Militær bistand-stans til Ukraina skaper reaksjonar i USA

2 hours ago 2


Ifølgje ein anonym kjelde i Det kvite hus, vil USA sikre at bistanden bidreg til ei løysing, ikkje forlenger konflikten.

Nyheitsbyrå som AFP og Bloomberg melder at avgjerda kjem etter det spente møte mellom Trump og Zelenskyj i Det kvite hus.

Planen skaper ein splid i amerikansk politikk.

Her fortel Ukraina-korrespondent Fredrik Tobre om reaksjonane i Ukraina.

Norske politikarar reagerer

Stansen i amerikansk militærbistand til Ukraina har skapt sterke reaksjonar i Noreg.

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein kallar det «nok ei handsrekking til Putin» og meiner det set Ukraina i ein svakare posisjon i eventuelle fredsforhandlingar.

Dag-Inge Ulstein

KrF-leiar Dag-Inge Ulstein.

Foto: William Jobling / NRK

– Dette er sjokkerande og opprørande, men dessverre ikkje overraskande. Trump vel diktatoren Putin og eit aggressivt og upåliteleg Russland framfor demokratiet og dei som kjempar for fridom i Ukraina, seier Venstre-leiar Guri Melby.

Melby meiner avgjerda er ei krise for Ukraina og dermed òg for Europa.

– Noreg må umiddelbart auke støtta kraftig, både økonomisk og med materiell.

Republikanske senatorar ueinige

Òg i USA har ikkje reaksjonane latt vente på seg.

Senator Markwayne Mullin, frå det republikanske parti og Trump-alliert meiner at den amerikanske støtta berre kan gå «så langt».

– Amerikanske skattebetalarar er lei av å finansiere denne krigen, og det finst ingen ende i sikte, seier han.

Sen. Markwayne Mullin ein mann

Senator Markwayne Mullin er einig i avgjerda om å stanse hjelpen til Ukraina.

Foto: Rod Lamkey / AP / NTB

Medan senator Susan Collins, som er òg er republikansk partifell til Trump kritiserer avgjerda.

– Dette er ei kritisk tid for Ukraina. Det er ukrainarane som ofrar blod, seier ho til CNN.

Senator Susan Collins

Senator Susan Collins er ikkje einig i avgjerda og meiner at dette er ei kritisk tid for Ukraina.

Foto: AP

Den tidlegare amerikanske ambassadøren til Ukraina, Steven Pifer, meiner avgjerda vil svekke USAs posisjon.

– Trump har mykje makt over Russland, men han brukar ho ikkje. Han har moglegheita til å presse Putin med sanksjonar og økonomiske tiltak, men i staden svekkjer han Ukraina, seier han ifølgje BBC.

Ekspert: – Konsekvensane kan bli lammande

Mark Cancian, seniorrådgivar ved Center for Strategic and International Studies, åtvarar om at Ukraina vil merke konsekvensane om nokre månader.

– Eg vil kalle dette lammande, seier Cancian til CNN.

Han meiner Ukraina på kort sikt vil klare seg med europeisk hjelp, men at frontlinjene etter kvart vil svekkast.

Trump og Zelenskyj

Foto: AFP

– Til slutt vil dei bryte saman, og Ukraina vil måtte godta ei katastrofal fredsløysing.

Cancian påpeiker også at USA har fleire typar bistand som kan bli stoppa, inkludert etterretning og opplæring av ukrainske soldatar.

– Det kan finnast ein veg ut av dette, men det vil vere svært audmjukande for Zelenskyj, seier han.

Publisert 04.03.2025, kl. 07.10 Oppdatert 04.03.2025, kl. 07.29

Read Entire Article