USAs nasjonale sikkerheitsrådgivar Mike Waltz seier han tar det fulle ansvaret etter chat-tabben som førte til at angrepsplanar mot Jemen lak ut.
Hendinga har fått det lite flatterande namnet «Signalgate».
The Atlantic sin sjefredaktør Jeffrey Goldberg blei ved ein feil lagt til i ein gruppechat på meldingstenesta Signal.
Der var han saman med fleire sikkerheitstoppar i Donald Trumps administrasjon.
Legg seg flat
– Eg tar på meg heile ansvaret. Eg sette opp gruppa, jobben min er å sørge for at alt er koordinert, seier Waltz til Fox News i sitt første intervju etter sikkerheitstabben.
Han understrekar at han ikkje kjenner Goldberg personleg.
Skjermdump frå The Atlantic.
Foto: Skjermbilde / The Atlantic / NRKGoldberg seier forsvarsminister Pete Hegseth informerte deltakarane i chatten om kommande angrep på Jemen.
Goldberg fekk blant anna vite dei nøyaktige måla som USA skulle angripe i Jemen.
Dessutan fekk dei vite kva våpen som skulle brukast, to og ein halv time før angrepa skjedde den 15. mars.
– Lært ei lekse
I eit intervju med NBC tysdag sa president Donald Trump at det har vist seg at det ikkje har skjedd noko alvorleg, og at han framleis hadde tillit til Waltz.
Han kallar hendinga ein «glipp» – «den einaste på to månader».
– Michael Waltz har lært ei lekse, og han er ein god mann, seier Trump.
Seinare på dagen sa Waltz at det går føre seg ei gransking av korleis Goldberg blei invitert inn i den hemmelege gruppa.
I alt 18 høgtståande medlemmer av Trump-administrasjonen deltok i gruppa.
– Uforsvarleg
Kjelder i Trump-leiren har det siste døgnet sagt at det no blir diskutert om Mike Waltz kan halde fram i stillinga.
– Det var uforsvarleg å ha den meldingstråden på Signal, og utan å sjekke kven som var i tråden.
Ein person tett på Det kvite hus er meir direkte i sin meining.
– Mike Waltz er ein idiot.
Publisert 26.03.2025, kl. 01.36 Oppdatert 26.03.2025, kl. 01.36