkje trudd og eg blei ikkje høyrd. Og det kosta veldig mykje. Det kosta eit heilt liv.
Det seier Seba Joukhah Dar som sit i sofaen heime i sokkelleilegheita i Bærum, saman med mannen Ahmad Dean.
Dei fortel om dagen dottera deira blei fødd.
Og dagen ho døydde.
– Det er det verste ein kan oppleve. Det er heilt forferdeleg, seier ho.
– Ein djupt tragisk sak
Bærum sjukehus skriv i et brev til Statsforvalteren at dei har gitt god helsehjelp i denne saka.
Dei ønsker ikkje å kommentere dei konkrete påstandane frå paret, før det har vore ei full gjennomgang av saka, og Statsforvalteren har konkludert.
Samstundes seier Trine Olsen, klinikkdirektør ved Bærum sjukehus, til NRK at sjukehuset har stor forståing for at familien ønsker å dele sin oppleving.
Ho seier også at sjukehuset ser svært alvorleg på hendinga.
– Dette er ein djupt tragisk sak som har gjort sterkt inntrykk på både familien og oss som helsepersonell. Våre tankar går til dei pårørande i denne vanskelege tida.
Eit normalt svangerskap
Barnet skulle etter planen komme til verda i midten av oktober i fjor. Seba Joukhah Dar hadde fått termindato 18. oktober 2024.
Svangerskapet hadde gått heilt fint for 22-åringen.
Men natt til fredag 4. oktober kjente ho smerter i magen og tenkte at fødselen nærma seg.
Klokka 8 om morgonen tok ho kontakt med sjukehuset.
Dei spurde om det var rørsle. Ho sa det var lite.
Fram og tilbake
- Klokka 11 kom dei inn til undersøking. Ultralyd og CTG viste, ifølge epikrisa paret har gitt NRK tilgang til, at alt såg fint ut. Ifølge eit poliklinisk notat var det 3–4 centimeter opning ved kontroll klokka 12. Legen sa, ifølge paret, at fødselen kunne skje det neste døgnet.
- Dei fekk beskjed om å dra heim til riene blei meir stabile.
- Klokka 14 ringde dei tilbake. Riene var sterkare, men det var mindre rørsle i magen, fortel paret.
- Da dei kom til sjukehuset, blei dei, ifølge paret, liggande i tre timar i eit kaldt rom.
– Seba skulle på do og eg trykte på nødknappen, slik at vi kunne få hjelp. Vi gjorde det fleire gonger, men ingen kom til oss, seier Ahmad Dean.
Etter ei tid fekk dei hjelp og får CTG -sjekk. Paret seier dei blei bedt om å dra heim fordi det kunne ta fleire dagar eller opp mot to veker før fødselen skulle skje.
I kontrast til det legen skal ha sagt tidlegare på dagen.
Seinare fekk dei vite at hjartefrekvensen til barnet hadde falle under CTG-sjekken, men paret seier dei ikkje blei opplyst om dette.
Fallet i hjartefrekvens, går fram også av epikrisa. Seinare viste undersøkinga normale forhold.
- Klokka 18 var dei heime igjen. Og oppdaga ei frisk bløding frå underlivet.
- På telefon sa sjukehuset, ifølge paret, at det kunne vere teikningsbløding, som er heilt normalt ved fødsel. Det går også fram av eit poliklinisk notat frå sjukehuset 14. oktober.
- Igjen blei dei bedne om å vente ein halvtime.
- Ein halv time seinare ringde dei igjen – fordi det var meir bløding. Sterke smerter gjorde det vanskeleg å kjenne om fosteret bevega seg.
- Enda ein halvtime seier Seba dei blir bedne om å vente.
– Eg ringde tilbake om ein halvtime, eller litt meir enn ein halvtime. Da gjekk eg til badet og da var alt, det var berre blod. Overalt, seier Seba Joukhah.
Paret fekk beskjed om å komme til sjukehuset med det same.
Maria blei fødd
Da dei ikkje fann pulsen til fosteret på CTG, kopla dei til ultralyd.
– Eg såg at hjartet slo veldig lite.
Seba klarer ikkje å halde tårene tilbake når ho gjenfortel det som skjedde. Det siste ho hugsar før ho blei lagd i narkose, var at ho bad legen redde barnet.
Rett etterpå blei Maria henta ut med hastekeisarsnitt på grunn av mistenkt morkakeløysing.
– Når morkaka løsner frå slimhinnen i livmora, så brytast forbindelsen mellom mor og barn. Det er gjennom den at barnet får også oksygen og næring. Det seier professor emeritus i allmennmedisin, Terje Johannessen.
Han uttalar seg på generelt grunnlag.
– Når morkaka løsner er det skjebnesvangert for barnet. Avhengig av kor mykje det løsner, vil det da haste veldig å få barnet ut, avsluttar han.
Kvart på ni blei Maria fødd. Barnet var livlaust, men legane lykkast med å få hjartet til å slå igjen. Deretter blei Maria overført til Ullevål sjukehus.
Men livet stod ikkje til å redde.
– Vi fekk beskjed om at ho ikkje ville overleve, seier Seba Joukah.
12 timar etter fødselen, var livet hennar over.
Etterspel
Både paret og Bærum sjukehus har meldt saka inn til Helsetilsynet, som har gitt Statsforvaltaren i oppgåve å undersøke saka.
Sjukehuset seier dei ser alvorleg på hendinga.
Seba Joukhah Dar og Ahmad Dean har måtte gravleggje sitt første barn. Og ønsker å fortelja si historie for at andre skal sleppe å oppleva noko liknande:
– Vi ønsker ikkje at ein annan familie skal oppleva det vi har opplevd, fordi det er det verste ein kan oppleve. Det er heilt forferdeleg.
Statsforvaltaren seier dei har funne grunnlag for vidare tilsynsmessig oppfølging med sjukehuset. Sjukehuset har gått igjennom og evaluert den helsehjelpa dei har gitt paret og sendt brev om det til Statsforvaltaren.
NRK har fått delvis innsyn i brevet. Der konkluderer sjukehuset med at de har gitt Seba god helsehjelp i forbindelse med fødselen:
– Vi meiner at helsehjelpa er gitt i tråd med god praksis. Vi skulle naturlegvis ønske at vi kunne forhindret det svært alvorlege og uheldige utfallet i saka.
Statsforvalteren har enno ikkje konkludert i saka.
Publisert 10.01.2025, kl. 20.20