Minst fem er meldt drepne etter russisk droneangrep mot Kyiv-regionen

4 hours ago 3


– Endå eit massivt angrep mot hovudstaden. Moglegvis fleire bølger med dronar frå fienden, skreiv leiaren for Kyiv sin militære administrasjon, Tymur Tkatsjenko, i ei utsegn.

– Hald dykk i bomberom medan faren held fram!

Minst fire personar er drepne etter at ei bustadblokk blei øydelagd Sjevtsjenkivskyj, seier innanriksdepartementet i ei utsegn.

En bygning i brann og brannvesen som prøver å slukke flammene

Måndag morgon jobbar brannmannskap med å sløkke eit bustadbygg i hovudstaden.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

I tillegg er ein person drepen i Bila Tserkva 80 kilometer sør for Kyiv, heiter det vidare. Dette skal vere ei kvinne i 60-åra.

Angrepa har ført til brannar i fleire bustadområde. Ein inngang til undergrunnen i Kyiv skal også vere øydelagd.

Innanriksdepartementet melder om 10 skadde i regionen, medan byadministrasjonen melder om 20.

redningspersonell bærer ut en død person fra et ødelagt bygg

Styresmaktene melder at minst fire personar har døydd i angrep mot ei bustadblokk i Kyiv.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

– Folk ligg framleis under bygningsrestane, skriv innanriksminister Ihor Klymenko i meldingsappen Telegram.

Russland har ikkje kommentert påstandane. Dei er heller ikkje stadfesta av uavhengige kjelder, men bilete frå Reuters viser ein stor eksplosjon i Kyiv.

Russland: Ukrainske droneangrep natt til måndag

Det russiske forsvarsdepartementet seier at luftvernet i Russland har øydelagt 16 ukrainske dronar natt til måndag.

13 av desse blei skotne ned over Rostov regionen, og resten over Astrakhan og Volgograd, heiter det vidare i utsegna.

Publisert 23.06.2025, kl. 06.26 Oppdatert 23.06.2025, kl. 06.31

Read Entire Article